1 minute read

Kommunikasjon

på den regionale dimensjonen i arbeidet enn ein hadde vore tidlegare. «Næringslivet kjenner ikkje kommunegrenser», heiter det i planen. «Å sjå heile regionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad vil vere viktig for vidare utvikling av næringslivet og for å utnytte det samla potensialet i regionen.»

Også «berekraft», i ei vid tyding, vart løfta fram: «Sogn Næring skal bidra til å forsterke regionen sine komparative fortrinn og skape framtidsretta arbeidsplassar som er sosialt, økonomisk og miljømessig berekraftige.»

Den nye planen la også større vekt på kommunikasjon enn tidlegare planar hadde gjort. Dei skulle «framsnakke næringslivet i Sogn, og vise dei gode historiane.» Dei skulle også syte føre at «næringslivet får relevant offentleg informasjon», t.d. om verkemiddelapparat og planprosessar. Sogn Næring hadde sjølvsagt alltid kommunisert med omverda, i form av eiga nettside, oppslag i lokalmedia, og – etter kvart med eigne nyheitsbrev og aktivitet på sosiale media som Facebook og Linkedin.

Den nye strategiplanen si vekt på kommunikasjon førde til at det i 2021 vart laga ein eigen kommunikasjonsplan for selskapet. Dei etablerte kommunikasjonskanalane skulle framleis vera dei primære, med særleg vekt på sosiale media. Kommunikasjonen skulle mellom anna brukast til å synleggjera selskapet og det dei arbeidde med, skapa dialog med omverda, arbeida med omdømmebygging og skapa engasjement kring næringsutvikling.

Planen slo også fast at det alltid skulle skrivast på nynorsk, ein skulle kommunisera ærleg og tydleg, bruka klart språk og gjera informasjonen så forståeleg som muleg.

Strategiplanen er følgd opp, og kommunikasjon er ein viktig del av arbeidet til selskapet. Inntrykket er at Sogn Næring no kommuniserer godt med omverda på moderne måtar.

This article is from: