5 minute read

Byregionprogrammet

Får nye impulsar på storsamling i Dublin

nn Verdas største nn Mange frå Sogn

sogndal: I desse dagar er ei rekkje verksemder frå Sogn på verdas største samling for «utviklingsretta bedrifter» i Dublin.

Samlinga som heiter ‹‹WEB SUMMIT›› er eit årleg arrangement og i år er om lag 22.000 deltakar på plass.

Mykje variert

– Det er ulike innleiarar på mange ulike tema, og mange leiarar frå dei mest ekspansive bedriftene i verda skal halde innleiingar. Det er òg seminar med mindre verksemder som er i oppstart og vekstfase, nettbasert bedriftsutvikling og innovasjon er hovudfokus, seier Per-Odd Grevsnes, Dagleg leiar i Sogn Næring AS.

Mange frå Sogn

Frå Sogn stiller fylgjande verksemder: Avery Dennison NTP, Rocketfarm, Digital Etikett, Vestlandsforsking, Gasta, Bluefjords, Avinett, Sognefjorden Næringshage og Vardahei IT. Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og næringssjefane i Sogndal og Luster deltek òg.

Motivasjon

– Det har og vore arbeidd med å få på plass bedriftsbesøk. Sognedelegasjonen har såleis

BESØKTE GOOGLE: Representantar frå Avery Dennison NTP, Rocketfarm, Digital Etikett, Vestlandsforsking, Gasta, Bluefjords, Avinett, Sognefjorden Næringshage og Vardahei IT, Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane og næringssjefane i Sogndal og Luster etter bedriftsbesøk på google. (Foto: Privat)

fått organisert bedriftsbesøk med møte, til både Google og Facebook. Begge desse verksemdene har bygd opp store avdelingar i Dublin, avdelingar som er i rask vekst, seier Grevsnes.

Målsetjinga med opplegget er å få ny kunnskap og motivasjon. – Verksemdene som deltek vil òg få høve til å møta og utvikla samarbeidsrelasjonar med andre bedrifter som er med på Web Summit. Sognabedriftene vil òg utnytte tida i saman til å vidareutvikla samarbeidsrelasjonane seg i mellom. Fleire av desse har forretningmessig samarbeid i dag.

Turen er eit resultat av ulike samarbeidsprosjekt der Sognefjorden Næringshage er ein sentral aktør.

Morten Sortland

morten@sognavis.no

Din lokale elektriker

Bosch Car Service

Sogndal, Leikanger, Årdal og omegn 4 Best Bensinstasjon 4 Best Oljesenter 4 Lakk og Byregionprogrammet Karosseriverkstad 4 Bosch Car Service 4 Bilutleige 4 NAF/Falk redningsteneste

Løysing SUDOKU:

MMS/SMS: «SOtips» til 1982

E-post: desk@sognavis.no

Telefon: 97 76 77 33 www.solbergelservice.no Solberg el-service_62x40 mm.indd 1 26.09.2014 11:53:29 Sentralbord: 57 65 60 00

Vik Bil as Tlf. 57 69 84 00 I mai 2014 kunne Sogn Avis melda at Sogndal, Luster og Leikanger «Tek næringsarbeidet eit steg vidare». Bakgrunnen var at dei tre kommunane hadde gått saman om deltaking i «Byregionprogrammet», eit utviklingsprogram i regi av kommunaldepartementet som skulle auka kunnskapen om korleis by og omland kunne jobba saman og styrka regional vekstkraft. Avisa fortalde at Sogndal, Luster og Leikanger ville laga eit eige næringsprogram, og finna ut korleis dei kunne utvikla seg, på tvers av kommunegrensene. Sogn Næring hadde ansvaret for gjennomføringa av programmet, som hadde to fasar, med Tore Frimannslund som prosjektleiar i den første fasen og Lisbeth Bringebøen i den andre fasen.

sud_cs1491a.tif

©& Distribution: www.knightfeatures.com / www.pib.dk

Tek næringsarbeidet eit steg vidare

sogndal: Sogndal, Leikanger og Luster skal finna ut kva dei gjer rett. Så skal dei kartleggja kva som hindrar dei i å utvikla seg vidare.

Dei tre kommunane har funne saman i byregionprogrammet, noko som raskt lanserer det forslitte uttrykket samarbeid. Men det er litt meir enn det. Dei vil laga eit felles næringsprogram og finna ut korleis dei kan utvikla seg vidare på tvers av kommunegrenser.

Ikkje krangla

Lokaliseringsstridar må dempast kraftig. – Alle tre kommunar kan ha nytte av at ei bedrift etablerer seg. Problemet er at me slåst om dei same tinga. Me må gjera ting i lag. Dette er litt utfordringa – det kan vera meir nyttig at me får bedrifta i ein av kommunane, enn at ingen får det, seier leikangerordførar Olav Lunden (Ap).

Sist veke møttest partane og noterte seg område som skal få spesiell merksemd i arbeidet framover. Sogn Næring er ein vesentleg aktør i programmet. Første fase blir gjennomført i 2014, og det er dette det er gitt midlar til no. Denne fasen er retta mot kunnskapsinnhenting om dei ulike byregionane, etablering av samarbeid og val av tema som skal arbeidast vidare med.

Flyttemønster

Tema som denne regionen skal sjå på er: Flyttestraumar. Eksisterer det eit asymmetrisk forhold mellom naudsynt arbeidskraft hjå bedriftene og den tilgjengelege arbeidskraft. Nøkkelpersonar og kompetansearbeidskraft. Er det viktige fagområde som er særleg vanskeleg å rekruttera til, kva kan i tilfelle gjerast for å løysa dette? Kartleggja utvida område der det trengst betre samordning/samarbeid mellom offentlege institusjonar og private verksemder for å få ei betre utvikling.

Utvikling av handelsmønster. Korleis handlar befolkninga i regionen? Korleis går pengestraumane? Nye tilflyttingsgrupper til regionen. Korleis arbeider kommunane med desse gruppene, og korleis kan arbeidet utviklast vidare. Regionen er i ferd med å bli at-

STERKARE SAMAN: Tre kommunar skal styrka næringssamarbeidet. F.v. Olav Grov (Luster), Per-Odd Grevsnes (Sogn Næring), Per Holen (Leikanger), Tore Frimanslund (Sogn Næring), Jarle Aarvoll (Sogndal) og Olav Lunden (Leikanger). traktiv for såkalla «livsstilflyttarar». Kor mange er dette? Kvifor Sogn er attraktivt og korleis regionen kan bli meir attraktiv.

Keth Øren

keth@sognavis.no

Første fase fokuserte på å etablere ei felles forståing av utfordringar og mogelegheiter i dei tre kommunane. Dette enda opp med ein samfunnsanalyse med tre temaområde som kommunane var særskild opptekne av: • Korleis utnytta tilflyttingspotensialet og næringspotensialet knytt til nye former for friluftsliv og aktivitetsbasert reiseliv? • Korleis bidra til å sikre eksisterande, og leggje til rette for nye, statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i kommunane? • Korleis kople og utnytte kompetansemiljøa i kommunane til innovasjon og nyskaping?

Desse områda vart lagt til grunn for arbeidet i den andre fasen av prosjektet, der fokus var arbeid med konkrete tiltak knytt til dei ulike satsingsområda.

Dette var eit stort prosjekt med ei samla utgiftramme på kring 4,5 millionar kroner. Planen var at prosjektet skulle gå ut 2018, men på grunn av kommunereforma, som med vedtak i 2017 slo saman Sogndal, Leikanger og Balestrand med tvang, med verknad frå 2020, medan Luster heldt fram som eigen kommune, vart programmet avslutta i 2017. Det kan vera naturleg å sjå heile det nasjonale byregionprogrammet som eit instrument for å førebu kommunereforma.

Oppsummeringa av prosjektet tyder på at alle dei tre kommunane såg på det som vellukka, sjølv om dei konkrete resultata neppe kan seist å vera oppsiktsvekkande, og sjølv om prosjektkommunane ikkje fann saman i ein ny kommune. Politisk og administrativ leiing i kommunane var komne tettare på kvarandre, og ein meinte å ha lagt eit breitt forankra kunnskapsgrunnlag og ei felles forståing av utfordringar og mogelegheiter på område som til dømes arbeidet med offentlege arbeidsplassar.

Det aller mest konkrete resultatet av prosjektet var at Sogndal og Leikanger vart samde om å ei felles organisering av næringsarbeidet i kommunane. Frå 01.01.2017 tok Leikanger kommune til å kjøpa tenester frå Sogn Næring og det vart etablert ei felles førstelinjeteneste. Næringsfonda for Sogndal og Leikanger vart også slegne saman, og forvalta av Sogn Næring. Dette hadde, som vi skal sjå, også andre årsaker enn berre

This article is from: