9 minute read

Sogndal lufthamn

frå Arnestad var både dagleg leiar styret lite nøgde med. På styremøtet 21. oktober vart dette teke opp. Styret var redd for at Arnestad sine kritiske avisinnlegg kunne utvikla seg til eit omdømeproblem og konkluderte drøftinga med at dei framleis ville «leggje vekt på profilere Sogn Næring gjennom positivt vinkla saker i media».

Med omsyn til den konkrete saka om kjøpesenteret i Nedrehagen, vart det eit prosjekt og ei politisk sak som gjekk over mange år. Ikkje før i 2013 vart det klart at dei storstila planane ikkje kom til å bli realiserte.

4

I 2014 var det frykt for framtida til Sogndal Lufthamn. Samferdsledepartementet hadde gitt AVINOR oppdrag om å koma med framlegg til ny flyplass-struktur, med større og meir konkurransedyktige lufthamner. Sogndal kommune tok initiativ til ei mobilisering for flyplassen på Haukåsen, både frå kommunar, offentleg etatar og næringslivet. Konkret kom eit fram til at å få ein hangar som kunne gjera at ein kunne få eit fly stasjonert om natta i Sogndal, og såleis få betre regularitet på morgonrutene, nn Nyhende nn Laurdag 17. august 2019 • sogn avis ville vera eit godt tiltak for å sikra framtida til flyplassen. Tre køyrde med overlast Sogn Næring fekk ei viktig rolle i dette arbeidet, både gjennom å koordinera innspel lærdal: Under ein kontroll på Håbakken i Lærdal torsdag kveld avdekte Statens vegvesen at tre av dei 15 kontrollerte køyretøya var overlasta. Desse frå næringslivet til AVINOR sitt planarbeid og gjennom aktivt arbeid for å finansiera ein måtte lasta om før vidare køyring. Eitt av dei vart pålagt overlastgebyr og måtte fjerna sikthindrande gjenstandar i frontruta før køyretøyet kunne køyra vidare. I tillegg hadde eitt vogntog tekniske manglar med bremser på bil og hengar. Det var totalt 134 køyretøy som var inne på kontrollplassen. To hadde sikra lasta Bussjåfør meld til politiet for dårleg lærdal: Ein førar av ein turbuss blei meld til politiet då han ikkje stogga for skilta trafikkontroll. Dette skjedde lærdal: Under ein kontroll på Håbakken onsdag under Statens vegvesen sin kontroll på Håbakken kveld og natt til torsdag fekk to køyretøy bruksfor- i Lærdal onsdag. Vegvesenet delte i tillegg ut to bod grunna dårleg sikring av lasta. Det vart også gitt overlastgebyr for buss på 2.450 kroner kvar og to for tre bruksforbod grunna overlast, melder vegvese- vogntog på høvesvis 7.400 kroner og 6.500 kroner. net. Eit føretak fekk gebyr for overlast. Ein førar som Ein sjåfør fekk gebyr grunna manglande førarkort med ikkje stogga for kontroll, blir meld til politiet, vert det under køyring. I tillegg vart det varsla om manglande opplyst. Totalt var det 102 køyretøy inne på kontroll- betalt vektårsavgift. plassen, 17 av desse vart plukka ut for kontroll.

sogn avis • Laurdag 17. august 2019 nn Nyhende nn Mobilbruk gav bøter sogndal: Sju bilførarar vart torsdag kveld ilagde 1.700 kroner og to prikkar under UP-kontroll i Sogndal. Reaksjonane kom etter bruk av handhalden mobiltelefon, opplyser UP. sogndal: Ein ung bilførar mista onsdag kveld førarkortet under køyring i Sogndal sentrum. UP oppdaga at sjåføren brukte mobilen under køyringa. – Dei som har hatt førarkortet mindre enn to år er ekstra sårbare i prøveperioden. Føraren har vore borti forhold tidlegare og no fått såpass mange prikkar at han mista førarkortet, seier politibetjent

Stakk frå kontroll Erik Skjerdal i UP. Han minner om at lærdal: Ein førar av eit vogntog blei meld ein blir belasta med dobbelt så mange til politiet under ein kontroll på Håbakken prikkar i prøveperioden. – Normalt får i Lærdal torsdag. Føraren stogga ikkje for ein to prikkar ved bruk av mobiltelefon. skilta trafikkontroll. statens vegvesen opp- Denne unge, mannlege føraren fekk lyser at det i kontrollen blei skrive ut eitt fire i dag og var dermed oppe i ti prik overlastgebyr for semitralle på 3.350 kroner. kar, seier Skjerdal. Fem andre førarar Det var 76 køyretøy inne på kontrollplassen fekk forenkla førelegg for mobilbruk og åtte køyretøy blei kontrollerte. under same kontroll.

Førarkortet rauk

PÅ PLASS: Torsdag var ein stor dag for dei som har jobba for å få etablert hangar på Haukåsen. Her er nokre av dei, saman med dei to pilotane som skal ha base i Sogndal. F.v. Jørgen Christian Lindstrøm (styreleiar i Hangar Sogndal AS og direktør på Quality Hotel Sogndal), Svein Sanden (styreleiar i Hangar Sogndal AS), Jarle Aarvoll (ordførar i Sogndal kommune), Sunniva Nordberg (pilot), Øystein Skovro (pilot) og Ivar Kvalen (ordførar i Luster og leiar for samferdslegruppa for Sogn regionråd).

INFORMERTE: Svein Sanden i Hangar Sogndal AS informerte om Hangar-prosjektet.

ETABLERER SEG: Nord Helikopter etablerer seg på Sogndal lufthamn Haukåsen. Det er gjer bygging av hangar mogleg. Torsdag kom helikoptera på plass.

HANGAR: Hangaren skal plasserast på grusplassen til venstre i bilete.

Nyetablering gjer bygging Nyetablering gjer bygging av hangar mogleg av hangar mogleg

nn nn – Ein milepæl – Ein milepæl nnnn – Målretta arbeid har gjeve resultat – Målretta arbeid har gjeve resultat nnnn Skal stå klar i desember Skal stå klar i desember

kaupanger: Nord Helikopter AS etablerer seg på Sogndal lufthamn Haukåsen. Det gjer bygging av hangar mogleg.

– Dette er ein milepæl. No er me i gang.

Det seier Svein Sanden, styreleiar i Hangar Sogndal AS.

Oppstart

Nord Helikopter AS etablerer base og personell i Sogndal. Avtalen med helikopterselskapet, som vil leiga hangaren, gjer det mogleg å setja i gang med bygginga av hangaren som det i mange år har blitt jobba for å få etablert. – Oppstartsmøtet og rigging vil vera neste veke, fortel Sanden.

Avinor vil ikkje leiga hangaren fordi dei ikkje har behov for det før det blir nattstasjonert fly på Haukåsen. Nord Helikopter sin leigeavtalen er det som difor gjer det mogleg å realisera hangaren.

To pilotar

Nord Helikopter vil satsa mot bedriftsmarknaden, men òg spesielle anledningar som til dømes utdrikkingslag, og etter kvart kanskje òg turisme, fortel Sunniva Nordberg. Ho vil vera basesjef for Nord Helikopter på Haukåsen. Med seg har ho pilot Øystein Skovro. – Me har blitt veldig godt tekne i mot og gler oss til å byrja samarbeidet, seier dei to.

Nord Helikopter har sidan 2007 vore landsdekkjande leverandør av helikoptertenester, som mellom anna transport av personell og materiell, bygging av kraftlinjer, og film- og fotojobbar. Selskapet har basar i Bergen og Ålesund, og samarbeidspartnarar over heile landet. – Å få etablert ein base i Sogndal vil vera veldig bra. Me har flydd ein del her i området før, seier Øystein Skovro.

Målretta arbeid

I Sogn har det over lang tid vore eit mål å få etablert ein hangar, som eit ledd i kampen om å få nattstasjonerte fly på Sogndal

EIN STOR DAG: Ivar Kvalen, (ordførar i Luster og leiar for samferdselsgruppa for Sogn regionråd) og Jarle Aarvoll (ordførar i Sogndal) fekk seg ein tur med helikopteret som skal ha base i Sogndal. – Veldig kjekt. Dette er ein stor dag, seier dei. Bak står Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Næring og tek bilete. EIN STOR DAG: Ivar Kvalen, (ordførar i Luster og leiar for samferdselsgruppa for Sogn regionråd) og Jarle Aarvoll (ordførar i Sogndal) fekk seg ein tur med helikopteret som skal ha base i Sogndal. – Veldig kjekt. Dette er ein stor dag, seier dei. Bak står Torgeir Skålid, dagleg leiar i Sogn Næring og tek bilete. lufthamn Haukåsen. Markeringa av at bygginga av hangaren kan starta vart difor feira med kake. – Dette er ein milepæl som viser at mange år med målretta arbeid gjev resultat. Eg vil rosa mine partikollegaer som har stått på for dette, seier Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal kommune, som er vertskommune for hangaren. – Skal me kunne utvikla flyplassen vidare må me ha ein hangar.

Hangaren kjem ikkje berre Sogndal kommune til gode. – Å få hangar på Sogndal lufthamn har vore ei av hovudsakene for alle kommunane i Sogn. Det er viktig for nabokommunar, næringsliv og bedrifter, seier Ivar Kvalen, leiar for samferdselsgruppa for Sogn regionråd, eit samarbeidsorgan for kommunane Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. – Ein hangar er eit avgjerande steg for å få nattstasjonert fly. Det styrkar òg Haukåsen sin posisjon som flyplass, noko som er avgjerande for næringsliv og bedrifter. Flyplassen er viktig for

folk som skal reisa, men òg for å få folk hit, seier Kvalen.

Sjølv om hangaren blir bygd, er det likevel uvisst kva tid eit nattstasjonert fly vil vera realitet på Haukåsen. – Hangaren aktualiserer det og viser at me har styrkja oss. Det er mange faktorar og forhold som spelar inn for å få dette på plass, men me skal stå på for å få det til. Me gjev oss ikkje, seier Aarvoll.

Større utvikling

Styreleiar i Hangar Sogndal AS, Svein Sanden, meiner etableringa av hangaren vil få positive ringverknadar. – Etableringa av helikopter her gjer at me får opp hangaren. Om nokre år kan me utvida byggjeaktiviteten på lufthamna, noko som vil gjera det mogleg med større aktivitet i framtida.

– Styrkar flyplassen

Sjef for lokale lufthamner (Avinor), Asbjørn Grebstad, seier dette er ein flott dag. – Det er ikkje kvar dag det blir bygd hangar på ein lokal lufthamn. Nord Helikopter har behov for fasilitetar og vel å satsa i området. På Haukåsen er det bra kapasitet til å ta i mot. Dette understrekar behovet for flyplass her, og vil vera med å styrkja Sogndal lufthamn.

Klar i desember

Hangaren er venta å kosta totalt 7,7 millionar kroner, og er eit spleiselag mellom fylkeskommunen, kommunar og næringsliv i Indre Sogn. Den skal etter planen stå klar i desember i år.

Sigrid Nese Thue

sigrid@sognavis.no SOGN NÆRING 2007 - 2022 GODT RESULTAT: Direktør for bedriftsmarknad Kjetil Bjørset (t.v.) og adm.dir. Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane melder eit godt resultat i årets andre kvartal. Sterk vekst i utlån til næringslivet

leikanger: Sparebanken Sogn og Fjordane opplev sterk utlånsauke til næringslivet.

– Det viser optimisme i regionen, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Godt resultat

Samla sett viser tala frå årets andre kvartal eit godt resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane. Låge utlånstap, god vekst i netto renteinntekter og eit godt resultat frå finansielle investeringar, gjer til at totalresultatet til no i 2019 er på 243 millionar kroner. Det er opp 23 millionar frå same periode i fjor, går det fram av ei pressemelding frå banken. – At me leverer gode resultat, er svært gledeleg for oss. Me er veldig nøgde med at me vinn kampen om kundane og er konkurransedyktige, både i privat- og bedriftsmarknaden, seier Trond Teigene, administre-

Køyrde i 101 km/t i 50-sona

tingretten: Ein 30 år gamal mann, busett i Sunnfjord, var noko hard på gasspedalen då han var på austlandstur. I ein fotoboks i 50-sona vart han målt til 101 km/t. Han vedgjekk syndene sine i Sogn og Fjordane tingrett og fekk ei straff på fengsel i 14 dagar og tap av førarkortet i seks månader.

This article is from: