1 minute read

Forholdet til næringslivet

Det er vanskeleg å gi noko eintydig svar på kva forhold selskapet har hatt til det etablerte næringslivet i denne perioden. Sogn Næring hadde opphav i næringslivet og mange verksemder som eigarar. Eigarane bidrog også med driftsfinansiering i dei fem første åra. Det synte seg likevel vanskeleg å få fornya driftsavtalane. Det må vi tolka som at entusiasmen for selskapet ikkje var så stor i det etablerte næringslivet i 2013 og framover. Årsmeldinga frå 2013 måtte konstatera at «ein del av dagens eigarar har redusert sine driftsavtalar.» Det vart arbeidd med å fornya driftsavtalar i fleire år, men med dårleg resultat. Generalforsamlinga i 2016 måtte erkjenna at selskapet då sat att med berre ein underskriven driftsavtale for 2016, og at det trass mange førespurnader ikkje hadde lukkast å få meir driftsstøtte.

Det kan vera fleire grunnar til dette. Ei av Sogn Næring sine basisoppgåver var å ha rolla som førstelinjeteneste mot gründerar og folk som ynskte å starta opp næringsverksemd. Det var jamt tilsig av slike, og det gjorde at selskapet fekk sterkt fokus på denne rolla. Aktiviteten mot gründerar fekk også merksemd i lokale media. Mange av gründerverksedene var knytt til det veksande ski- sykkel- og friluftsmiljøet, og mykje kunne sjå ut til dreia seg om «campus». Dette gjorde nok at Sogn Næring av mange vart sett på som mindre relevant for det etablerte næringslivet. Agnar Holen, som sat i styret frå 2014 og som styreleiar frå 2016, hadde inntrykk av at det i delar av næringslivet rådde ei oppfatning om at Sogn Næring var ein del av eit «campus-miljø» som var mest oppteke av seg sjølv.

Det må også seiast at Sogn Næring hadde relativt få verkemiddel til å følgja opp etablert næringsliv. Det kommunale næringsfondet i Sogndal var ikkje stort. Ein måtte mykje konsentrera arbeidet sitt om nettverksbygging, kurs og seminar.

Då finansieringa frå dei private eigarane gradvis forsvann, medan det kommunale driftstilskotet stod ved lag, var ein gjerne inne i ein vond sirkel, der selskapet i større grad utførte oppgåver for kommunen, og såleis vart oppfatta som kommunestyrt og endå mindre relevant for mange i næringslivet. Per Odd Grevsnes, som leia selskapet i denne tida, si vurdering i dag er at dei store verksemdene var lojale og positive til Sogn Næring, medan det var meir skepsis i ein del mindre og mellomstore verksemder.

This article is from: