13 minute read

Svak økonomi og ny driftsmodell

deltakinga i byregionprogrammet.

Eit anna konkret resultat var eit prosjekt knytt til som arbeidde med problemstillingar knytt til det å vera vertskap for offentlege arbeidsplassar. Sogn Næring engasjerte Oddvar Flæte og Jostein Fondenes til å arbeida med dette. Dei leverte rapport ved årsskiftet 2017/18, der dei på bakgrunn av kunnskapsinnhenting og analysar mellom anna kom med framlegg til mål og strategi for god vertskommunepolitikk. Sogn Næring ynskte straks å starta eit prosjekt for å arbeida vidare med dei framlegga rapporten kom med. Slik vart det likevel ikkje. Den nye kommunen trengde meir tid. Analysane i rapporten ligg likevel framleis til grunn for Sogndal kommune sin politikk på dette området.

Sogn Næring starta opp med ein aksjekapital på 1 million kroner, og ein eit årleg driftstilskot på den same summen, garantert i fire år. Dette gav ein stabil og føreseieleg driftssituasjon, sjølv om det ikkje gav mykje armslag til kjøp av tenester, eller konkrete støttetiltak. I 2007, i praksis med drift berre halve året, hadde ein ei inntektsside på kr 600 000 – 500 000 frå aksjonærane og kr 100 000 i tilskot frå Innovasjon Norge. Forbruket var mindre, sik at selskapet gjekk med eit driftsoverskot på om lag kr 73 500. I 2008, det første heile driftsåret, hadde ein inntekter på om lag kr 1 000 000. I tillegg til driftstilskot frå aksjonærane selde ein dette året også tenester for kr 47 000. Likevel kom selskapet ut med eit negativt resultat på om lag kr 57 500. I 2009 hadde inntektene auka til nesten kr 1 700 000, av desse var knapt kr 860 000 inntekter frå sal av tenester. Dette året kom ein ut med eit positivt resultat på kr 35 000. Året etter vart det eit negativt resultat på om lag kr 23 500.

I 2011 gjekk selskapet med eit driftsunderskot på kr 9 000. Trass i at stordelen av aksjekapitalen var intakt, var styret no nøydde til å ta økonomiproblemstillingar på stort alvor, då dei opphavlege selskapsavtalane gjekk ut i 2012. Det var desse som skapte basisfinansieringa av selskapet. Difor vart det bestemt at det skulle lagast ein presentasjon om verksemda som skulle leggjast fram for eigarane og syna kva næringsaktivitet selskapet hadde vore med å skapa. Ikkje alle aksjonæravtalane vart vidareførte som dei var, og nye eigarar vart inviterte inn. Då rapporten var klar, fekk

dagleg leiar i oppdrag å ta kontakt med eigarane og reforhandla aksjonæravtalane, og også gjera klar emisjon til eventuelle nye eigarar.

Det var absolutt behov for å styrka økonomien i selskapet, for rekneskapen for 2012 synte eit negativt årsresultat på nesten kr 136 000. Ein hadde ikkje klart å halda oppe nivået på driftsstøtta frå aksjonærane, som no berre bidrog med kr 875 000.

Den opphavlege driftsmodellen til Sogn Næring, som gjekk ut på at selskapet skulle ha ei basisfinansiering med driftstilskot på 1 million kroner, likt fordelt mellom Sogndal kommune og dei private eigarane, viste seg vanskeleg å gjennomføra. Driftstilskota frå næringslivet utreblei gradvis, etter at den første avtaleperioden på fem år var over. Årsmeldinga frå 2013 måtte konstatera at «ein del av dagens eigarar har redusert sine driftsavtalar.» Det vart arbeidd med å fornya driftsavtalar i fleire år, men med dårleg resultat. Generalforsamlinga i 2016 måtte erkjenna at selskapet då sat att med berre ein underskriven driftsavtale for 2016, og at det trass mange førespurnader ikkje hadde lukkast å få meir driftsstøtte. Det var ikkje nett slik Johs. B. Thue skreiv i 2015, at «Sogn Næring har gått med underskot i alle år», men generalforsamlinga i 2016 kom til at selskapet måtte finna andre måtar for finansiering dersom drifta skulle halda fram. Sogn Næring AS fekk då også eit negativt årsresultat på kr 218 000 i 2016.

Fleire alternativ kunne vera aktuelle: • Meir prosjektfinansiering, med eksisterande selskapsstruktur • Samarbeid med nabokommunar om førstelinjeteneste • Fusjon med Sognefjorden Næringshage • Avvikling av selskapet.

Styret fekk i oppdrag av generalforsamlinga å arbeida vidare med modellane, og slo fast at ein ny driftsmodell måtte vera på plass til årsskiftet 2016/17. Etter ein statusgjennomgang av arbeidet i slutten av september, valde styret å konsentrera seg om dei to første alternativa.

Det er neppe tvil om at selskapet no var i ei alvorleg krise, både fordi ein ikkje klarte å få drifta til å gå i balanse, men også fordi ein måtte erkjenna – slik saksutgreiinga om framtida til selskapet til styremøtet i november 2016 uttrykte det – at ein ikkje hadde klart å involvera næringslivet og jobba for næringslivet sine interesser slik intensjonen var. Det eine hang sjølvsagt saman med det andre, for når ein ikkje klarte å halda fram driftsavtalane med dei private eigarane, smuldra den økonomiske basisen til selskapet opp.

Torgeir Skålid vart engasjert i selskapet på ettersommaren 2016, og i tillegg til å ta over ein del av dagleg leiar sine oppgåver, sidan Grevsnes no gjekk ut i 50% permisjon, fekk han i oppdrag å arbeida med mulege framtidige forretningsområde for Sogn Næring, og korleis desse kunne finansierast.

Til styremøte i november la han fram ein plan for framtidig drift, der han føreslo å etablera ei felles førstelinjeteneste for kommunane Luster, Leikanger og Balestrand. Ein ville også invitera kommunane inn som eigarar i selskapet, samstundes som dei private eigarane overlet sine eigarinteresser til ei næringsforeining. For å skapa ein stabil driftssituasjon vart det også gjort framlegg om at eigarane, gjennom rammeavtalar, skulle forplikta seg til å kjøpa tenester hjå selskapet, i staden for å inngå driftsavtalar.

Tek over som leiar for Sogn Næring

nn Eitt års vikariat nn Håper å bli brukt av næringslivet

sogndal: Per Odd Grevsnes har fått permisjon frå stillinga som næringssjef og dagleg leiar i Sogn Næring. Torgeir Skålid tek over.

– Det skjer veldig mykje spennande i næringslivet rundt oss, og eg håper dei vil bruka oss slik at me kan få til gode ting, seier Torgeir Skålid. Måndag har han første dag på jobb som næringssjef og dagleg leiar for Sogn Næring. – Me har veldig mange viktige oppgåver å gjennomføra framover. Me har fått i oppdrag å sjå på korleis ein kan organisera næringslivsarbeidet i den nye storkommunen med Sogndal, Leikanger og Balestrand – både fram til og etter samanslåinga. I det nye innovasjonsbygget på Campus skal me saman med Kunnskapsparken etablera eit innovasjonssenter, noko som er ein stor jobb. Me skal også jobba meir med eksisterande næringsliv både i Sogndal, Leikanger og regionen elles, seier den ferske næringssjefen. for Sogndal skisenter. – Eg byrja ved skisenteret i august i fjor med å leiga meg ut i 50 prosent stilling. Då me såg at det var bruk for meir ressursar her oppe, søkte eg permisjon frå Sogn Næring, fortel Grevsnes.

Han fortel at styret for skisenteret har lagt ein plan for ulike utviklingsprosjekt dei skal jobba med. – Me skal prøva å løfta produktet. Me skal utvikla oss til å bli betre på alle område både vinter og sommar.

– Naturleg

Ifølgje Grevsnes var det naturleg at Skålid gjekk inn i toppstillinga i Sogn Næring. – Sidan det er eit kort vikariat på eitt år var det ikkje aktuelt å lysa ut jobben, seier Grevsnes.

Sogn Næring er eigd i fellesskap av Sogndal kommune og næringslivet i Sogndal. Sogn Næring har inngått ein avtale med Leikanger kommune, og dei to kommunane har no felles næringsfond og felles førstelineteneste.

Mariann Skau

mariann@sognavis.no MYKJE å Ta TaK I: Organisering av næringsarbeidet i den nye storkommunen, er noko av det Sogn Næring skal ta føre seg framover, fortel Torgeir Skålid. (Arkivfoto)

Hodlekve

Skålid vart henta inn i ei prosjektstilling i Sogn Næring frå Bratt Moro i fjor. Han tek no over stillinga til Per Odd Grevsnes, som har fått permisjon i eitt år. Grevsnes skal jobba fulltid som dagleg leiar

SOLSKJERMING

Nye legar til Lærdal

lærdal: Lærdal kommune har tilsett Linnea Halle (29) og Adam Ledwon (32) som nye allmennlegar. Alle legane blir no samla ved helsesenteret i kommunen.

Styret støtta Skålid sin plan, og gav dagleg leiar i oppgåve «å halde fram arbeidet med å utvide ansvarsområdet og samarbeidet med nabokommunar». Ein burde i første hand konsentrere seg om å formalisere samarbeidet med Leikanger kommune, heitte det i styrevedtaket.

Ambisjonane om å få med seg kommune Luster og Balestrand viste seg urealistiske, men grunntanken i planen, å sikra basisfinansiering gjennom meir sal av tenester, synte seg å verta vegen framover. Hausten 2016 hadde Sogn Næring sju ulike prosjekt som gav større eller mindre inntekter, og ein hadde innleidd samtalar med Leikanger kommune om framtidig samarbeid. Då styret handsama denne saka i november hadde det vore møte mellom Sogndal og Leikanger kommune, og Leikanger hadde fått eit formelt tilbod om å kjøpa seg inn i selskapet, bidra med basisfinansiering, kjøpa minst 200 timar tenester, og etablera eit felles næringsfond.

Det skriv kommunen i ei pressemelding. – Kommunen har i tilsetjingsprosessen fått veldig godt inntrykk av begge to. Dei kan også syne til gode referansar frå der dei har hatt praksis. Vidare er det gledeleg at ein av legane våre no er kvinneleg, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Lærdal kommune, Arne Johansen.

Lærdal kommune har vore med i ALIS-prosjektet (Allmennlege i Spesialisering) – eit femårig prosjekt i regi av Bergen kommune, men med deltaking frå kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette prosjektet er eit løp med fem års legeteneste kombinert med rettleiing, samlingar og sjukehuspraksis. – Deltakinga i prosjektet har hjelpt på for at kommunen no får ein stabil situasjon med kommunelegar etter ein periode med vikarbruk. Lærdal var fyrst inne med ein lege i prosjektet, men fekk etter kvart også inn lege nummer to. At me kom med i dette prosjektet har vore viktig for å klara å rekruttera nye legar til kommunen. Alle kommunane, også Lærdal, har opplevd mykje større søknad til ALIS-stillingane enn ved andre utlysingar av ordinære stillingar.

Helsesenteret

Av pressemeldinga går det fram at kommunen no har vald å samla alle legane ved Lærdal helsesenter. – Dette gjer me av fleire grunnar, styrking av fagmiljøet blant legane i kommunen er ein viktig grunn. Meir effektiv bruk av støttefunksjonar er ein annan viktig grunn. At folk skal kunne vende seg til ein stad når dei har bruk for legetenester er sjølvsagt også ein viktig grunn.

Mentor

Tidlegare i år har Lærdal kommune tilsett Hans Johan Breidablik og Geir Berge Øverland i kvar si 20 prosent stilling for eitt år ved helsesenteret. Breidablikk skal fungera som kom-

30% inntil rabatt* muneoverlege og skal, i tillegg til dei samfunnsmedisinske oppgåvene, ha ansvar for oppGratis *På 04990befaring: utvalgte produkte kter bygging og implementering av kvalitetssystem for legetenestene. Øverland vil få spesielt ansvar som mentor for nye legar ved kontoret, heiter det. www.scandic.no Jan Egil Fimreite jan.egil.fimreite@sognavis.no

På Plass: Lærdal kommune har fått to ny allmennlegar på plass, opplyser kommunalsjef Arne Johansen. (Foto: Arkiv)

teikn for distriktslandbruket her i landet.

Fire hovudmål

Høl trekte elles fram fire sentrale hovudmål for Arbeidarpartiet framover. Arbeid til alle, med ein næringspolitikk som verkar, ein god skule for alle, med nok lærarar til å sikra tidleg innsats og tilpassa opplæring, tryggleik for alle, med eit moderne helsevesen og god eldrepolitikk og utvikling av nye, klimavenlege næringar. – Her har me gode føresetnader.

Jan Egil Fimreite

jan.egil.fimreite@sognavis.no

Det vart semje om ein avtale. Leikanger kommune gjekk rett nok ikkje inn som eigarar av Sogn Næring, men frå 1. januar 2017 utførte Sogn Næring førstelinjeteneste i næringsarbeidet for både Sogndal og Leikanger, og forvalta eit felles næringsfond. Den viktigaste grunnen til at ikkje Leikanger då gjekk inn på eigarsida var eit ynskje frå næringslivet om å halda fast på fordelinga med 50% privat og 50% kommunalt eigarskap.

Modellen for driftsstøtte frå Sogndal kommune vart også endra. I staden for eit fast bidrag, vart også denne no knytt til ein fast avtale om kjøp av tenester. Dette var eit viktig utviklingssteg for Sogn Næring, i retning av å utvikla dei regionale ambisjonane selskapet hadde hatt sidan starten, og sikra eit betre økonomisk fundament. Selskapet vart i praksis to kommunar sitt organ for utvikling av næringslivet. Å få til slikt interkommunalt samarbeid var også ein del av målet av det store byregionprogrammet, håbakken: Eit vogntog som er omtala tidlegare. Også Luster kommune var med der, men den kommunen fekk køyreforbod ynskte likevel ikkje å overlata næringsarbeidet til Sogn Næring. Luster hadde kommunal etter manglande næringssjef i full stilling, og også ein betre kommunal økonomi enn Sogndal og Leikanger. løyvedokument under ein kontroll på Arbeidet i byregionprogrammet var nok ein viktig grunn til at Leikanger hadde fått tillit Håbakken måndag til at Sogn Næring kunne vera ein god reiskap også for dei. kveld og natt til tysdag. Vi må også merka oss at dette arbeidet gjekk føre seg parallelt med arbeidet med Sjåføren synte løyvedokument som høyrde til eit anna transden store kommunereforma. Den enda, som vi veit, med at Sogndal, Leikanger og portføretak. – Det var eit nytt firma som Balestrand vart vedteke tvangssamanslegne i 2017, med verknad frå 01.01.2020. hadde kjøpt bilen der dei gamle løyvedokumenta låg att i bilen, seier Frode Hålien, inspektør i Statens vegvesen.

Sjåføren sa han hadde nye løyvedokument i Bergen, men

Hålien seier at dei originale løyvedokumenta på koma til Håbakken før sjåføren kan køyra vidare.

Bremsar

Under kontrollen fekk tre vogntog bruksforbod på grunn av for lang last. Eit vogntog fekk bruksforbod på grunn av overlast og manglande kjetting. Eit vogntog hadde feil på ABS-bremsen og mangla i tillegg brems på eit hjul. – Vedkomande fekk mangellapp. Ein sjåfør fekk også skriftleg åtvaring på grunn av brot på køyre- og kviletida.

Effektivt

Det vart også delt ut to gebyr for manglande vognkort.

køyrefOrbOd: Eit vogntog fekk køyreforbod for manglande løyvedokument. (Illustrasjonsfoto) Køyrde utan løyve Statens vegvesen skal leggje til rette for at ferdsel på veg kan skje i eit effektivt vegsystem utan at trafikantar mister livet eller blir hardt skadd. Kontroll på veg er viktig for at alle trafikantar skal kome trygt fram saman, seier Hålien, som legg til at dei skal ha faste utekontrollar fleire gonger i veka både dag og natt. – Me skal dekka opp alle timane i døgnet og alle dagane i veka i løpet av ein periode på seks veker. Det er tre grupper på Håbakken som rullerer på arbeidet. Må ha litt fri også. Jan Egil Fimreite jan.egil.fimreite@sognavis.no

Fleirtal for felles næringsselskap

leikanger: Følgjer kommunestyret fleirtalsframlegget frå formannskapet blir Leikanger ein del av Sogn Næring.

Innstillinga frå rådmannen var negativ og Senterpartiet sin representant røysta nei. Eit fleirtal på fire i formannskapet hadde eit anna syn og rår kommunestyret til å vedta at Leikanger skal kjøpa seg inn på eigarsida i Sogn Næring.

350.000

Det vil i so fall bety at Sogndal og Leikanger får felles næringsselskap. Og prisen for Leikanger sin del er på 350.000 kroner i året. – Me vil nok kjøpa nokre aksjar i tillegg, seier ordførar Jon Håkon Odd.

– Positivt

Ordføraren meiner det vil vera

POSITIV: Ordførar Jon Håkon Odd meiner det vil vera viktig for Leikanger å få eit felles næringsselskap i lag med Sogndal.

ein styrke for næringsarbeidet i Leikanger om kommunestyret følgjer fleirtalstilrådinga frå formannskapet. – Eg trur det er viktig at Leikanger og Sogndal får eitt felles næringsselskap. – På kva måte? – Me er ein felles bu- og arbeidsmarknad. På Tinghuset har me eit lite miljø til å jobba med næringsutvikling. Går me inn i Sogn Næring får me felles førstelinjeteneste inn mot gründerar og det etablerte næringslivet. Det vil også bli felles fordeling av næringsfond, seier Odd.

Kai Martin Brekke

kai.martin.brekke@sognavis.no

This article is from: