2 minute read

Ny strategiplan

Leikangerordføraren følgde opp, han såg «på Sogn Næring som eit viktig tannhjul for å sikra veksten i innbyggjartal og næringsliv i dei tre kommunane, som ved nyttår blir til ein. – Me ser resultata. Leikanger er no den kommunen med mest gaselleverksemder, eg trur me skal få det til i den nye kommunen også.»

I eit avisoppslag 25. juni vedgjekk styreleiaren i Sogn Næring, Agnar Holen, og tenesteleiaren for nærings- og samfunnsutvikling i den nye Sogndal kommune, Joakim Systaddal, at dei hadde vore for dårlege til å informera om korleis nye Sogndal skulle arbeida med næringsutvikling, og om Sogn Næring si rolle i dette. Agnar Holen la vekt på at «Sogn Næring er eit ideelt aksjeselskap og skal ikkje vera til berikelse for eigarane. Overskotet kan ikkje takast ut, men skal brukast i selskapet. (…) Det er ikkje sant at eigarane er opptekne av å eiga aksjar og eigen vinning, dei er opptekne av å utvikla næringslivet i heile nye Sogndal kommune.»

For å betra på informasjonen og få innspel skulle kommunen og næringsselskapet no arrangera temamøte om nærings- og samfunnsutvikling både i Balestrand, Leikanger, Sogndal og Kaupanger.

Spørsmålet om korleis det private eigarskapet i Sogn Næring skulle organiserast hadde lenge vore på dagsordenen. Alt i 2012 såg ein utfordringane med den opphavlege modellen, der dei private eigarane skulle yta årlege driftstilskot og i 2016 var det definitivt klart at denne modellen ikkje var liv laga. Då tenkte ein seg i staden at dei skulle forplikta seg til å kjøpa tenester. Slike avtalar kom likevel berre i stand med Sogndal og Leikanger kommunar. Heilt frå starten av var det klart at investeringane i aksjar i Sogn Næring ikkje var gjorde for å få avkastning. Vedtektene slo klart fast at det ikkje var høve til å dela ut utbytte frå selskapet, og alt frå 2016 tok ein til å arbeida for at dei private aksjane skulle kunna overtakast av ei næringsforeining. Dette skjedde 28. februar 2020. Då overførde alle dei private aksjonærane i selskapet sine aksjar til Sogndal Næringsforeining. Denne var då organisert som ein paraplyorganisasjon for lokale næringaforeiningar, både i Sogndal sentrum Kaupanger, Fjærland, Leikanger og Balestrand.

Fram gjennom 2019 førebudde Sogn Næring seg på den rollen det ville få i nye Sogndal kommune. I lag med kommunen vart det arbeidd med ein strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling. Denne planen ville vera avgjerande for kva oppgåver Sogn Næring skulle få. Parallelt vart det arbeidd med gjennomgang og vurderingar rundt retningsliner, rutinar og praksis i selskapet, med bakgrunn i dei oppgåvene ein forventa at til selskapet kom til å få i den nye kommunen.

På nyåret 2020 avslutta også selskapet arbeidet med sin eigen strategiplan fram mot 2025. Den nye strategiplanen starta, i tidstypisk ånd, med formuleringar om visjon og verdiar. Visjonen skulle vera at «Sogn Næring skal vere best på næringsutvikling i Vestland», og dei grunnleggjande verdiane skulle vera «initiativ, handlekraft og samspel».

Planen slo fast at kommunen var selskapet sin viktigaste oppdragsgivar og samarbeidspartnar. Dei grunnleggjande arbeidsoppgåvene såg ikkje ut til å skilja seg mykje frå det ein tidlegare hadde arbeidd med, men ein var nok endå meir eksplisitt

This article is from: