Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 55

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

55

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Fellesnemnda for nye Sogndal kommune vedtok i 2019 at det skulle etablerast det som byråkratspråket kalla «ein samanhengande struktur for utviklingsmiljø» i heile den nye kommunen, «med utgangspunkt i FUS på Campus, Skaparstova i Balestrand, Vitensenteret på Kaupanger og Leikanger Næringshage». Sogn Næring tok tak i dette, og utvikla i 2020 skisse for eit forprosjekt som skulle klarleggja kva innhald ein slik «utviklingsstruktur» kunne ha, og sjå på kva konkrete, fysiske tilhøve som måtte på plass for å nå kommunen sine mål. Ein «samanhengane utviklingsstruktur» betydde då tydelegvis primært tilgjengelege kontorarbeidsplassar for gründerar og andre. Det vart ikkje løyvd midlar til noko forprosjekt på kommunebudsjettet for 2021, anna enn husleigemidlar til FUS-arealet på Campus Sogndal. Torgeir Skålid kunne likevel konstatera at det var stor vilje til å få FUS opp å gå også i dei andre delane av kommunen, og Sogn Næring drog i gang dette arbeidet utan å gå vegen om noko forprosjekt. I løpet av 2021 vart det opna FUS-areal både på Leikanger og i ViteMeir i Kaupanger, og i januar 2022 vart eit tilsvarande areal opna i Vik. Midt i mars vart det opna areal i Lærdal, og eit FUS-kontorfellesskap er også på trappene i Balestrand. Kritiske røyster har stilt spørsmål om korleis slike små «FUS-einingar» vil kunna fungera. Vil ein kunna få arbeidsfellesskap med synergieffektar, eller vil det berre bli halvtome kontorlandskap? FUS hadde vore organisert som eit eige aksjeselskap, med Sogn Næring og Kunnskapsparken som eigarar, men i 2020 vart aksjeselskapet avvikla. No vart kontorfellesskapa organisert slik at kommunane betalte husleige i ulike leigde kontorlokale. FUS vart no eit merkenamn for Sogn Næring si satsing på gründerkontor, mellom anna med eiga nettside, der det vert marknadsført som «FUS – arbeidsfellesskap i Sogn», som eit tilbod både til gründerar, til folk som ynskjer å ta med seg jobben til Sogn, eller studentar frå andre stader i landet, som ynskjer å bu her. FUS vert kalla «det distribuerte saumlause arbeidsfellesskapet i Sogn». I tillegg til å tilby kontorarbeidsplassar og møterom, er tanken at «FUS skal vere ein møteplass i lokalsamfunnet ha regelmessige faglege- og sosiale arrangement». Det heile vert organisert og drifta av Sogn Næring. I den nye strategiplanen vart dei regionale ambisjonane til Sogn Næring – som alltid hadde vore der – forsterka. I botnen for dette låg ei erkjenning av at det å sjå heile regionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad ville vera viktig for vidare utvikling av næringslivet, og for å utnytta det samla potensialet i distriktet. Det viktigaste regionale arbeidet Sogn Næring no dreiv var arbeidet med Sognefjorden Næringshage. Her arbeidde selskapet aktivt med bedrifter i heile regionen. I 2020 var Torgeir Skålid også leiar i næringsnettverket i Sogn, eit nettverk av næringsmedarbeidarane i regionen, i regi av regionrådet, og det var eit eksplisitt mål for Sogn Næring å bidra til auka samarbeid mellom kommunane om arbeid med næringsutvikling. Eit større arbeidsområde ville sjølvsagt også styrka Sogn Næring som selskap. Mest konkret vart arbeidet utanfor nye Sogndal kommune i Vik. I november 2020 kunne dagleg leiar informera styret om at ein var i god dialog med Vik kommune om eit samarbeid. Sogn Næring hadde gitt Vik eit framlegg om sal av tenester til kommunen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.