3 minute read

Det kommunale næringsfondet

og som i 2022 er tydlegare enn nokon gong.

Årsmeldingane legg også vekt på god kommunikasjon med andre utviklingsaktørar, som Kunnskapsparken og Innovasjon Norge. Med Kunnskapsparken samarbeidde ein mellom anna om inkubatorordninga - i 2010 hadde ein til dømes fem inkubatorverksemder i Sogndal, som delvis fekk dekka husleige og fekk gratis rettleiing.

Ei særleg viktig arbeidsoppgåve har vore forvaltning av det kommunale næringsfondet. Som vi har sett, delegerte kommunen til styret for Sogn Næring å vera fondsstyre for dette fondet, som var eitt av dei få konkrete verkemiddel kommunen hadde for å stimulera næringsverksemd. Fondet var finansiert av statlege midlar som vart fordelte via fylkeskommunen, og som skulle brukast til å styrka næringsutvikling og sysselsetjing. Fondsstyret skulle følgja dei kommunale retningslinene for tildeling, og kommunen hadde laga eit eige regelverk for fondsstyret. Første gongen styret skulle fordela midlar var i mai 2008, og det låg føre to søknader, frå youlogr.com, - ei gruppe nyutdanna ingeniørar som ynskte å flytta til Sogndal og starta IT-verksemd -, og frå Jordal Kayak & Glacier. Gründerane bak youlogr.com, som faktisk var opphavet til dagens Rocketfarm og nLink, kunne ikkje støttast av det kommunalelnæringsfondet, fordi dei samstundes var i dialog med Innovasjon Norge om etablerarstipend. Den første tildelinga frå fondet som styret i Sogn Næring gjorde gjekk såleis til Jordal Kayak & Glacier. Dei fekk kr 21 000.

I samband med denne saka drøfta også styret meir prinsipielt korleis næringsfondet burde brukast. Dei ynskte at fondet skulle brukast strategisk, og ynskte difor retningsliner som presiserte kriteria for tildeling spissare enn dei retningslinene kommunen alt hadde vedteke. Styret ynskte at ein gjennom fondet stimulerte til • Nyskaping i eksisterande eller nye verksemder • Samarbeid mellom verksemder • Utvikling som samsvarar med det Sogn Næring og Sogndal kommune har definert som satsingsområde i næringsutviklinga • Spesifikk inndekning av kostnadselement som er tunge for alle som skal starte opp, som t.d. marknadsføring, konkrete innsatsfaktorar og produksjonsutstyr

Styret ynskte også å leggja opp til større og færre tildelingar enn det som hadde vore tilfelle, og at det vart opna for at fondet kunne tildela midlar til prosjekt i regi av Sogn Næring, som selskapet arbeidde med på vegne av kommunen.

Det var truleg ikkje så lett å følgja dei prinsipielle retningslinene styret hadde ynskt seg. Vi ser at det stadig vart gitt små tilskot, og tilskot til tiltak som nok låg i periferien i forhold til retningslinene. Personar som arbeidde med å etablera eiga verksemd fekk ofte ein mindre tilskot, og her var også eit eige ungdomsfond, der lista for å få tilskot no vart lagt lægre. Samstundes vart det løyvd større summar til selskap som Bratt Moro, Sogndal skisenter, og til fellestiltak som Framtidsfylket, SkiSogn, Reisemål Sogndal – Luster, utvikling av Fosshaugane Campus og etablering av organisasjonen Sogndal Handel og Service SA. I 2010 vart det til dømes gitt 14 tildelingar på til saman ein knapp million kroner. I tillegg vart det frå det spesielle ungdomsfondet fordelt om lag kr 120 0000 på tre verksemder. Dei årlege fondsmidlane til fordeling heldt seg på kring ein million kroner, stundom litt over og stundom litt under, og vart fordelte både til små og store aktørar, svært ofte til gründerar. I 2012, då den disponible summen for tildelingar var kr 1 180 000, vart den delt på 22 tiltak, altså med ei gjennomsnittsløyving på om lag kr 53 000. Det låg også i vedtektene at Sogn Næring kunne disponera 5% av fondet til eiga verksemd, eller meir presist: som kompensasjon for administrasjonen av fondet. Sogn Næring kunne også søka det kommunale næringsfondet om midlar, slik dei til dømes gjorde i 2011, då dei fekk tildelt kr 47 600 til drift av gründerkontoret som var etablert. Forvaltninga av det kommunale næringsfondet var lenge ei av dei viktigaste oppgåve til Sogn Næring, og eitt av dei viktigaste verkemidla selskapet hadde for å stimulera til næringsutvikling. Saker om fordeling av fondsmidlar tok stor plass på styremøta, ofte meir plass og tid enn det fordelinga av småsummar fortente. Styret vedtok difor i 2016 å delegera alle løyvingar under kr 50 000 til dagleg leiar, og alle løyvingar under kr 100 000 til dagleg leiar og styreleiar i fellesskap. Det var likevel slik at styret stadfesta alle løyvingar i etterkant.

This article is from: