og som i 2022 er tydlegare enn nokon gong. Årsmeldingane legg også vekt på god kommunikasjon med andre utviklingsaktørar, som Kunnskapsparken og Innovasjon Norge. Med Kunnskapsparken samarbeidde ein mellom anna om inkubatorordninga - i 2010 hadde ein til dømes fem inkubatorverksemder i Sogndal, som delvis fekk dekka husleige og fekk gratis rettleiing.
Det kommunale næringsfondet
21
SOGN NÆRING 2007 - 2022
Ei særleg viktig arbeidsoppgåve har vore forvaltning av det kommunale næringsfondet. Som vi har sett, delegerte kommunen til styret for Sogn Næring å vera fondsstyre for dette fondet, som var eitt av dei få konkrete verkemiddel kommunen hadde for å stimulera næringsverksemd. Fondet var finansiert av statlege midlar som vart fordelte via fylkeskommunen, og som skulle brukast til å styrka næringsutvikling og sysselsetjing. Fondsstyret skulle følgja dei kommunale retningslinene for tildeling, og kommunen hadde laga eit eige regelverk for fondsstyret. Første gongen styret skulle fordela midlar var i mai 2008, og det låg føre to søknader, frå youlogr.com, - ei gruppe nyutdanna ingeniørar som ynskte å flytta til Sogndal og starta IT-verksemd -, og frå Jordal Kayak & Glacier. Gründerane bak youlogr.com, som faktisk var opphavet til dagens Rocketfarm og nLink, kunne ikkje støttast av det kommunalelnæringsfondet, fordi dei samstundes var i dialog med Innovasjon Norge om etablerarstipend. Den første tildelinga frå fondet som styret i Sogn Næring gjorde gjekk såleis til Jordal Kayak & Glacier. Dei fekk kr 21 000.