Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 53

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

53

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Sjølv om «gamle» Sogndal kommune og Sogn Næring i det store og heile hadde eit greitt og uproblematisk forhold, er kontakten og samarbeidet på eit heilt anna nivå med den nye Sogndal kommune. Det har sjølvsagt å gjera med den nye kommunen si sterkare satsing på samfunnsutviklingsarbeid. Nye Sogndal kommune fekk ei eiga avdeling for «Samfunn og næring», med Joakim Systaddal som leiar på kommunalsjefnivå. Dette gav Sogn Næring eit kommunalt apparat å samarbeida med, som ein no til no hadde mangla. Gamle Sogndal kommune hadde inga eiga avdeling for samfunnsutvikling. Det vart lagt opp til ei arbeidsdeling mellom kommunen og Sogn Næring, slik vedtaket i den nye kommunen si fellesnemnd hadde slege fast i 2019, og som ser ut til å ha gitt selskapet ein meir strukturert og avklara rolle. Styret i Sogn Næring fekk ikkje lenger ansvaret for å fordela midlar frå det kommunale næringsfondet til nye Sogndal kommune, men selskapet fekk i oppdrag å ta seg av mykje av det praktiske arbeidet med næringsfondet. Sogn Næring hadde i 2020 ansvar for utlysing, søknadsadministrasjon og regionalt sakshandsaming, medan kommuneadministrasjonen og formannskapet hadde ansvaret for vedtak om tildelingar og informasjon til søkarar. Samarbeidet mellom den kommunale avdelinga «Samfunn og næring» og selskapet Sogn Næring har vore tett, mellom anna ved at kommunalt tilsette i periodar har hatt arbeidsstad hjå Sogn Næring. Dette har sjølvsagt letta kommunikasjonen, og truleg ført til at kommunalt tilsette og tilsette i Sogn Næring har kunna sett på seg sjølve som delar av eit felles team. At det ser ut til å ha vore god personkjemi mellom kommunalsjef Systaddal og dagleg leiar Skålid, skal heller ikkje undervurderast. Tett kopling mellom kommune og næringsselskap kan likevel vera problematisk. Aksjeselskapet Sogn Næring kan ha andre interesser å ivareta enn dei kommunale. Selskapet si historie har synt at for tett kopling til kommunen kan resultera i skepsis i næringslivet.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.