2 minute read

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

Det var likevel eit faktum at mange av dei nye verksemdene sleit med mangel på kapital. Når den første etableringsfasen var over, der det offentlege verkemiddelapparatet kunne bidra, var tilgangen på kapital ofte avgjerande. Grevsnes etterlyste i Sogn Avis lokal kapital som kunne hjelpa verksemder i denne overgangsfasen. Det er eit faktum at det ikkje er flust med risikovillig kapital i regionen vår, men – i følgje Torgeir Skålid – har mange av dei nye verksemdene etter kvart lært seg metodar for å sikra seg ekstern kapital.

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

Næringshageprogrammet er eit nasjonalt program administrert av SIVA (Selskapet for industrivekstanlegg), med delvis statleg finansiering. Programmet starta opp i 1998, og i 2011 vart det bestemt å vidareføra det for ei ny tiårsperiode (2012 – 2022). Kjernen i ein næringshage skulle vera eit utviklings- og nyskapingsmiljø med fleire verksemder som hadde tydlege fellesinteresser, men som kunne vera fysisk lokalisert på ulike stader. Sogn Næring ynskte å verta deltakar i programmet, som både kunne gi midlar til auka aktivitet, og tilgang til utdanningsprogram, kurs, nettverk, metodikk, malar og beste praksis for forretningsutvikling og kommersialisering. Selskapet tok initiativ til ein samla næringshage for Sogn, og kalla alle næringssjefane i distriktet inn til drøfting rundt programmet. Ikkje minst såg ein på næringshageprogrammet som eit godt verkemiddel til å arbeida mot etablerte verksemder.

Det synte seg at Aurland næringshage også hadde ynskje om å søka deltaking i programmet, men også dei aksepterte at ein felles næringshage for Sogn kunne organiserast av Sogn Næring. Slik gjekk det likevel ikkje. Slik kriteria for opptak i programmet var, meinte SIVA og fylkeskommunen at Aurland næringshage var det naturlege kontaktpunktet i forhold til næringshageprogrammet. Aurland næringshage vert såleis omgjort til Sognefjorden næringshage og næringshageprogrammet drifta frå Aurland, men gjennom ein avtale som sa at miljøa i Aurland og Sogndal skulle samarbeida som «likeverdige partar i forvaltninga Næringshagestatusen». Opplegget var at næringshagen skulle kjøpa tenester frå Sogn Næring innan IT og teknologi. Dette var ei løysing styret i Sogn Næring var nøgd med, og i praksis vart samarbeidet mellom Næringshagen og Sogn Næring tett, men også problematisk. I 2014 gav SIVA klart uttrykk for at dei ikkje var nøgde med måten næringshageprogrammet i Sogn var organisert på og korleis det fungerte. Avtalen mellom Sognefjorden næringshage og Sogn Næring vart reforhandla i 2015, med klarare formuleringar om at det var Sognefjorden næringshage i Aurland som var navet i arbeidet, men også at dagleg leiar for næringshagen skulle ha 40% av stillinga si i Sogndal. Avtalen kunne reforhandlast kvart år. Næringshagen i Aurland sleit med bemanning, mellom anna grunna sjukemeldingar, og Per Odd Grevsnes måtte i periodar også ha ansvaret for dagleg leiing i næringshagen.

For Sogn Næring har arbeidet knytt til næringshageprogrammet vore viktig, og er det framleis. Ein har kunna jobba konkret med oppfølging av etablerte verksemder, og ein hatt ressursar til å gjennomføra møte og studieturar, både i inn- og utland.

This article is from: