dei framlegg og dei strategiar som «Næringsprosjektet i Sogndal» hadde utvikla. Den største skilnaden var at medan prosjektet hadde ønska seg eit selskap der 51% av aksjane var eigde av privat næringsliv og 49% av kommunen, ville sakskomiteen at aksjekapitalen skulle fordelast likt mellom næringsliv og kommune.
SOGN NÆRING 2007 - 2022
Vedtaket slo fast at selskapet burde ha følgjande oppgåver: • etablerarrettleiing • etablere og halde vedlike nettverk mellom næringsverksemder og offentlege instansar • kompetanse om og kontakt med det regionale og statlege næringsapparatet • vertskap for ein inkubator • i samråd med kommunen ta del i større utviklingsprosjekt • marknadsføring av kommunen og regionen som lokaliseringsstad for verksemder/arbeidsplassar • handsame søknader til næringsfondet og til DAA-fondet. Dei delane av næringsfondet som ikkje vert nytta til kommunal infrastruktur m.m. i samband med budsjetthandsaminga bør stillast til disposisjon for selskapet, med formannskapet som klageorgan på vedtaka. Det heitte vidare at selskapet burde ha ein aksjekapital på minst 1 million kroner og ei årleg grunnløyving på minst 1 million kroner, der næringslivet og kommunen kvar minst bidrog med 0,5 millonar kroner. Sjølv om verkeområdet for selskapet i utgangspunktet var Sogndal kommune, kan det vera verd å merka seg at ein alt no opna opp for at selskapet kunne utvida verksemda si til andre kommunar i Sogn. Rådmannen fekk i oppdrag å forhandla fram framlegg til vedtekter og selskapsavtale for selskapet. Kommunen sitt engasjement i selskapet vart i samband med budsjetthandsaminga også forankra i økonomiplanen for 2007-2010, som eitt av kommunens «10-på topp»-punkt. Kommunen sitt formelle engasjement for å få næringsselskapet opp å gå kom så i eit kort kommunestyrevedtak 8. februar 2007. Då var alle skipingsdokument klare og juridisk kvalitetssikra, og ordførar fekk «fullmakt til å representera kommunen på konstituerande generalforsamling i eit nytt næringsselskap (Sogn Næring AS).» I saksutgreiinga går det fram at administrasjonen i samråd med «næringsprosjektet i Sogndal og sekretariatet for dette prosjektet, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane», hadde laga utkast til vedtekter og aksjonæravtale for selskapet. I praksis var det Næringsprosjektet som hadde utført dette arbeidet, noko dei hadde teke til med alt sommaren 2006. Parallelt med dette, arbeidde Næringsprosjektet med å sikra aksjeog driftskapital frå næringslivet, og dette var nok i all hovudsak sikra då kommunestyret gjorde sitt vedtak i februar.
Skipinga Sogn Næring AS vart formelt skipa 20. april 2007, på dagen eitt år etter at kommunen hadde sett ned sakskomiteen for å greia ut organisering av næringsarbeidet. Sogndal
8