7 minute read

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

rådmann om at dei aktivt avklarar Sogn Næring si involvering når interessentar ynskjer å halda informasjon fortruleg.»

Dette resulterte i at styret gjorde eit formelt samrøystes vedtak som sa at: • Sogn Næring er kommunen sitt næringsselskap og reiskap i næringsutviklinga. Skal selskapet ivareta denne funksjonen er vi avhengig av god kommunikasjon med leiinga i kommunen og ei open utveksling av informasjon. • Dersom leiinga i kommunen blir kontakt næringssaker og informasjonen blir gitt fortruleg, må dei ta opp med interessentane om denne fortrulegheita også kan omfatte styreleiar og dagleg leiar i næringsselskapet. • Dersom dei som tek kontakt ikkje ynskjer at informasjonen skal delast med næringsselskapet, må ordførar og rådmann gjere denne situasjonen klar for styreleiar og dagleg leiar i Sogn Næring, og det må vurderast om næringsselskapet i det heile skal arbeide med den aktuelle saka, eller om den skal handterast av leiinga i kommunen. Dette kan i ytterste konsekvens føre til at arbeid med pågåande saker må stoppe.

Etter kvart gjekk nok forholdet mellom selskapet og kommunen seg til, og til tider vart tilhøvet det omvende av det som var tilfelle i starten: Kommunen brukte Sogn Næring til innleiande samtaler med personar og verksemder som ynskte konfidensialitet. Selskapet vart også mykje brukt av kommunen til å fasilitera møte og arrangement. Sogn Næring var også ein aktiv medspelar i arbeidet med å etablera «Bygdeverkstaden» i Sogndal i 2012, i samband med revisjon av kommunen sin arealplan. Dette privatinitierte – og i utgangspunktet privatfinansierte - prosjektet vart også støtta av det kommunale næringsfondet.

I åra som følgde ser det ut som at selskapet hadde eit uproblematisk forhold til kommunen. Det var jamlege og systematiske møte mellom ordførar, rådmann og dagleg leiar i selskapet. Sogn Næring vart mykje brukt av kommunen, til dømes ved etableringa av Visit Sognefjord og i arbeidet med å bygga hangar på Sogndal lufthamn. Selskapet vart også mykje brukt av kommunen for å leggja til rette for besøk og møte til dømes frå statsrådar og departement. Kanskje vart selskapet så mykje brukt av kommunen, at det tok vekk noko av legitimiteten Sogn Næring hadde i næringslivet.

Kva arbeidsoppgåver var det så Sogn Næring tok tak i når den første dagleg leiaren var på plass hausten 2007? Då var Paal Fosdal den einaste tilsette, og heldt til i eit kontorlokale i toppetasjen i Stadionbygget på Fosshaugane.

Han fekk både store og små arbeidsoppgåver. Det rådde nok uvisse om kva Sogn Næring eigentleg kunne bidra med, og mange småaktørar bad om råd og rettleiing som både låg innanfor og utanfor det selskapet var tenkt å driva med. Det at styret i Sogn Næring tidleg meisla ut ein klar strategi, med få satsingsområde, var viktig for å gi ei klar retning på aktiviteten. Styreleiar Atle Stalheim var svært oppteken av at ein måtte ha ei stram prioritering av arbeidsoppgåvene om selskapet skulle oppnå resultat, og dette gav den daglege leiaren mandat til å konsentrera seg om større saker. Det vart då

også slik at dei store sakene selskapet arbeidde med i dei første driftsåra var godt i pakt satsingsområda i strategiplanen.

Sogn Næring hadde ein del forvaltningsoppgåver som Sogndal kommune sitt næringsapparat. Selskapet var kommunen si førstelinjeteneste, og hadde ansvaret for førstegongskontakt med etablerarar, for sakshandsaming og tildelingar frå næringsfondet til kommunen og eit eige næringsfond for ungdom. Selskapet representerte også kommunen i ulike samanhengar.

Arbeid med rekruttering har alltid vore viktig for Sogn Næring. Selskapet organiserte deltaking på Framtidsfylkets rekrutterings- og profileringsmessser for studentar i Oslo, Bergen og Trondheim, på vegne av kommunane i Sogn Regionråd. Til dette gav regionrådet øyremerka tilskot. Desse vart rekna som viktige, og det vart lagt relativt mykje arbeid og ressursar til desse. Framtidsfylket vart også rekna som ein viktig samarbeidspartnar, og Sogn Næring kjøpte seg inn på eigarsida i selskapet.

Det vart også raskt synleg resultat av dette rekrutteringsarbeidet. I 2008 vart selskapet Yast etablert av tre nyutdanna sivilingeniørar utan tilknyting til Sogndal, for å utvikla eit databasert timeregistreringssystem. Dei kom hit etter å vorte kjende med

©Line Bjelde

staden på ei rekrutteringsmesse, og valde å etablera seg her fordi det var eit apparat som støtta dei straks etter avslutta studiar. Innovasjon Norge, Kunnskapsparken og Sogn Næring samarbeidde om støtte til etableringa, både økonomisk og gjennom rettleiing. Yast var startpunktet for dei eksisterande verksemdene Rocketfarm og nLink.

Etablerarrettleiing var ei anna kjerneoppgåve for Sogn Næring. Møte og oppfølging av etablerarar kravde mykje arbeidsressursar. I 2011 opna Sogn Næring eit gründerkontor på Fosshaugane Campus, med plass til fem. Dette var eit prisgunstig tilbod til gründerar som ynskte å sitja i eit arbeidsfellesskap. Kontoret vart etablert i samarbeid med huseigar Sogndal fotball A/S, ved å nytta areal på Campus som til kvar tid var ledig, og med billeg leige. Dei første tre månadene vart det gitt gratis leige for gründerverksemder. Dei første som nytta gründerkontora var Volle film, Nettpedagog Randi Elisabeth Hagen, Bre og Fjell og SGN Skis. I tillegg hadde Sogndal skisenter ein kontorplass til disposisjon. Dette gründerkontoret vart ein forløpar til det som seinare skulle bli kjent som FUS.

Opphavleg kan det verka som om det var tanken at Sogn Næring skulle drifta ein lokal «inkubatornode». Inkubatorordninga var eit nasjonalt program, administrert av SIVA, som skulle bidra til etablering og utvikling av nye vekstbedrifter og skapa vekst i etablert næringsliv. Dette skulle skje gjennom å tilby rådgiving innanfor forretningsutvikling og kommersialisering, og tilby eit fagleg og sosialt miljø der gründerar, bedrifter, akademia, FoU-miljø, investorar og andre vert kopla saman.

Kunnskapsparken, som gjennom eit dotterselskap hadde ansvaret for inkubatorordninga i Sogn og Fjordane, nytta behovet for få eit lokalt vertskap for ein slik node i Sogndal som eit argument for å etablera Sogn Næring. I eit brev til Sogndal kommune 8.jui 2006 skreiv dei:

«For KPSF vil etableringa av eit næringsapparat i Sogndal ha stor betydning for avgjerda om å etablere ein node til Fjord Inkubator AS i Sogndal og Sogne-regionen. (……) utan snarleg avklaring om lokal driftar i Sogndal, so er det naudsynt å sjå etter andre aktørar i Sogn (Inkubas i Årdal) som kan drifte inkubatoren.»

Inkubatornoden i Sogndal kom på plass, men Sogn Næring vart aldri direkte vertskap. På styremøtet i august 2008 vart det orientert om at det var inngått ein partnarskapsavtale med Kunnskapsparken om drifta av inkubatornoden, men det verkar som det då og heile tida har vore Kunnskapsparken som har teke hovudansvaret for dette. Sogn Næring etablerte på si side sitt gründerkontor, som vi har sett, og med tid og stunder smelta desse to tiltaka saman i det som no er kontorfellesskapet FUS.

Regionsenterutvikling, utvikling av Sogndal som handelssentrum var også ei definert viktig arbeidsoppgåve for selskapet. I 2010 arrangerte dei Eplekjekke dagar i Sogndalsfjøra, og dei starta arbeidet med å skipa ei samla handels- og serviceforeining

i kommunen. Sogn Næring var pådrivar for å etablera ei slik foreining i 2011. Bakgrunnen var nok at ein såg at næringslivet hadde behov for ein organisasjon som kunne målbera deira interesser, men også at Sogn Næring hadde behov for å ha ei samla stemme frå næringslivet å forhalda seg til. Foreininga fekk namnet Sogndal Handel og Service, organisert som eit samvirketiltak (SA), og vart drifta som eit prosjekt av Sogn Næring i 2011 og 2012. Både etableringa og drifta vart ei hovudarbeidsoppgåve for prosjektmedarbeidar Ida Ulvik. Foreininga fekk løyving frå det kommunale næringsfondet, slik at prosjektleiarstillinga og drifta elles kunne finansierast. Avtalen mellom Sogn Næring og handels- og serviseforeininga stod ved lag ut 2012. Då hadde ein ikkje lenger finansiering for vidareføring. Arbeidet i foreininga hadde ikkje gått som planlagt, heitte det i ei saksutgreiing til styret i Sogn Næring i januar 2013. Det ser ut til at det etter kvart vart gjensidig mistillit mellom Sogn Næring og foreininga. Ved utgangen av 2012 hadde selskapet hadde om lag kr 100 000 uteståande hjå Sogndal Handel og Service, og kravde endringar i avtaleverk og planar. Det vart det aldri noko av. Seinare i 2013 søkte foreininga om å få sletta gjelda. Saka vart i første omgang utsett av styret i Sogn Næring, og det gjekk fleire år før gjelda faktisk vart sletta.

Nettverksbygging, mellom verksemder i regionen og mellom Sogn Næring og andre utviklingsaktørar, var også heilt frå starten av ei viktig arbeidsoppgåve for selskapet. Alt frå hausten 2007 vart det til dømes arrangert lunchmøte. Dette vart raskt supplert med frukostmøte. Dette var samlingar der korte føredrag vart kombinert med uformell samtale og diskusjon. I 2010 arrangerte Sogn Næring også sin første næringslivskonferanse, i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane, med om lag 170 deltakarar.

Slik namnet tilseier hadde Sogn Næring heilt frå starten av ambisjonar om å kunna vera ein aktør på regionalt nivå. Selskapet si klare oppfatning var at næringsarbeidet i Sogn var for fragmentert. Det sat næringssjefar eller næringskonsulentar i mange kommunar, men dei sat åleine og hadde ansvar for sin eigen kommune, medan både arbeidsmarknaden, til liks med mange av utfordringane for næringslivet, var regional. Sogn Næring tok straks initiativ til å halda jamlege møte med næringssjefane i regionen og det vart arbeidd med å etablera nettverk. Det første av desse møta vart halde i januar 2008. Dette var starten på eit viktig arbeid, som peikar framover mot det Sogn Næring er i dag. Denne tenkinga om næringsarbeid som noko som burde skje på tvers av kommunegrenser er noko som har vore i ei klar linje i Sogn Næring heilt fram til i dag,

This article is from: