Forhistoria
Av referatet frå møtet går det fram at også kommunen hadde sett av pengar til prosjektet, og Atle Stalheim fekk i oppdrag å ta kontakt med rådmann Jostein Aanestad for å avtala møte med kommunen. Kjetil Kvåle og Kunnskapsparken fekk prosjektleiaransvaret, og fekk i praksis ansvaret for svært mykje av forarbeidet til det som skulle bli Sogn Næring AS.
5
SOGN NÆRING 2007 - 2022
Etableringa av Sogn Næring A/S i 2007 hadde ei forhistorie som gjekk etter to liner, ei knytt til engasjement frå aktørar i næringslivet i Sogndal, og ei knytt til Sogndal kommune. Denne forhistoria starta hjå næringslivet og i miljøet kring Kunnskapsparken, som alt var etablert i Sogndal i 2005. Den konkrete bakgrunnen var at ein såg eit behov for å etablera eit næringsapparat i Sogndal som mellom anna kunne sikra at kommunen og verksemder i kommunen kunne få hand om midlar knytt til kompensasjon for differensiert arbeidsgivaravgift. I Sogn og Fjordane vart dei kalla INU-midlar. Sentrale aktørar var Atle Stalheim, då tilsett i Fokus bank, og Kjetil Kvåle i Kunnskapsparken. Med seg på laget hadde dei også Arild Bøthun i Vestlandshus Sogn AS (med ei fortid som økonomisjef i Sogndal Fotball). På ettersommaren 2005 utvikla dei ein søknad om INU-midlar til eit prosjekt kalla «Næringsutvikling og nyskaping i samarbeid. Etablering av ein felles møtestad for privat og offentleg næringsliv i Sogndal og omegn». Det var Fokus bank, med Atle Stalheim som kontaktperson, som stod som søkar, i samarbeid med Sparebanken Vest, Sogndal kommune, Sogndal næringssamskipnad, Lerum fabrikker, Vestlandshus Sogn og Byggsenteret Audun Hundere AS. Søknaden vart utarbeidd i forståing med Sogndal kommune. Målsettinga med prosjektet var todelt: Ein skulle etablera ein felles møtestad for næringsutvikling og nyskaping i Sogndal og bidra til auka samarbeid og kompetanseutveksling mellom aktørane gjennom felles næringsutviklingstiltak og felles nyskapingsprosjekt. Prosjektet, som etter kvart fekk namnet «Næringsprosjektet i Sogndal», fekk ei løyving på kr 100 000 av INU-midlane, og sette i gang arbeidet med eit første prosjektmøte like før jul 2005. Her vart arbeidet og målsettingane konkretiserte: «Forankring For at ein skal kunne lukkast med ein slik næringsorganisasjon, er ein avhengig av at den/dei ansvarlege for næring i kommunen er med i prosessen, og at dette har brei politisk forankring. Vidare er det av stor betydning for resultatet at næringslivsaktørar frå eit breitt utval av næringar i Sogndal engasjerer seg, og viser dette gjennom debattar og liknande. Med ei god forankring inn mot offentlege og private næringsaktørar, kan ein bygge nettverk mellom aktørane og vidare inn mot regionale, fylkeskommunale og statlege virkemiddelapparat. Målsetjing Næringsprosjektet i Sogndal skal vere eit organ for næringslivet i Sogndal kommune. Gjennom forpliktande samarbeid med ansvarlege for næring i Sogndal kommune, skal ”Næringsprosjektet” prioritere, utvikle, organisere og realisere prosjekt som kan skape utvikling i Sogndal. Utvikling skal skapast gjennom samhandling og nettverksbygging, tillit og dugleik.»