Med ny driftsmodell og styrka finansiering vart Sogn Næring eit offensivt selskap. Våren 2017 vart selskapet invitert til møte med Balestrand kommune om framtidig samarbeid om næringsutvikling, og som strategisak på styremøte i Sogn Næring i april vart det vedtaksført at «Sogn Næring har ambisjonar om å bli eit regionalt næringsselskap og er positive til å samarbeide med Balestrand kommune om næringsutvikling». På styremøtet i august drøfta styret «Regionalisering av næringsarbeidet». I protokollen heiter det at dagleg leiar orienterte og møtet gav innspel. Drøftinga vart oppsummert slik: • Vil samarbeide meir med andre aktørar • Større einingar er tenleg • Gründersenteret på Campus må vende seg mot heile regionen • Næringslivet er samstemte om å sjå utover kommunegrenser i næringsarbeidet • Samarbeid er viktig, men vi bør ikkje bruke krefter på dei som ikkje vil • Er vi gode nok kjem dei andre til oss
2017 -2020, mot ein ny kommune 2017 markerer på mange vis starten på ein ny fase i Sogn Næring si historie. Selskapet kunne flytta inn i nye kontorlokale, i delvis kontorfellesskap med Kunnskapsparken, i det nye bygget på Campus Sogndal, kalla for Innovasjonsbygget. I den første etasjen her kunne ein også opna nytt og større gründersenter. Det som likevel først og fremst varsla ein ny epoke var at det no vart bestemt at Sogndal, Leikanger og Balestrand kommunar skulle bli ein ny kommune frå 01.01.2020. Korkje Leikanger eller Balestrand ynskte samanslåing, så den nye kommunen vart etablert ved tvang frå staten. Mykje arbeid måtte gjerast for å rigga den nye kommunen, mellom anna måtte ein finna modell for korleis næringsarbeidet skulle drivast. Sogn Næring fekk ein viktig rolle i dette arbeidet. Rådmennene i Leikanger, Balestrand og Sogndal gav selskapet i oppdrag å skissera vegen fram mot 2020 og koma med framlegg til korleis næringsarbeidet i den nye kommunen kunne drivast og organiserast. Oppdraget hadde eit omfang på om
43
SOGN NÆRING 2007 - 2022
Det vart også arbeidd med å omorganisera eigarskapet i selskapet. I 2017 vart Sogndal Næringsforeining etablert som ein medlemsorganisasjon for næringslivet i heile kommunen, og nok med ambisjon om å femna om næringslivet i ein ny og større kommune. Tanken var at denne foreininga skulle kunna ta over aksjane til dei private eigarane i Sogn Næring. Dette skjedde i 2020, samstundes med at gamle Sogndal kommune overførte sine aksjar til den nye Sogndal kommune. Det er eit klart inntrykk at Sogn Næring frå 2017 og framover vart eit stadig meir profesjonelt selskap, med høgt ambisjonsnivå, med mange initiativ og høg aktivitet, trass stadig låg bemanning. Her var berre to faste årsverk etter at Grevsnes gjekk ut i full permisjon i 2017. Dette hindra likevel ikkje at selskapet også deltok i arbeid utanfor kjerneområdet til selskapet. Torgeir Skålid vart med prosjektgruppa for eit forprosjektet for utvikling av Kristianhus, båtmotormuseet i Vik, noko som kan peika fram mot det engasjementet Sogn Næring seinare har fått i denne kommunen. Ekstern arbeidskraft med høg kompetanse vart henta inn til spesielle prosjekt.