3 minute read

Skipinga

dei framlegg og dei strategiar som «Næringsprosjektet i Sogndal» hadde utvikla. Den største skilnaden var at medan prosjektet hadde ønska seg eit selskap der 51% av aksjane var eigde av privat næringsliv og 49% av kommunen, ville sakskomiteen at aksjekapitalen skulle fordelast likt mellom næringsliv og kommune.

Vedtaket slo fast at selskapet burde ha følgjande oppgåver: • etablerarrettleiing • etablere og halde vedlike nettverk mellom næringsverksemder og offentlege instansar • kompetanse om og kontakt med det regionale og statlege næringsapparatet • vertskap for ein inkubator • i samråd med kommunen ta del i større utviklingsprosjekt • marknadsføring av kommunen og regionen som lokaliseringsstad for verksemder/arbeidsplassar • handsame søknader til næringsfondet og til DAA-fondet. Dei delane av næringsfondet som ikkje vert nytta til kommunal infrastruktur m.m. i samband med budsjetthandsaminga bør stillast til disposisjon for selskapet, med formannskapet som klageorgan på vedtaka.

Det heitte vidare at selskapet burde ha ein aksjekapital på minst 1 million kroner og ei årleg grunnløyving på minst 1 million kroner, der næringslivet og kommunen kvar minst bidrog med 0,5 millonar kroner. Sjølv om verkeområdet for selskapet i utgangspunktet var Sogndal kommune, kan det vera verd å merka seg at ein alt no opna opp for at selskapet kunne utvida verksemda si til andre kommunar i Sogn. Rådmannen fekk i oppdrag å forhandla fram framlegg til vedtekter og selskapsavtale for selskapet. Kommunen sitt engasjement i selskapet vart i samband med budsjetthandsaminga også forankra i økonomiplanen for 2007-2010, som eitt av kommunens «10-på topp»-punkt. Kommunen sitt formelle engasjement for å få næringsselskapet opp å gå kom så i eit kort kommunestyrevedtak 8. februar 2007. Då var alle skipingsdokument klare og juridisk kvalitetssikra, og ordførar fekk «fullmakt til å representera kommunen på konstituerande generalforsamling i eit nytt næringsselskap (Sogn Næring AS).» I saksutgreiinga går det fram at administrasjonen i samråd med «næringsprosjektet i Sogndal og sekretariatet for dette prosjektet, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane», hadde laga utkast til vedtekter og aksjonæravtale for selskapet. I praksis var det Næringsprosjektet som hadde utført dette arbeidet, noko dei hadde teke til med alt sommaren 2006. Parallelt med dette, arbeidde Næringsprosjektet med å sikra aksje- og driftskapital frå næringslivet, og dette var nok i all hovudsak sikra då kommunestyret gjorde sitt vedtak i februar.

Sogn Næring AS vart formelt skipa 20. april 2007, på dagen eitt år etter at kommunen hadde sett ned sakskomiteen for å greia ut organisering av næringsarbeidet. Sogndal

kommune og 11 næringsaktørar i kommunen var eigarar. Den samla aksjekapitalen var på kr 1 000 000, fordelt på 100 aksjar á kr 10 000. Av dette teikna kommunen seg for halvparten, medan den dei resterande 500 000 var fordelt slik: Sogningen storsenter AS, og Sogndal Fotball AS 10 aksjar kvar; Lerum AS 5 aksjar; Nedrehagen AS, Sparebanken Vest, Indre Sogn Sparebank, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogndal Hotel AS, Sognatun AS og Sogndal utviklingsselskap hadde kvar 3 aksjar. Vestlandshus Sogn AS teikna seg for 2 aksjar.

Samstundes vart det vedteke ein aksjonæravtale som la til grunn at selskapet var skipa for å realisera kommunen og næringslivet sine ønskje om eit felles næringsselskap i Sogndal. I aksjonæravtalen vart det slege fast at selskapet skulle driva «næringsutvikling i regionen», dei konkrete arbeidsoppgåvene var dei same som var lista opp i kommunestyrevedtaket frå hausten før. For kommunen var nok det mest inngripande at dei delegerte sakshandsaming og løyvingar frå det kommunale næringsfondet frå eit folkevald organ til den nye aksjeselskapet.

Aksjonæravtalen la også eit økonomisk grunnlag for drifta dei første åra: Sogndal kommune forplikta seg til å tilføra selskapet ei basisfinansiering på minimum kr 500 000 årleg dei fem første åra, og dei andre aksjonærane ei forplikta seg til samla å bidra med det same, fordelt etter kvar aksjonær sin del av aksjekapitalen.

Styret skulle ha seks medlemer med kvar sin personlege varamedlem. Tre av styremedlemene skulle utpeikast av kommunen, og dei tre andre av dei andre aksjonærane. Generalforsamlinga skulle velja styreleiar.

På den konstituerande generalforsamlinga vart Atle Stalheim vald til styreleiar. Med seg i styret fekk han Laura Kvamme, Sigurd Sætre, Arild Meisterplass, Gro Lerum Bondevik og Yngve Hallén. Dei tre første var oppnemnde av kommunen.

This article is from: