1 minute read

Reiselivsorganisering

Det var delte meiningar om kor vidt det var rett å satsa på eit cruisemottak i Sogndal. Ein rapport frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, ført i pennen av Ståle Brandshaug, konkluderte våren 2008 med at kommunane burde samla seg om ein cruisekai i Skjolden. Saka drog ut i tid, og rann til slutt ut i sanden, mellom anna fordi det var tunge problemstillingar knytt til bruken av arealet på den gamle slakteritomta, og - slik Paal Fosdal i dag vurderer det - heller ikkje eintydig sterkt politisk engasjement for satsa på cruiseturisme.

Saka om cruiseanløp i Sogndal vart likevel halden varm, i alle fall til 2011. 20 juni dette året arrangerte Sogn Næring eit større møte med fleire innleiarar, og i etterkant bad styret dagleg leiar om å kalla inn potensielle investorar til eit møte for å sjå om det var investeringsvilje for tiltaket. Ein måtte konstatera at slik vilje ikkje fanst.

I Sogndal hadde denne næringa sin eigen organisasjon, Reisemål Sogndal og Luster AS. Det var problemstillingar kring grensedraging mellom oppgåvene til Sogn Næring og denne etablerte organisasjonen. Sogn Næring la til grunn at grensetilfelle måtte avklarast mellom selskapa, utan at dette skulle vera til hinder for at Sogn Næring kunne engasjera seg i næringsutviklingstiltak innanfor reiseliv i Sogndal. Dagleg leiar i Sogn Næring sat som observatør i styret og medlem i «strategigruppa» deira.

Det var nok ei oppfatning av at organiseringa av reisemålsnæringa ikkje var optimal, og i mars 2010 kunne Wilhelm Tangerud rapportera til styret i Sogn Næring at dei hadde fått oppdrag av rådmannen «angåande reisemålssatsinga i Sogndal». Reiselivsnæringa i Sogn var splitta opp i åtte destinasjonsselskap/reiselivslag, og i tillegg hadde ein det

This article is from: