1 minute read

Cruiseturisme

Nokre av dei større einskildoppgåvene Sogn Næring måtte ta tak i starten kan vera verdt å nemna. Den aller første større einskildoppgåva selskapet fekk på bordet var spørsmålet om å etablera cruisemottak i Sogndal. Denne saka vart presentert for ålmenta gjennom eit heilsides oppslag i Sogn Avis 6. september 2007, der Asbjørn Nes presenterte eit opplegg for ei fleksibel flytande kailøysing, som han hadde teke patent på. Ordførar Karen Marie Hjelmeseter uttrykte seg positivt til løysinga og peika på slakteritomta i Øyane som ein naturleg lokalitet for ein slik cruisekai. Styreleiaren i Sogn Næring, Atle Stalheim, konstaterte at no hadde kommunen gjennom dette selskapet fått eit verktøy som kunne driva ei slik sak framover. Alt på det første styremøtet til Pål Fosdal, 22. oktober, vart det vedteke å arbeida for å finansiera og organisera eit forprosjekt som kunne sjå på problemstillingar med cruisemottak i stor breidde, samstundes som styret sa nei til ein søknad om å dekka kostnader med reint tekniske berekningar for kaianlegget. Det vart arbeidd med å finansiera og organisera eit slik forprosjekt utover i 2008, men dette lukkast ikkje.

This article is from: