2 minute read

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

med å ta tak i», heitte det i planen.

Punktet om handel, tenestetilbod og sentrumsutvikling omfatta og fleire satsingar: nyetablering og/eller utviding av kjøpesenter, småskalaindustri og kulturbasert næring. I første omgang skulle det likevel vera «dei initiativa som allereie er teke med omsyn til nyetablering og utviding av kjøpesenter» som skulle følgjast opp.

Sogndal kommune hadde bede selskapet om å ta på seg arbeidet med å revidera kommunen sin næringsplan. Det ville styret for Sogn Næring AS ikkje. Grunngjevinga for dette var at næringsplanen ville ha tette grensesnitt mot andre kommunale planar og politiske avgjerder, og såleis måtte vera kommunen sitt ansvar. Selskapet kunne likevel «gå inn i arbeidet med næringsplanen som ein «aktiv bidragsytar og medspelar».

I følgje første styreleiar, Atle Stalheim, var styret svært medvitne om ikkje å legga seg opp i politikarane sitt arbeidsområde og ikkje meina noko om kontroversielle spørsmål, som til dømes parkeringsavgifter. I vedtaket om selskapet sin strategiplanen vart det såleis presisert at dette ikkje var ein kommunal næringsplan, men ein plan som også skulle ivareta interessene til dei andre aksjonærane i selskapet.

Sogn Næring fekk eit liknande dilemma då Sogndal kommune gjennomførte nytaksering av eigedomar for eigedomsskatt i 2016, noko som førte til stor skatteauke for mange næringsdrivande, og så stor folkeleg misnøye at heile takseringa måtte trekkast tilbake og gjennomførast på nytt. Sogn Næring engasjerte seg heller ikkje i denne saka, trass klare ynskje frå mange næringsdrivande. Dei heldt fast på den same lina som dei alltid hadde hatt om ikkje å engasjera seg i politisk kontroversielle saker. Det som gjerde det ekstra vanskeleg for selskapet no, var at styreleiaren Laura Kvamme også var varaordførar. Kvamme trekte av dette den konklusjonen at sentrale politikarar i maktposisjon ikkje burde ha rolla som styreleiar i selskapet.

Ved etableringa i 2007 var det vart raskt viktig å få avklaringar på ulike problemstillingar knytt til forholdet mellom Sogndal kommune og Sogn Næring. Ei slik sak kom opp på styremøtet i oktober 2007. Dei kommunalt valde styremedlemene ynskte ei avklaring av kva rolle dei skulle ha i styret sett i høve til rolla som kommunestyrerepresentantar og politikarar.

Styret kom fram til at dei skulle ha same funksjon som dei andre styremedlemene, og at formell kontakt mellom selskapet og kommunen skulle gå frå styreleiar og/eller dagleg leiar til ordførar og/eller rådmann. Styret ynskte også at det vart etablert fast kontakt, til dømes ved faste møte, mellom selskapet og kommunen. Slike møte kom i stand, og vart halde jamleg. Likevel var forholdet ikkje utan problem.

På styremøtet i Sogn Næring i februar 2008 vart dette teke opp som ymsesak. I det store og heile var informasjonsutvekslinga god, heitte det i referatet frå møtet, men:

«Likevel ser vi at i enkelte sentrale næringssaker tek interessentane direkte kontakt med ordførar og/eller rådmann og ber om at informasjonen som vert utveksla mellom dei vert halde fortruleg. Ordførar og styreleiar oppfattar dette slik at de ikkje kan informere verken styreleiar eller dagleg leiar i Sogn Næring om desse kontaktane, sjølv om informasjonen dei har fått grip direkte inn i saker eller oppgåver som næringsselskapet arbeider med. For Sogn Næring er dette ein situasjon som ikkje er haldbar, og dagleg leiar har formidla dette til både ordføraren og rådmannen. Vi kan risikere å øydeleggje både for interessentar, kommunen og Sogn Næring. Dagleg leiar har bedt ordførar og

This article is from: