7 minute read

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

Foto frå friluftsliv og/eller urbane aktivitetar (t.d. restaurant)

OPPSUMMERING –SOGN NÆRING OG UTVIKLINGA I SOGNDAL

Det er vanskeleg – ja, sjølvsagt uråd – å gi noko presist svar på kva Sogn Næring har hatt å seia for utviklinga i Sogndal dei åra selskapet har eksistert. Det vi alle veit, er at kommunen har hatt ein formidabel vekst i desse åra. Folketalet i «gamle» Sogndal auka frå 6822 i 2007 til 8191 i 2019, ein auke på 20%. Samstundes hadde Leikanger ein folkeauke på 6% og Balestrand ein nedgang i folketal på 8,6% . I 2022 hadde det samla folketalet i den nye kommunen auka frå 11801 i 2019 til 12097 i 2022, ein auke på 2,8%.

Dette er ikkje staden for ein grundig analyse av bakgrunnen for denne veksten. Han skuldast sjølvsagt at mange av dei store arbeidsplassane, og særleg dei offentlege arbeidsplassane hadde stor vekst. I rapporten Oddvar Flæte og Jostein Fondenes laga for Sogn Næring kan ein sjå at talet på offentlege arbeidsplassar i gamle Sogndal kommune auka med 382, eller 32% frå 2005 til 2016. I Leikanger var auken 360, men prosentvis heile 42%. Også talet på arbeidsplassar i privat sektor auka, om enn ikkje like mykje som dei offentlege. I Sogndal var auken 313, eller 11,9%, i Leikanger var han berre 42, noko som likevel utgjorde ein auke på 9,5%. Balestrand, som hadde minkande folketal, hadde også nedgang både i offentlege og private arbeidsplassar.

Sjølv om det i media og elles har vore stor merksemd kring gründerar og gründerverksemder i Sogndal, ser det ikkje ut til at talet på nyetablerte verksemder her har endra seg så mykje i desse 15 åra Sogn Næring har eksistert. I 2007 var det i følgje offentleg statistikk 101 nyetablerte verksemder i Sogndal, i 2019 var talet 126. Bortsett frå 2009, då der berre var 62 nyetableringar, har talet vore kring 100, pluss/minus 20, pr år. Svært mange av slike nyetablerte selskap har kort levetid, slik har det også vore i Sogndal. Det ser heller ikkje ut til at talet på verksemder som har overlevd har endra seg særleg på dei femten åra Sogn Næring har eksistert. Statistisk sentralbyrå har tal på dette for gamle Sogndal kommune. Dei viser at 45,5% av dei 101 føretaka som vart starta opp der i 2007 var i drift fem år etter. Av dei 86 som var starta opp i 2014 eksisterte 39,5% også fem år seinare. Vi kan berre følgja denne statistikken til 2019, det siste driftsåret for gamle Sogndal kommune, men han syner at berre 48% av dei selskapa som vart etablert i kommunen i 2018 var i live eitt år etter.

Trass fråfallet av nye selskap vart det sjølvsagt skapt mange arbeidsplassar i dei som overlevde. Det er lett å sjå at veksten i Sogndal både kom som følgje av vekst i etablert næringsliv, og som følgje av mange gründerverksemder, sjølv om vi ikkje har gode data som kan kvantifisera dette.

Kva så med Sogn Næring AS i dette biletet? Sogndal har frå etableringa av Sogn Næring i 2007 hatt eit lokalt verkemiddelapparat for næringsutvikling som har gitt gründerar støtte og hjelp i oppstartsfasen av verksemder. Likevel ser det altså ikkje ut til at dette har ført til store endringar korkje i talet på nyetableringar, eller talet på nye verksemder som har vore levedyktige over tid.

Denne statistikken fortel likevel ikkje alt. For å ha vekstkraft i det moderne samfunnet er det nødvendig med tilgang på det som med eit fint ord vert kalla for kompetansearbeidsplassar - spesialiserte arbeidsplassar med krav til høgare utdanning. Det ser ut til at mange av dei levedyktige gründerverksemdene

nettopp har gitt slike arbeidsplassar. Dei som har vakse seg størst er Rocketfarm, nLink og Rekkje stiutvikling. Innovasjonsmiljøet på Fosshaugane, der Sogn Næring har hatt ei sentral rolle, har vore ramma for desse og mange andre vellukka bedriftsetableringar av dette slaget.

Styreleiar Agnar Holen er lite glad i å skilja mellom «gründerar» og «etablert næringsliv». Han meiner det har vore fokusert for mykje på dette skiljet, og meiner ein bør kalla alt for «næringsliv».

Arbeidet til Sogn Næring utan tvil vore av betydning for utviklinga. Selskapet har bidrege til nettverk mellom verksemder, til å gje merksemd om betydninga av vertskapsrolla for offentlege arbeidsplassar, har vore eit bindeledd mellom næringsliv og kommune, og har alltid drive aktivt rekrutteringsarbeid for både Sogndal og sogneregionen. Dei jamlege lunch- og frukostmøta selskapet har hatt heilt sidan starten har vore viktige treffpunkt for næringsdrivande.

Det er også viktig å merka seg at Sogn Næring er ein del av eit større, men fragmentert og til dels uoversiktleg verkemiddelapparat for næringsutvikling. Selskapet er meir eller mindre samlokalisert på Fosshaugane med Kunnskapsparken Vestland og avdelingskontor for Innovasjon Norge. Her held også reisemålselskapet Visit Sognefjord til. Dette er alle selskap som Sogn Næring har eitt eller anna grensesnitt mot. I tillegg må selskapet forhalda seg til fylkeskommunen, til SIVA og til sentrale styresmakter. Dette fragmenterte landskapet gjer truleg at den rolla Sogn Næring har som førstelinjeteneste for næringslivet har vore viktig. Det er ikkje enkelt for næringsverksemder å orientera seg i det offentlege og halvoffentlege verkemiddelapparatet.

Skal ein peika på ein grunnleggjande, bakanforliggjande faktor for den positive utviklinga i Sogndal, må det vera at Sogndal vart ei høgskulebygd på 1970-talet, og at høgskulen har utvikla seg og vokse. «Å bli studiestad var å skyta gullfuglen», skriv Terje Bjelle i ein rapport frå 2019. NOU 2020:15, «Det handler om Norge», dreg same konklusjon, og listar opp ti ulike positive effektar eit universitet eller ein høgskule kan ha for eit lokalsamfunn. I Sogndal har høgskulen gitt mange kompetansearbeidsplassar, skapt ei ung befolkning, bidrege til at ungdom frå heile landet har kome hit – og nokre av dei har alltid vorte verande her - i tillegg til dei reine økonomiske effektane.

Like klart er det truleg at denne veksten både i folketal og arbeidsplassar skuldast at Sogndal for mange står fram som ein attraktiv plass å bu. Sogndal har drive ei svært vellukka omdømebygging, mykje fokusert på moderne friluftsliv, men også på urbane kvalitetar. Det har ikkje skjedd gjennom floskelprega slagord, utvikla av ein høgt gasjert konsulentbransje, men av det ulike lokale miljø faktisk har gjort og utvikla. Sogndal Fotball si rolle i dette er openberr. At «laussnø» skulle bli noko av det som lokka folk til å busetja seg her, var på ingen måte gitt, men gjennom arbeidet til Bratt Moro og Fjellsportfestivalen, er dette no ein realitet.

I 2012 publiserte Telemarksforsking ein rapport kalla «Suksessrike distriktskommuner». Her argumenterer dei for at suksessen til ein stad ser ut til å

handla mykje om kulturen til staden. Ein offensiv og optimistisk utviklingskultur er viktig. Rapporten peikar vidare på det dei kallar ”smådriftsfordeler”, at det er kort veg mellom idear og avgjerder, at desse vegane vert utnytta, og at det er tillit og kunnskapsdeling på tvers av fag og sektorgrenser.

Rapporten dokumenterer også betydninga av lokale entreprenørar – eller eldsjeler. Dei finn mange døme på kor viktig einskildpersonar har vore for betydningsfulle tiltak, nyskapingsinitiativ eller nye vegval. Oftast handlar det om «enkeltpersoner i næringslivet eller fra det sivile samfunnet, som gjennom det handlingsrommet de har tatt, og fått, er blitt opphav til ny utvikling. Vi ser også at de kommunene som lykkes har benyttet anledninger som er kommet.»

Det går an å kjenna att mykje av det som har skjedd i Sogndal innafor denne analyseramma.

Rapporten frå Telemarksforsking konkluderer med at måten næringsarbeidet er organisert på i ein kommune ikkje ser ut til ha stor betydning. Nokre av suksesskommunane hadde eige utviklingsselskap, nokre hadde organisert seg i interkommunale næringsutviklingsselskap. Nokre kommunar hadde næringssjef, andre hadde plassert ansvaret for næringspolitikken saman med andre oppgåver; slik som ”Plan og næring”. «Hvordan man har organisert sin næringspolitikk spiller med andre ord langt mindre rolle enn hvordan man utfører sin næringspolitikk.».

Sogndal kommune valde i 2007 organisasjonsforma med eit aksjeselskap for næringsarbeidet sitt. Næringslivet fekk gjennom denne organiseringa ei direkte hand på rattet i næringsarbeidet til kommunen, og kommunen fekk ein reiskap som på mange vis kunne operera friare enn kommunal etat kunne gjera. Selskapet har hatt både opp- og nedturar, og stod i 2016 i reell fare for å bli avvikla.

Selskapet vart berga, og nye Sogndal kommune valde å vidareføra modellen frå gamlekommunen. Det må ein ta som eit teikn på at denne organisasjonsmodellen vart oppfatta som vellukka. Sogn Næring står no for det bedriftsretta næringsarbeidet, samstundes som den kommunale verksemda er styrka med ein eigen etat for nærings- og samfunnsutvikling. Vilkåra for å driva ein god næringspolitikk ser ut til å vera til stades. Det verkar som at nye Sogndal kommune har eit medvite forhold til den regionale rolla denne store kommunen må ha. Sogn Næring AS – som gjennom valet av namn alltid har signalisert ynskje om ei regional rolle - har også teke steg ut av kommunen. Kanskje vil selskapet si rolle framover i endå større grad vera å utføra utviklingsarbeid på vegne av heile regionen. Med den auken ein har hatt både i stab og kompetanse, kan dette vera ei naturleg utvikling.

This article is from: