Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 25

felles marknadsføringsselskapet Visit Sognefjord. I 2012 deltok Sogn Næring aktivt i arbeidet med å etablera eit nytt selskap med namnet Visit Sognefjord, samstundes som det vart arbeidd med å leggja ned selskapet Reisemål Sogndal og Luster AS. Det var Sogn Regionråd som var organisator og prosjekteigar i arbeidet med å etablera Visit Sognefjord. Arbeidet var ikkje uproblematisk. Det var mange interesser som måtte samordnast, og – ikkje uventa – var det usemje om kvar hovudkontoret for det nye selskapet skulle lokaliserast. Aurland, som var den klart største reiselivskommunen i distriktet, ville ha det lokalisert der, medan aktørane på nordsida av Sognefjorden ville ha hovudkontoret i Sogndal. Det enda med lokalisering i Sogndal og eit eige turistkontor i Aurland. I denne situasjonen vart Sogn Næring gjennom eit strategisk aksjekjøp av 260 aksjar ein av dei største eigarane i det nye destinasjonsselskapet i Sogn. Det ser ut til at dette aksjekjøpet langt på veg vart gjort på vegne av kommunane Sogndal, Leikanger og Luster, for i styremøte i Sogn Næring i september 2014 vart det orientert om dette:

Styret bad administrasjonen om «å finne løysingar på tvers av dei 3 kommunane som kan medføre at ein kan få attende noko av desse midlane.» Dette har aldri skjedd, kanskje like mykje fordi det etter kvart vart oppfatta som viktig for Sogn Næring å ha eigarposten i selskapet, som av motvilje hjå kommunane til å kompensera Sogn Næring for aksjekjøpet.

Fjellsport og vinterturisme Sogn Næring arbeidde også aktivt for utvikling eit meir naturbasert reiseliv. Dette var langt på veg saker som låg i grenselandet mellom næringsselskapet og reiselivsselskapet: Vinterturisme i Hodlekve og den første Fjellsportfestivalen, som vart arrangert i 2008 av det då nyetablerte Bratt Moro, med Tor Yttri i spissen. Dette var saker med god framdrift og som gav synlege resultat. Sogn Næring gjekk inn som aktiv medspelar i arbeidet med den første festivalen, og etter initiativ frå skisenteret vart det i 2008 arbeidd fram eit utviklingsprosjekt som skulle «vidareutvikle Hodlekve skisenter og Sogndalsdalen som rekreasjonsområde og destinasjon for vinterturisme». Prosjektet skulle gå i to år, og vart finansiert av Sogndal kommune og Innovasjon Norge, saman med Hodlekve skisenter. Dette prosjektet gav Sogn Næring sin første prosjekttilsette medarbeidar, Wilhelm Tangerud, som tok til i stillinga mars 2009. Dette var skisenteret sitt prosjekt og hadde – i alle fall formelt - ingenting å gjera med planane om å etablera hyttefelt i Hodlekve. Det første synlege resultatet kom raskt: Alt til desember 2009 kunne skisenteret opna eit nytt barneskitrekk.

25

SOGN NÆRING 2007 - 2022

«I forkant av prosessen med kjøp av aksjar i Visit Sognefjord, vart det gjennomført samtalar mellom rådmenn og politisk nivå i Luster, Leikanger og Sogndal. Sogn Næring var verktøykassa som ein valde å nytte for å sikre ein balansert eigarskap i selskapet. Det vart samstundes gitt uttrykk for at dette skulle kompenserast i ettertid. For Sogn Næring er det til tider utfordrande likviditets messig. Det er derfor ynskjeleg at ein får inn at noko av desse midlane.»


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.