10 minute read

2017 -2020, mot ein ny kommune

Next Article
Ny strategiplan

Ny strategiplan

Med ny driftsmodell og styrka finansiering vart Sogn Næring eit offensivt selskap. Våren 2017 vart selskapet invitert til møte med Balestrand kommune om framtidig samarbeid om næringsutvikling, og som strategisak på styremøte i Sogn Næring i april vart det vedtaksført at «Sogn Næring har ambisjonar om å bli eit regionalt næringsselskap og er positive til å samarbeide med Balestrand kommune om næringsutvikling».

På styremøtet i august drøfta styret «Regionalisering av næringsarbeidet». I protokollen heiter det at dagleg leiar orienterte og møtet gav innspel. Drøftinga vart oppsummert slik: • Vil samarbeide meir med andre aktørar • Større einingar er tenleg • Gründersenteret på Campus må vende seg mot heile regionen • Næringslivet er samstemte om å sjå utover kommunegrenser i næringsarbeidet • Samarbeid er viktig, men vi bør ikkje bruke krefter på dei som ikkje vil • Er vi gode nok kjem dei andre til oss

Det vart også arbeidd med å omorganisera eigarskapet i selskapet. I 2017 vart Sogndal Næringsforeining etablert som ein medlemsorganisasjon for næringslivet i heile kommunen, og nok med ambisjon om å femna om næringslivet i ein ny og større kommune. Tanken var at denne foreininga skulle kunna ta over aksjane til dei private eigarane i Sogn Næring. Dette skjedde i 2020, samstundes med at gamle Sogndal kommune overførte sine aksjar til den nye Sogndal kommune.

Det er eit klart inntrykk at Sogn Næring frå 2017 og framover vart eit stadig meir profesjonelt selskap, med høgt ambisjonsnivå, med mange initiativ og høg aktivitet, trass stadig låg bemanning. Her var berre to faste årsverk etter at Grevsnes gjekk ut i full permisjon i 2017. Dette hindra likevel ikkje at selskapet også deltok i arbeid utanfor kjerneområdet til selskapet. Torgeir Skålid vart med prosjektgruppa for eit forprosjektet for utvikling av Kristianhus, båtmotormuseet i Vik, noko som kan peika fram mot det engasjementet Sogn Næring seinare har fått i denne kommunen. Ekstern arbeidskraft med høg kompetanse vart henta inn til spesielle prosjekt.

2017 markerer på mange vis starten på ein ny fase i Sogn Næring si historie. Selskapet kunne flytta inn i nye kontorlokale, i delvis kontorfellesskap med Kunnskapsparken, i det nye bygget på Campus Sogndal, kalla for Innovasjonsbygget. I den første etasjen her kunne ein også opna nytt og større gründersenter.

Det som likevel først og fremst varsla ein ny epoke var at det no vart bestemt at Sogndal, Leikanger og Balestrand kommunar skulle bli ein ny kommune frå 01.01.2020. Korkje Leikanger eller Balestrand ynskte samanslåing, så den nye kommunen vart etablert ved tvang frå staten.

Mykje arbeid måtte gjerast for å rigga den nye kommunen, mellom anna måtte ein finna modell for korleis næringsarbeidet skulle drivast. Sogn Næring fekk ein viktig rolle i dette arbeidet. Rådmennene i Leikanger, Balestrand og Sogndal gav selskapet i oppdrag å skissera vegen fram mot 2020 og koma med framlegg til korleis næringsarbeidet i den nye kommunen kunne drivast og organiserast. Oppdraget hadde eit omfang på om

SOGNDAL FOTBALL

Nærmar seg OPNING AV NY BOLTREPLASS

TEKST: Endre Romøren

1. oktober skjer det. Den nye leikegrinda til Campus-miljøet står klar til bruk.

Då opnar Innovasjonsbygget, med 1700 kvadratmeter boltreplass fordelt over tre etasjar. Dei private aktørane Norconsult og 4b har sikra seg toppetasjen, medan linken mellom dei to nedste vil bli av det svært tette slaget: Kunnskapsparken, Sogn Næring og Innovasjon Norge flyttar inn på nivå to, medan første etasje blir eit gründerkontor med opne dører for oppstartsbedrifter med friske idéar. – Sogndal Fotball AS leiger ut bygget, men det er det som blir skapt inni som er viktig for oss som eigedomsutviklingsaktør. Her vil det bli lagt til rette for at nye bedrifter kan starta opp, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball AS, Yngve Hallén. – At Kunnskapsparken og Sogn Næring tek på seg denne oppgåva betyr ikkje mykje berre for oss, men for heile regionen. Dette blir ei vekst me ønskjer å vera med på, seier han.

Inspirerande

Første etasje vil bli eit ope kontorlandskap av den moderne sorten, der idéar kan flyta fritt utan å bli innestengd bak ei kontordør. – Dette blir ein stad der ein kan koma med gode idéar, uansett om ein er ei etablert bedrift eller har ein plan om å starta ei bedrift. Det skal vera mykje meir enn eit kontorlokale. Dei som kjem hit vil få ei full pakke rundt seg, med tilgang på gode tenester og det å vera del av eit inspirerande miljø. Målet er at dette skal gjera prosessen frå å tenkja på idéen til å realisera den så enkel som mogleg, seier Torgeir Skålid i Sogn Næring, som er prosjektleiar for det nye innovasjonssenteret.

Attraktivt

Han fortel at slike senter er vanleg i storbyane, og ser fram til å kunne ha det same tilbodet her i Sogndal. – Det har ikkje vore sett i system på denne måten her før. Her vil me jobba strukturert med å utvikla næring, og då blir Sogndal ein attraktiv stad å starta opp ting. Det er viktig for bygda, seier Skålid. – Det kjem òg mykje ut av Høgskulen som me må bli flinkare til å foredla lokalt. Så i staden for at dei reiser ein anna stad må me ta dei inn her hjå oss. Å samordna verkemidla til Kunnskapsparken, Sogn Næring og Innovasjon Norge vil ha ein klar effekt, då eit meir samla miljø vil yta ein sterkare innsats.

På tvers

Leiar i Kunnskapsparken, Kjetil Kvåle, meiner det vil ha stor verdi å få samla fleire ulike bedrifter, kompetanse og idéar under same tak. – Me har etterlyst meir plass. No får me samla det inn, og vil laga eit spennande miljø og eit bygg med innhald. Utleigebygg er det rikeleg av, men det er innhaldet her som vil ha ein klar meirverdi. Den vil me selja ut, og den vil gjera det attraktivt å vera ein del av dette, seier Kvåle. – Viss me klarar å få synergiar på tvers av selskapsnamnet, der organisasjonsnummeret ikkje betyr noko, då har me lukkast. Til meir me klarar å riva ned skotta, til meir bransjeoverskridande blir me.

Stort potensial

Han meiner potensialet for samarbeid mellom dei ulike selskapa i bygget og området er stort. – Tenk deg Sogndal Fotball med det tilfanget dei har av næringslivsaktørar. Det er enormt, ingen i fylket har liknande. Innovasjon Norge har tilskotsordningar for oppstart og vidareutvikling av bedrifter, me har eit regionalt næringsselskap i Sogn Næring, og så har du Kunnskapsparken med statlege midlar, og me har eit eige investeringsfond for oppstartsbedrifter. Då har me heile sirkelen av verkemiddel for å kunne skapa eit

20

Stao no pao SOGNDAL FOTBALL

REVANSJE: SNART KLART: Kjetil Kvåle (leiar i Kunnskapsparken), Torgeir Skålid (Sogn Næring) og Yngve Hallén (dagleg leiar i Sogndal Fotball AS) gler seg til at det nye Innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus opnar 1. oktober.

skikkeleg innovasjonsbygg, seier Kvåle.

Skålid meiner det nye bygget vil bli unikt i sitt område på landsbasis. – Det er ingen anna stad i Noreg der verkemiddelapparatet er samlokalisert på denne måten, med så mange krefter i eitt bygg. Det gjev oss gode føresetnader for å lukkast. Eit problem her dei siste åra har vore at ein har vore avhengig av ledig kapasitet. Det kan ikkje vera slik at ein må stå i kø for å koma inn på innovasjonssenteret. Det må alltid vera plass til den neste. Slik blir det no. Pang, rett inn, seier Skålid.

Stao no pao

21

lag 270 timar, og resulterte i ein fyldig rapport.

Utgangspunktet i dei tre kommunane var ulikt. Gamle Sogndal hadde forankra arbeidet i eit aksjeselskap, i Leikanger kommune hadde næringsarbeidet fram til 2017 lege til ei kombinert stilling som plan- og næringssjef, men – som vi har sett – tok Leikanger kommune då til å kjøpa ein del tenester hjå Sogn Næring. Balestrand kommune hadde fram til 2017 hatt ein eigen kommunal næringssjef, som då vart erstatta av ein «nærings- og samfunnsutviklar».

Både kommunane, næringslivet, næringslivet sine organisasjonar og det offentlege verkemiddelapparatet vart involvert i arbeidet med rapporten. Han konkluderte med at valet av organisasjonsform for næringsarbeidet var avhengig av kva oppgåver som er viktig for kommunen i næringssaker:

«Dersom næringsarbeidet handlar om å vere ein pådrivar i høve bustadtomtar og næringsareal er det viktig med ei sterk planavdeling som har fokus på næringsliv.

Dersom målet er å engasjere bedrifter i næringslivet, talar det for å ha eit eige næringsapparat. Det er delte meningar om kva organisasjonsform kommunane bør velje. Fylkeskommunen tilrår at kjerneoppgåver som areal, forvaltning og bustad må stå i fokus, og det talar for kommunal organisering tett på rådmann. Det optimale kan vere å ha nok ressursar til at planavdelinga kan arbeide godt med næringssaker, og at eit næringsselskap kan arbeide bedriftsretta.»

Intervjua med næringsliv og verkemiddelapparat synte at det var store forventingar til det framtidige lokale næringsapparatet, og at forventningane stort sett gjekk same retninga:

«Næringsapparatet skal kjenne til næringslivet og verkemiddel og i kraft av dette kunne rettleie gründerar og bedrifter i rett retning. Det er forventa at lokalt næringsapparat skal samarbeida med resterande verkemiddelapparat om å finne midlar til prosjekt.»

Rapporten konkluderte med at det var ynskjeleg å sjå utover også dei nye kommunegrensene og tilrådde at det vart forsøkt å starta eit prosjekt kalla «Næringsvenleg region», saman med dei kommunane i Sogn som ynskte å delta. Målet med prosjektet skulle vera å få gjort ei grundig kartlegging av det totale verkemiddelapparatet, «vurdere om det er grunnlag for å vidareutvikledagens organisering av arbeidet, og jobbe fram gode strategiar for næringsutvikling i det aktuelle området». Bak dette låg

den erkjenninga som heile tida hadde vore sentral for Sogn Næring: at arbeid med næringsutvikling burde skje regionalt for å ha optimal effekt. Kommunegrensene var ikkje naturlege rammer for slikt arbeid. Dersom det ikkje lukkast å få med andre kommunar i dette arbeidet, skulle Balestrand kommune, Leikanger kommune og Sogn Næring uansett gjennomføra felles strategi- og planprosessar, for å smelta saman næringsarbeidet i dei tre kommunane.

Felles næringsfond og førstelinjeteneste måtte etablerast snarast råd. Kommunane sine eigarpostar i og driftsstøtte til Visit Sognefjord, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og eventuelle andre liknande selskap burde også samordnast raskt. Rapporten tilrådde også at ein fekk ei felles organisering av næringslivet i den nye kommunen, som kunne bli ein viktig medspelar for det offentlege verkemiddelapparatet. Den framtidige organiseringa av det kommunale næringsarbeidet såg rapporten for seg slik: • Nye Sogndal kommune bør ha ei høgt kompetent og ressurssterk planavdeling innan den kommunale strukturen som kjenner næringslivet sine behov godt og har fokus på tilrettelegging. • Nye Sogndal kommune bør saman med det lokale næringslivet utvikle ein robust,høgtkompetent, ressurssterk og raus organisasjon for næringsutvikling utanfor den kommunale strukturen.

Rapporten såg nok for seg at Sogn Næring AS skulle vera denne organisasjonen. Han burde vera «sterk nok til å vere fagleg spissa og til stades både geografisk og ressursmessig for eit offensivt næringsliv». Dei regionale ambisjonane som Sogn Næring alltid hadde hatt vart forsterka: Organisasjonen «skal vere søkande og open for samhandling i regionen og skal kunne ta på seg fleire og større oppgåver frå det som i dag ligg på andre nivå og strukturar i forvaltninga.» Han skulle vere «ei drivkraft for utviklingsarbeidet i Sogn.» Næringslivet burde gjennom næringsforeiningar vera eigar og pådrivar i organisasjonen, saman med kommunen.

I hovudsak kom næringsarbeidet i nye Sogndal kommune til å bli organisert slik rapporten skisserte. Det synte seg at alle som arbeidde med næringsutvikling i kommunane var samde om at alt bedriftsretta arbeid i framtida burde løysast gjennom Sogn Næring.

Men dei regionale ambisjonane som låg til grunn for planen om prosjektet «Næringsvenleg region» rann meir eller mindre ut i sanden. I første omgang ville korkje Leikanger kommune eller fellesnemnda for nye Sogndal kommune vera med, men hausten 2018 kom likevel fellesnemnda til at dei ville vera med på eit forprosjekt, og det vart halde to møte om prosjektet med næringssjefane i Lærdal, Sogndal, Leikanger, Luster, Balestrand og Vik våren 2019. Prosjektet vart tydelegvis oppfatta som for omfattande, og konklusjonen på møta vart kort og godt: «Forprosjektet næringsvenleg region vert ikkje starta opp». I staden vart ein samde om å satsa meir på det eksisterande nettverket mellom næringssjefane.

This article is from: