4 minute read

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

Fellesnemnda for nye Sogndal kommune vedtok i 2019 at det skulle etablerast det som byråkratspråket kalla «ein samanhengande struktur for utviklingsmiljø» i heile den nye kommunen, «med utgangspunkt i FUS på Campus, Skaparstova i Balestrand, Vitensenteret på Kaupanger og Leikanger Næringshage». Sogn Næring tok tak i dette, og utvikla i 2020 skisse for eit forprosjekt som skulle klarleggja kva innhald ein slik «utviklingsstruktur» kunne ha, og sjå på kva konkrete, fysiske tilhøve som måtte på plass for å nå kommunen sine mål. Ein «samanhengane utviklingsstruktur» betydde då tydelegvis primært tilgjengelege kontorarbeidsplassar for gründerar og andre.

Det vart ikkje løyvd midlar til noko forprosjekt på kommunebudsjettet for 2021, anna enn husleigemidlar til FUS-arealet på Campus Sogndal. Torgeir Skålid kunne likevel konstatera at det var stor vilje til å få FUS opp å gå også i dei andre delane av kommunen, og Sogn Næring drog i gang dette arbeidet utan å gå vegen om noko forprosjekt. I løpet av 2021 vart det opna FUS-areal både på Leikanger og i ViteMeir i Kaupanger, og i januar 2022 vart eit tilsvarande areal opna i Vik. Midt i mars vart det opna areal i Lærdal, og eit FUS-kontorfellesskap er også på trappene i Balestrand. Kritiske røyster har stilt spørsmål om korleis slike små «FUS-einingar» vil kunna fungera. Vil ein kunna få arbeidsfellesskap med synergieffektar, eller vil det berre bli halvtome kontorlandskap?

FUS hadde vore organisert som eit eige aksjeselskap, med Sogn Næring og Kunnskapsparken som eigarar, men i 2020 vart aksjeselskapet avvikla. No vart kontorfellesskapa organisert slik at kommunane betalte husleige i ulike leigde kontorlokale. FUS vart no eit merkenamn for Sogn Næring si satsing på gründerkontor, mellom anna med eiga nettside, der det vert marknadsført som «FUS – arbeidsfellesskap i Sogn», som eit tilbod både til gründerar, til folk som ynskjer å ta med seg jobben til Sogn, eller studentar frå andre stader i landet, som ynskjer å bu her.

FUS vert kalla «det distribuerte saumlause arbeidsfellesskapet i Sogn». I tillegg til å tilby kontorarbeidsplassar og møterom, er tanken at «FUS skal vere ein møteplass i lokalsamfunnet ha regelmessige faglege- og sosiale arrangement». Det heile vert organisert og drifta av Sogn Næring.

I den nye strategiplanen vart dei regionale ambisjonane til Sogn Næring – som alltid hadde vore der – forsterka. I botnen for dette låg ei erkjenning av at det å sjå heile regionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad ville vera viktig for vidare utvikling av næringslivet, og for å utnytta det samla potensialet i distriktet. Det viktigaste regionale arbeidet Sogn Næring no dreiv var arbeidet med Sognefjorden Næringshage. Her arbeidde selskapet aktivt med bedrifter i heile regionen.

I 2020 var Torgeir Skålid også leiar i næringsnettverket i Sogn, eit nettverk av næringsmedarbeidarane i regionen, i regi av regionrådet, og det var eit eksplisitt mål for Sogn Næring å bidra til auka samarbeid mellom kommunane om arbeid med næringsutvikling. Eit større arbeidsområde ville sjølvsagt også styrka Sogn Næring som selskap.

Mest konkret vart arbeidet utanfor nye Sogndal kommune i Vik. I november 2020 kunne dagleg leiar informera styret om at ein var i god dialog med Vik kommune om eit samarbeid. Sogn Næring hadde gitt Vik eit framlegg om sal av tenester til kommunen

SOGN NÆRING 2007 - 2022 på 1.4 millionar kroner. Som ein første innsats hadde dei handsama saker for det kommunale næringsfondet og i slutten januar 2021 vart avtalen formelt godkjent av formannskapet i Vik. Då byrja samarbeidet med Vik kommune for fullt, mellom anna med fullt ansvar for førstelinjetenesta i kommunen.

Også kring rekrutteringsarbeid tenkte selskapet regionalt. Ein måtte synleggjere kvalitetane i Sogndal og Sogn, både for potensielle arbeidstakarar, studentar og ulike typar turistar. Torgeir Skålid måtte konstatera at det ikkje var vilje til noko stor satsing rundt dette regionalt. For likevel å gjera noko regionalt, starta Sogn Næring i 2021 opp nettportalen sogn.no, med utgangspunkt i kommunane Luster, Vik og Sogndal. Denne presenterer Sogn som ein felles marknad for arbeidskraft og arbeidsplassar.

Sogn Næring var også med i fleire andre regionale prosjekt, dei fleste med utspring i Sogn regionråd. Men som saksutgreiinga om regionalt samarbeid til styremøte i april 2021 lakonisk kunne fastslå: «Samarbeid regionalt er ikkje ei lett øving». Ein kan ana frustrasjon med måten det regionale næringsnettverket fungerte på. Dette var «truleg ikkje den rette arenaen å løfte regionale prosjekt frå», meinte Skålid. I staden ville ein utvikla samarbeid med utgangspunkt i Sogndal kommune, som i sin samfunnsplan la «stor vekt på å spele på lag med resten av regionen på felt der nabokommunane ynskjer det.» Slik ville Sogn Næring også gjera det: «Me inviterer difor dei andre kommunane med i prosjekt vi allereie jobbar med. Slik kan vi arbeide vidare samen med dei som vil, og sleppe å samarbeide med dei som ikkje vil.»

I denne samanhengen er det naturleg å trekka fram at Sogn Næring alltid har hatt eit godt samarbeid med Luster. Der har næringsarbeidet vore organisert som del av den kommunale administrasjonen, med eigen næringssjef, Olav Grov. Han har vore ein nestor i næringsarbeidet i distriktet, som også Sogn Næring har drege god nytte av.

This article is from: