1 minute read

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

Next Article
Kommunikasjon

Kommunikasjon

Sjølv om «gamle» Sogndal kommune og Sogn Næring i det store og heile hadde eit greitt og uproblematisk forhold, er kontakten og samarbeidet på eit heilt anna nivå med den nye Sogndal kommune. Det har sjølvsagt å gjera med den nye kommunen si sterkare satsing på samfunnsutviklingsarbeid. Nye Sogndal kommune fekk ei eiga avdeling for «Samfunn og næring», med Joakim Systaddal som leiar på kommunalsjefnivå. Dette gav Sogn Næring eit kommunalt apparat å samarbeida med, som ein no til no hadde mangla. Gamle Sogndal kommune hadde inga eiga avdeling for samfunnsutvikling.

Det vart lagt opp til ei arbeidsdeling mellom kommunen og Sogn Næring, slik vedtaket i den nye kommunen si fellesnemnd hadde slege fast i 2019, og som ser ut til å ha gitt selskapet ein meir strukturert og avklara rolle.

Styret i Sogn Næring fekk ikkje lenger ansvaret for å fordela midlar frå det kommunale næringsfondet til nye Sogndal kommune, men selskapet fekk i oppdrag å ta seg av mykje av det praktiske arbeidet med næringsfondet. Sogn Næring hadde i 2020 ansvar for utlysing, søknadsadministrasjon og regionalt sakshandsaming, medan kommuneadministrasjonen og formannskapet hadde ansvaret for vedtak om tildelingar og informasjon til søkarar.

Samarbeidet mellom den kommunale avdelinga «Samfunn og næring» og selskapet Sogn Næring har vore tett, mellom anna ved at kommunalt tilsette i periodar har hatt arbeidsstad hjå Sogn Næring. Dette har sjølvsagt letta kommunikasjonen, og truleg ført til at kommunalt tilsette og tilsette i Sogn Næring har kunna sett på seg sjølve som delar av eit felles team. At det ser ut til å ha vore god personkjemi mellom kommunalsjef Systaddal og dagleg leiar Skålid, skal heller ikkje undervurderast.

Tett kopling mellom kommune og næringsselskap kan likevel vera problematisk. Aksjeselskapet Sogn Næring kan ha andre interesser å ivareta enn dei kommunale. Selskapet si historie har synt at for tett kopling til kommunen kan resultera i skepsis i næringslivet.

This article is from: