Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 17

rådmann om at dei aktivt avklarar Sogn Næring si involvering når interessentar ynskjer å halda informasjon fortruleg.» Dette resulterte i at styret gjorde eit formelt samrøystes vedtak som sa at: • Sogn Næring er kommunen sitt næringsselskap og reiskap i næringsutviklinga. Skal selskapet ivareta denne funksjonen er vi avhengig av god kommunikasjon med leiinga i kommunen og ei open utveksling av informasjon. • Dersom leiinga i kommunen blir kontakt næringssaker og informasjonen blir gitt fortruleg, må dei ta opp med interessentane om denne fortrulegheita også kan omfatte styreleiar og dagleg leiar i næringsselskapet. • Dersom dei som tek kontakt ikkje ynskjer at informasjonen skal delast med næringsselskapet, må ordførar og rådmann gjere denne situasjonen klar for styreleiar og dagleg leiar i Sogn Næring, og det må vurderast om næringsselskapet i det heile skal arbeide med den aktuelle saka, eller om den skal handterast av leiinga i kommunen. Dette kan i ytterste konsekvens føre til at arbeid med pågåande saker må stoppe.

Grunnleggjande arbeidsoppgåver Kva arbeidsoppgåver var det så Sogn Næring tok tak i når den første dagleg leiaren var på plass hausten 2007? Då var Paal Fosdal den einaste tilsette, og heldt til i eit kontorlokale i toppetasjen i Stadionbygget på Fosshaugane. Han fekk både store og små arbeidsoppgåver. Det rådde nok uvisse om kva Sogn Næring eigentleg kunne bidra med, og mange småaktørar bad om råd og rettleiing som både låg innanfor og utanfor det selskapet var tenkt å driva med. Det at styret i Sogn Næring tidleg meisla ut ein klar strategi, med få satsingsområde, var viktig for å gi ei klar retning på aktiviteten. Styreleiar Atle Stalheim var svært oppteken av at ein måtte ha ei stram prioritering av arbeidsoppgåvene om selskapet skulle oppnå resultat, og dette gav den daglege leiaren mandat til å konsentrera seg om større saker. Det vart då

17

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Etter kvart gjekk nok forholdet mellom selskapet og kommunen seg til, og til tider vart tilhøvet det omvende av det som var tilfelle i starten: Kommunen brukte Sogn Næring til innleiande samtaler med personar og verksemder som ynskte konfidensialitet. Selskapet vart også mykje brukt av kommunen til å fasilitera møte og arrangement. Sogn Næring var også ein aktiv medspelar i arbeidet med å etablera «Bygdeverkstaden» i Sogndal i 2012, i samband med revisjon av kommunen sin arealplan. Dette privatinitierte – og i utgangspunktet privatfinansierte - prosjektet vart også støtta av det kommunale næringsfondet. I åra som følgde ser det ut som at selskapet hadde eit uproblematisk forhold til kommunen. Det var jamlege og systematiske møte mellom ordførar, rådmann og dagleg leiar i selskapet. Sogn Næring vart mykje brukt av kommunen, til dømes ved etableringa av Visit Sognefjord og i arbeidet med å bygga hangar på Sogndal lufthamn. Selskapet vart også mykje brukt av kommunen for å leggja til rette for besøk og møte til dømes frå statsrådar og departement. Kanskje vart selskapet så mykje brukt av kommunen, at det tok vekk noko av legitimiteten Sogn Næring hadde i næringslivet.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.