![](https://static.isu.pub/fe/default-story-images/news.jpg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
Dag F Gravem
Bæsjen som ikkje skulle ut
Eg trudde ryktet var avsanna og drive attende ein gong for alle. At eg skulle ha gjort bort mig og late meg lure av den kan hende falskaste av alle dei falske frendane i det svenske språket. At eg skulle ha omsett bärs, svensk slang for øl, til «bæsj» i ei Rockystripe.
Advertisement
Ein gong i tida var det ei som hadde lese Rocky i Dagbladet som hevda dette, og ho skreiv følgjande krasse e-postmelding til teikneserieredaktøren deira:
Jeg leste Rocky på Dagbladet.no i dag, og lurer nå på hvor dere egentlig rekruterer [sic] oversetterene [sic] deres. I stripen sier servitrisen «Vi er tomme for kaffe, så du får bæsj i stedet», noe som gjør stripen helt meningsløst. [sic] Jeg antar at hun i originalteksten sa «bäsj», noe en som oversetter fra svensk bør vite at betyr øl! Jeg reagerer ellers aldri på slike ting, men dette var så dumt at jeg bare måtte si i fra. [sic] Skift ut ordet, og så får stripen mening.
Mvh, Xxxx Xxxxxx
Martin Kellerman sin agent, Håkon Strand hjå StrandComics, sende eit høvisk svar attende, der han gjorde klart at sjølve poenget i stripa var at Rocky aksepterer den hårreisande sørvisen han kritiserer i tankane sine gjennom å godtaka avføring som erstatning for kaffi. Elles bør det nemnast at koppen serveringsdama kjem med i siste rute, ikkje i den villaste fantasi kan mistakast for eit ølkrus.
I noko meir uhøviske ordelag gav eg seinare att dette ordskiftet i Lost in Translation, den gamle spalta mi i Rocky-bladet, og trudde at denne misforståinga med dette var daud og gravlagd. Heilt til eg fekk ein e-post frå dei to redaktørane av denne utgåva av bøygen, med spørsmål om ryktet var sant. Kor utbreidd har eigentleg denne mistydinga vore? Ikkje kan vel ho som vart sur på Dagbladet ha greidd å spreie kokos-tolkinga si til andre? Eg grip no dette høvet til å streke under for ANDRE gong at denne stripa er RIKTIG OMSETT!! Stundom har eg som omsetjar gjort feil, MEN NOKO SÅ BANALT SOM DETTE VILLE EG ALDRI GJORT MEG SKULDIG I!!! Kor kjem slike rykte frå!?
Eg vonar at alle bøygens lesarar spreier dette, så ryktet vert kverka ein gong for alle.
Dette siste var (sjølv)ironisk meint.
Interpress Norge
Kr. 75 ,- Returveke 11