2 minute read

Bemanning

Sogn Næring starta med ei stilling, dagleg leiar Paal Fosdal, men ambisjonane var klart å bli større og kunna ha ein stab. Wilhelm Tangerud vart den første prosjekttilsette i 2009, knytt til prosjekt ved Sogndal skisenter. I 2010 slutta Paal Fosdal som dagleg leiar og Wilhelm Tangerud vart tilsett i stillinga.

Sommaren 2012 vart det på nytt leiarskifte i Sogn Næring. Wilhelm Tangerud sa opp stillinga si for ta til som senterleiar på Sogningen storsenter, og Per Odd Grevsnes vart tilsett som ny dagleg leiar. Han kom frå rådgjevarstilling hjå NAV sitt arbeidslivsenter, og hadde tidlegare mellom anna vore den første daglege leiaren for Studentsamfunnet i Sogndal, og i mange år vore tilsett i Sogndal Fotball. Wilhelm Tangerud slutta stillinga frå 31.07.2012 og Per Odd Grevsnes vart tilsett frå 01.10.2012.

Grevsnes var tilsett som dagleg leiar i selskapet til april 2018, men frå august 2016 var han leigd ut til Sogndal skisenter Drift i 50% stilling, samstundes som Torgeir Skålid vart engasjert som prosjektmedarbeidar i Sogn Næring i 50% stilling. Han heldt fram i denne stillingsdelen fram til han sommaren 2017 vart engasjert i full stilling som vikar for dagleg leiar i eitt år, då Per Odd Grevsnes vart engasjert som 100% dagleg leiar i Sogndal skisenter drift. I april 2018 sa Grevsnes opp stillinga si i Sogn Næring og ho vart lyst ut. Frå 01.01.2019 vart Torgeir Skålid tilsett som ny dagleg leiar, ei stilling han stadig har.

Paal Fosdal og Per Odd Grevsnes vart rekruttert utanfrå, medan Tangerud og Skålid gjekk inn i leiarstillingane etter først å ha vore i engasjementsstillingar i selskapet. Begge desse tilsettingane vart likevel gjort etter opne utlysingar, og det var fleire søkarar.

Då Wilhelm Tangerud tok over som dagleg leiar i 2010, uttrykte styreleiar Atle Stalheim til Sogn Avis eit mål om snart å ha to prosjekttilsette, for å styrka kapasiteten i selskapet. I første omgang vart den prosjektleiarstillinga Tangerud hadde hatt forlenga. Ida Ulvik, tidlegare student og leiar for Studentveka i Sogndal vart tilsett våren 2010. Ho kom til å arbeida særleg mykje med å etablera den felles handelsforeininga i Sogndal, som Sogn Næring både var pådrivar for å starta og fekk sekretariatsfunksjonar for. Ulvik skulle også arbeida med å styrka linken mellom kunnskap/utdanning og næring. Dette kunne kanskje vera eit resultat av kritikken om manglande styrerepresentasjon frå høgskulemiljøet.

Ida Ulvik vart etterfølgd av Tore Frimannslund som prosjektmedarbeidar i 2012, og han vart i sin tur etterfølgd av Lisbeth Bringebøen i 2015, som var tilsett i selskapet til utgangen av 2018. I 2019 vart Gunn Cecilie Timberlid Hundere tilsett som ny seniorrådgivar.

Etter kommunesamanslåinga i 2020 vart den faste staben utvida med endå ei stilling, då Line Bjelde vart tilsett som forretningsutviklar. Arbeidsoppgåvene heldt fram med å veksa, og våren 2021 vart også Karoline Søvik Myklebust fast tilsett som forretningsutviklar. I tillegg hadde Sogn Næring fleire medarbeidarar tilsette på engasjementsbasis – hausten 2021 fortsette arbeidsoppgåvene og organisasjonen og veksa: Anja Fardal tilsett som strategisk rådgjevar og fleire var på veg inn i staben.

I tillegg til desse stillingane har det periodevis vore inne prosjektmedarbeidarar i mindre stillingsdeler eller for kortare tidsrom. Eit systematisk oversyn over styremedlemer og tilsette finn ein i Vedlegg 1 og 2.

This article is from: