1 minute read

Kjøpesenter i Nedrehagen

Sogndal hausten 2014. Arbeidet med Hodlekve og naturbasert reiseliv var også i samsvar med kommunens strategiar og prioriteringar. Utviklinga i Hodlekve har - som vi alle veit – vore formidabel. Bratt Moro og Fjellsportfestivalen fekk verkeleg sett Sogndalsdalen på det nasjonale skikartet. Den storstila hytteutbygginga som starta i 2012 har hatt store ringverknader, og det er rimeleg konsensus om at profileringa av Sogndal som ski- og friluftseldorado har vore ein vesentleg faktor bak den sterke folketalsveksten i bygda.

I juni 2007 presenterte den profilerte investoren Ola Mæle planar om å byggja eit nytt kjøpesenter på meir enn 40 000m2 i Nedrehagen, saman med lokale investorar i selskapet Nedrehagen AS. Dette selskapet var også med som skipar og aksjeeigar i Sogn Næring. Dette vart ei stor og kontroversiell politisk sak i Sogndal, og også eitt av dei prosjekta Sogn Næring fekk i fanget i startåret.

Det ser ikkje ut til at selskapet var særleg mykje involvert i arbeidet med dette senteret. Dette hadde nok samanheng med at det her var tale om ein stor og profesjonell investorgruppe, som hadde sitt eige apparat til å driva saka framover. Det kunne også ha noko samanheng med at mykje av den politiske striden kring det planlagde senteret stod om kor vidt det skulle få fritak frå den kommunale parkeringsordninga. Styret vart utfordra av kommunen til å koma med synspunkt på dette, men det ynskte ikkje styret i Sogn Næring. Dei heldt fast på sitt prinsipielle standpunkt om ikkje å ta stilling i saker dei rekna som politiske, noko dei formulerte i følgjande vedtak i oktober 2008: «Styret

i Sogn Næring ser på parkeringsordninga i Sogndal som eit spørsmål om infrastruktur, som ligg utanfor selskapet sitt verkeområde. Det er eit politisk spørsmål, som må i sin heilskap handterast av dei folkevalde organa».

Men i alle fall stod Sogn Næring som vertskap for eit informasjonsmøte på Fosshaugane Campus 17.september 2008, der Ola Mæle orienterte om planane for om lag 30 frammøtte. Møtet vart i etterkant kritisert i Sogn Avis av spaltisten Georg Arnestad, forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han karakteriserte det som «eit lukka møte i det anonyme selskapet Sogn Næring». Dette og andre debattinnlegg

This article is from: