6 minute read

Forhistoria

Etableringa av Sogn Næring A/S i 2007 hadde ei forhistorie som gjekk etter to liner, ei knytt til engasjement frå aktørar i næringslivet i Sogndal, og ei knytt til Sogndal kommune. Denne forhistoria starta hjå næringslivet og i miljøet kring Kunnskapsparken, som alt var etablert i Sogndal i 2005. Den konkrete bakgrunnen var at ein såg eit behov for å etablera eit næringsapparat i Sogndal som mellom anna kunne sikra at kommunen og verksemder i kommunen kunne få hand om midlar knytt til kompensasjon for differensiert arbeidsgivaravgift. I Sogn og Fjordane vart dei kalla INU-midlar. Sentrale aktørar var Atle Stalheim, då tilsett i Fokus bank, og Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken. Med seg på laget hadde dei også Arild Bøthun i Vestlandshus Sogn AS (med ei fortid som økonomisjef i Sogndal Fotball).

På ettersommaren 2005 utvikla dei ein søknad om INU-midlar til eit prosjekt kalla «Næringsutvikling og nyskaping i samarbeid. Etablering av ein felles møtestad for privat og offentleg næringsliv i Sogndal og omegn». Det var Fokus bank, med Atle Stalheim som kontaktperson, som stod som søkar, i samarbeid med Sparebanken Vest, Sogndal kommune, Sogndal næringssamskipnad, Lerum fabrikker, Vestlandshus Sogn og Byggsenteret Audun Hundere AS. Søknaden vart utarbeidd i forståing med Sogndal kommune.

Målsettinga med prosjektet var todelt: Ein skulle etablera ein felles møtestad for næringsutvikling og nyskaping i Sogndal og bidra til auka samarbeid og kompetanseutveksling mellom aktørane gjennom felles næringsutviklingstiltak og felles nyskapingsprosjekt. Prosjektet, som etter kvart fekk namnet «Næringsprosjektet i Sogndal», fekk ei løyving på kr 100 000 av INU-midlane, og sette i gang arbeidet med eit første prosjektmøte like før jul 2005. Her vart arbeidet og målsettingane konkretiserte:

«Forankring

For at ein skal kunne lukkast med ein slik næringsorganisasjon, er ein avhengig av at den/dei ansvarlege for næring i kommunen er med i prosessen, og at dette har brei politisk forankring. Vidare er det av stor betydning for resultatet at næringslivsaktørar frå eit breitt utval av næringar i Sogndal engasjerer seg, og viser dette gjennom debattar og liknande. Med ei god forankring inn mot offentlege og private næringsaktørar, kan ein bygge nettverk mellom aktørane og vidare inn mot regionale, fylkeskommunale og statlege virkemiddelapparat.

Målsetjing

Næringsprosjektet i Sogndal skal vere eit organ for næringslivet i Sogndal kommune.

Gjennom forpliktande samarbeid med ansvarlege for næring i Sogndal kommune, skal ”Næringsprosjektet” prioritere, utvikle, organisere og realisere prosjekt som kan skape utvikling i Sogndal. Utvikling skal skapast gjennom samhandling og nettverksbygging, tillit og dugleik.»

Av referatet frå møtet går det fram at også kommunen hadde sett av pengar til prosjektet, og Atle Stalheim fekk i oppdrag å ta kontakt med rådmann Jostein Aanestad for å avtala møte med kommunen. Kjetil Kvåle og Kunnskapsparken fekk prosjektleiaransvaret, og fekk i praksis ansvaret for svært mykje av forarbeidet til det som skulle bli Sogn Næring AS.

Sogndal kommune var sjølvsagt ein avgjerande aktør, dersom «Næringsprosjektet i Sogndal» skulle lukkast. Kommunen hadde ikkje nokon eigen næringsetat. Næringsarbeidet var forankra hjå ordførar, formannskap og rådmann, og hadde på langt nær same tyngda som det til dømes hadde i nabokommunen Luster, der det var forankra hjå ein eigen næringssjef, eller i Årdal, der dette arbeidet vart gjort av Årdal utvikling, ei stifting eigd av kommunen. Når Sogndal kommune ikkje hadde satsa meir på aktivt næringsarbeid, kan det tolkast som eit uttrykk for at kommunen hadde hatt ei meir positiv utvikling enn nabokommunane, og ikkje følt same behovet for kommunalt næringsarbeid. Likevel var styrking av det kommunale næringsarbeidet på dagsorden i denne tida. Prosjektgruppa for «Næringsprosjektet i Sogndal» visste å vita at «det politiske miljøet ”leitar” etter ein modell for å organisere næringsarbeidet i kommunen».

Også Sogn Avis var oppteken av kommunen sitt manglande næringsapparat. Med utgangspunkt i eit oversyn som synte at Sogndal kom dårleg ut på nyetableringar i næringslivet, tok avisa problemstillinga opp gjennom fleire reportasjar i starten av januar 2006. På leiarplass 9. januar konstaterte avisa at talet på nyetableringar var «langt under halvparten av nyetableringar som lokomotiva i Sunnfjord, Førde og Florø leverte i 2005 og langt bak ei rekke andre kommunar». «Når ein kommune som Sogndal kjem så dårleg ut som i denne undersøkinga, må noko gjerast. Og kvifor i all verda kan ikkje sogndølene læra av kommunar som gjer det bra og som har sitt eige, kommunale næringsapparat?», avslutta leiarskribenten.

Trass i desse dystre meldingane i lokalavisa, er det ikkje tvil om at det skjedde mykje i næringslivet i Sogndal på denne tida: Det store tribunebygget på Fosshaugane Campus, som dekka langsida mot Høgskulen og kortsida mot Lines, opna 7. juli 2006, og det kan argumenterast for at det på mange måtar markerte eit tidsskifte i næringslivet i Sogndal. Kjøpesenteret Sogningen sette også i gang arbeidet med ei stor utviding av senteret, så det kan neppe vera tvil om at det rådde ein optimisme i næringslivet trass dei få nyetableringane.

Som vi har sett, var kommuneleiinga alt involvert i arbeid med organisering av næringsarbeid, gjennom «Næringsprosjektet i Sogndal», og hadde også sett av midlar til det i budsjettet for 2006. Problemstillingar kring organisering av kommunalt

næringsarbeid var også ein del av eit nasjonalt «Stigfinnarprogram» der Sogndal kommune var med, sjølv om det ikkje ser ut til at det var dette området i programmet kommunen hadde mest merksemd på.

I januar presenterte den sjølvbestalta prosjektgruppa sine tankar om tankane sine for kommunen i større detalj, og saka vart snart sett på den formelle politiske dagsorden. 19. april vart det halde eit møte med ordførar Karen Marie Hjelmester, rådmann Jostein Aanestad, prosjektgruppa for næringsprosjektet og andre representantar for næringslivet, for å drøfta den framtidige næringsorganiseringa. På dette møtet informerte ordførar Karen Marie Hjelmeseter om korleis kommunen arbeidde med næringsorganiseringa – mellom anna hadde formannskapet vore på ekskursjon og vorte presenterte ulike modellar for organisering av kommunalt næringsarbeid. Rådmannen peika på at dei frå kommunen si side tok utgangspunkt i fire ulike modellar for organisering: • Kommunal næringssjef, del av den kommunale administrasjon • Privat næringsselskap der kommunen evt. kjøper tjenester • Næringsselskap eigd av kommune og næringsliv i fellesskap • Ein felles ”prate-arena” der ”alle som vil” deltek (nettverksbasert).

Dagen etter dette møtet sette kommunen sin Utviklingskomité ned ein sakskomité for å greia ut framtidig organisering av næringsarbeidet i kommunen. Gunnstein Flugheim, Liv Synnøve Bøyum og Torbjørn Lie vart valde, med Flugheim som saksordførar.

Dei fekk også i oppdrag å greia ut dei økonomiske følgjene av den organisasjonsmodellen dei valde, og skulle leggja fram innstillinga si for kommunestyret 26. oktober.

Det er tydeleg at prosjektgruppa for «Næringsprosjektet i Sogndal» no hadde rimeleg klare tankar om korleis dei ynskte at det framtidige næringsarbeidet burde organiserast. I referatet frå møtet 19. april går det fram at dei ville utarbeida ein forretningsplan for eit næringsselskap, organisert som eit AS, forankra i forpliktande avtalar mellom selskap, kommune og næringsliv, mellom anna om basisfinansiering

«Forretningsplan, aksjonærsamansetting og avtaleverk skal utarbeidast snarast råd. Ein kan då presentere dette for den kommunale sakskomiteen på eit so tidleg tidspunkt som mogleg,» heitte det i referatet.

Alt til det første møtet i sakskomiteen 11. mai hadde næringsprosjektet innspel i form av ein Powerpoint-presentasjon, og i løpet av denne månaden utarbeidde Kunnskapsparken, på oppdrag frå prosjektet, eit utkast til forretningsplan for det dei alt då kalla Sogn Næring AS.

Det var lagt opp til tett samarbeid mellom sakskomiteen og næringsprosjektet. Dei hadde felles møte og drog på felles ekskursjon til Stryn i slutten av august. I oppsummeringa etter denne turen oppmoda sakskomiteen representantane frå næringslivet om å arbeida vidare med planane om eit næringsselskap. Næringsprosjektet laga utkast til vedtekter og aksjonæravtale og arbeidde for å sikra deltaking og finansiering frå næringsverksemder. Eit viktig element i planane var å få aksjonærane til å forplikta seg til å sikra basisfinansiering i fem år.

Til kommunestyremøte 26. oktober 2006 la den kommunale sakskomiteen fram innstillinga si, som vart samrøystes vedteken. Innstillinga var i all hovudsak i tråd med

This article is from: