3 minute read

Fjellsport og vinterturisme

felles marknadsføringsselskapet Visit Sognefjord. I 2012 deltok Sogn Næring aktivt i arbeidet med å etablera eit nytt selskap med namnet Visit Sognefjord, samstundes som det vart arbeidd med å leggja ned selskapet Reisemål Sogndal og Luster AS.

Det var Sogn Regionråd som var organisator og prosjekteigar i arbeidet med å etablera Visit Sognefjord. Arbeidet var ikkje uproblematisk. Det var mange interesser som måtte samordnast, og – ikkje uventa – var det usemje om kvar hovudkontoret for det nye selskapet skulle lokaliserast. Aurland, som var den klart største reiselivskommunen i distriktet, ville ha det lokalisert der, medan aktørane på nordsida av Sognefjorden ville ha hovudkontoret i Sogndal. Det enda med lokalisering i Sogndal og eit eige turistkontor i Aurland. I denne situasjonen vart Sogn Næring gjennom eit strategisk aksjekjøp av 260 aksjar ein av dei største eigarane i det nye destinasjonsselskapet i Sogn. Det ser ut til at dette aksjekjøpet langt på veg vart gjort på vegne av kommunane Sogndal, Leikanger og Luster, for i styremøte i Sogn Næring i september 2014 vart det orientert om dette:

«I forkant av prosessen med kjøp av aksjar i Visit Sognefjord, vart det gjennomført samtalar mellom rådmenn og politisk nivå i Luster, Leikanger og Sogndal. Sogn Næring var verktøykassa som ein valde å nytte for å sikre ein balansert eigarskap i selskapet. Det vart samstundes gitt uttrykk for at dette skulle kompenserast i ettertid. For Sogn Næring er det til tider utfordrande likviditets messig. Det er derfor ynskjeleg at ein får inn at noko av desse midlane.»

Styret bad administrasjonen om «å finne løysingar på tvers av dei 3 kommunane som kan medføre at ein kan få attende noko av desse midlane.» Dette har aldri skjedd, kanskje like mykje fordi det etter kvart vart oppfatta som viktig for Sogn Næring å ha eigarposten i selskapet, som av motvilje hjå kommunane til å kompensera Sogn Næring for aksjekjøpet.

Sogn Næring arbeidde også aktivt for utvikling eit meir naturbasert reiseliv. Dette var langt på veg saker som låg i grenselandet mellom næringsselskapet og reiselivsselskapet: Vinterturisme i Hodlekve og den første Fjellsportfestivalen, som vart arrangert i 2008 av det då nyetablerte Bratt Moro, med Tor Yttri i spissen. Dette var saker med god framdrift og som gav synlege resultat. Sogn Næring gjekk inn som aktiv medspelar i arbeidet med den første festivalen, og etter initiativ frå skisenteret vart det i 2008 arbeidd fram eit utviklingsprosjekt som skulle «vidareutvikle Hodlekve skisenter og Sogndalsdalen som rekreasjonsområde og destinasjon for vinterturisme». Prosjektet skulle gå i to år, og vart finansiert av Sogndal kommune og Innovasjon Norge, saman med Hodlekve skisenter. Dette prosjektet gav Sogn Næring sin første prosjekttilsette medarbeidar, Wilhelm Tangerud, som tok til i stillinga mars 2009. Dette var skisenteret sitt prosjekt og hadde – i alle fall formelt - ingenting å gjera med planane om å etablera hyttefelt i Hodlekve. Det første synlege resultatet kom raskt: Alt til desember 2009 kunne skisenteret opna eit nytt barneskitrekk.

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Også i åra som følgde var Sogn Næring ein aktiv og viktig medspelar for skisenteret og aktivitetane i Hodlekve. I 2011 arbeidde selskapet for å etablera eit grunneigarlag i Sogndalsdalen, og styret vedtok å bruka eit månadsverk «opp mot arbeidet for planlegging og utvikling i Sogndalsdalen». Skisenteret fekk også fleire gonger støtte frå det kommunale næringsfondet, mellom anna støtte til å kunna tilsetja dagleg leiar på heilårsbasis. Også selskapet Bratt moro fekk støtte, mellom anna til marknadsføring etter at Vist Norway og magasinet UTE hadde kåra Sogndal til Norges beste utestad i 2011.

Sogn Næring arbeidde også aktivt for utvikling eit meir naturbasert reiseliv, gjennom samarbeid med Bratt Moro for å etablera eit fjell- og fjordsportssenter på den gamle dampskipskaien i Sogndal i 2012, gjennom samarbeid med høgskulen og Bratt Moro om eit stort seminar om temaet i 2013 og med ein større «International Adventure Conference» i

This article is from: