Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 41

Forholdet til næringslivet

41

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Det er vanskeleg å gi noko eintydig svar på kva forhold selskapet har hatt til det etablerte næringslivet i denne perioden. Sogn Næring hadde opphav i næringslivet og mange verksemder som eigarar. Eigarane bidrog også med driftsfinansiering i dei fem første åra. Det synte seg likevel vanskeleg å få fornya driftsavtalane. Det må vi tolka som at entusiasmen for selskapet ikkje var så stor i det etablerte næringslivet i 2013 og framover. Årsmeldinga frå 2013 måtte konstatera at «ein del av dagens eigarar har redusert sine driftsavtalar.» Det vart arbeidd med å fornya driftsavtalar i fleire år, men med dårleg resultat. Generalforsamlinga i 2016 måtte erkjenna at selskapet då sat att med berre ein underskriven driftsavtale for 2016, og at det trass mange førespurnader ikkje hadde lukkast å få meir driftsstøtte. Det kan vera fleire grunnar til dette. Ei av Sogn Næring sine basisoppgåver var å ha rolla som førstelinjeteneste mot gründerar og folk som ynskte å starta opp næringsverksemd. Det var jamt tilsig av slike, og det gjorde at selskapet fekk sterkt fokus på denne rolla. Aktiviteten mot gründerar fekk også merksemd i lokale media. Mange av gründerverksedene var knytt til det veksande ski- sykkel- og friluftsmiljøet, og mykje kunne sjå ut til dreia seg om «campus». Dette gjorde nok at Sogn Næring av mange vart sett på som mindre relevant for det etablerte næringslivet. Agnar Holen, som sat i styret frå 2014 og som styreleiar frå 2016, hadde inntrykk av at det i delar av næringslivet rådde ei oppfatning om at Sogn Næring var ein del av eit «campus-miljø» som var mest oppteke av seg sjølv. Det må også seiast at Sogn Næring hadde relativt få verkemiddel til å følgja opp etablert næringsliv. Det kommunale næringsfondet i Sogndal var ikkje stort. Ein måtte mykje konsentrera arbeidet sitt om nettverksbygging, kurs og seminar. Då finansieringa frå dei private eigarane gradvis forsvann, medan det kommunale driftstilskotet stod ved lag, var ein gjerne inne i ein vond sirkel, der selskapet i større grad utførte oppgåver for kommunen, og såleis vart oppfatta som kommunestyrt og endå mindre relevant for mange i næringslivet. Per Odd Grevsnes, som leia selskapet i denne tida, si vurdering i dag er at dei store verksemdene var lojale og positive til Sogn Næring, medan det var meir skepsis i ein del mindre og mellomstore verksemder.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.