Gynekologen 1/21

Page 44

Norge Rundt

Norge Rundt Føde- og Gynavdeling Voss sjukehus Voss er fjellbygda mellom to fjordar. Vel ein times togtur fra Bergen, og med kort veg til Vikafjellet, Sognefjorden, Hardanger og Finse, ligg bygda mange forbind med ekstremsport og ­Smalahove, men der dei aller fleste driv med nokså vanlege kvardagsaktivitetar, og et meir pasta enn ­sauehovud. Men Voss er og staden der det vert arrangert Osafestival og musikarar og publikum kan risikera å få paraglidarar i hovudet om dei som kjem dalande ned fra Hanguren ikkje treff heilt med landinga, og istaden treff kulturhuset på veg mot planlagt landing i Prestegardsmoen. Og sentralt i bygda ligg Voss sjukehus med ei ortopedisk avdeling som er gode på brotskadar.

Marte Monrad-Hansen Lege i spesialisering

På det same sjukehuset finn ein føde- og gynekologisk avdeling, med ein engasjert og nokså fersk stab av gynekologar med lokal tilknyting, som alle har gått sitt spesialistløp med gruppe 1 tjeneste på Kvinneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus.

44

Medlemsblad for Norsk Gynekologisk Forening

Føde- og gynekologisk avdeling på Voss har vore gjennom ei reise dei siste 10-åra. I mange år var det gynekolog Bjørgo som aleine tok ansvar for alt legearbeid ved avdelinga. Frå 90-talet byrja i tillegg ein vikarstafett av danske gynekologar for å hjelpe til, men fyrst frå 2011 vart det fart i rekrutteringa, etter at ei LIS stilling vart oppretta. I 2021 tel me 5 (straks) ferdige spesialistar og 1 (for tida 2) LIS stilling. Det er eit nært samarbeid mellom gynekologisk avdeling ved Voss-­ sjukehus og KK Bergen. Ettersom alle overlegane ved avdelinga har jobba i fleire år ved Haukeland er Voss sjukehus på mange vis prega av sitt “modersjukehus”. På Voss brukes tang som instrument, og me får vidaretilvist pasientar frå KK til poliklinikk, ­operasjonar


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.