2 minute read

Oppstart og strategiar

Det første styremøtet i Sogn Næring vart halde 16. mai 2007. For å drifta selskapet i den første tida vart det gjort avtale med Kunnskapsparken om å stå for dette arbeidet. Det vart straks sett i gang arbeid for å rekruttera dagleg leiar, både gjennom annonsering og gjennom det dei kalla «direkte sonderingar».

Det vart også vedteke å starta forhandlingar med Sogndal Fotball AS om leigeareal i det nye tribunebygget på Fosshaugane Campus. Det låg nok i korta at det var her selskapet skulle halda til, mellom anna fordi Kunnskapsparken alt var etablert her. I saksutgreiinga heitte det at «Andre alternativ bør sjølvsagt vurderast ut frå kostnytte prinsipp, men lokalisering med KPSF (dvs. Kunnskapsparken) på Campus vert i utgangspunktet vurdert som mest interessant fordi dette gir selskapet tilhøyrigheit til eit større næringsutviklingsmiljø.»

Det vart vidare bestemt å invitera representantar for aksjonærane og eit utval næringsdrivande i Sogndal til eit møte for utvikla «konkretisering av strategisk målsetjing i form av konkrete prioriteringar som kan legge føringar vedrørande det vidare arbeidet i selskapet».

Referatet frå dette møtet tyder på at det neppe var til så stor hjelp i arbeidet med konkrete prioriteringar. Her vart mange gode føremål løfta fram: Kompetansebygging og nettverksbygging, både mellom næringsdrivande i kommunen og til aktørar i nabokommunar som Årdal og Aurland, vart trekt fram; det same vart fokus på samferdsle og infrastruktur. Dei mest konkrete signala som kom fram på møtet var vel ynskje om å satsa på reiseliv og handel, og ikkje «byggje nye fyrtårn, men byggje fyrtårn basert på det som er her,» vidare at selskapet burde konsentrera seg om få område, med ei «Tre på topp-liste».

Arbeidet med å tilsetja dagleg leiargjekk relativt raskt. Ein hadde fått tre søkarar etter at ein hadde annonsert stillinga, og alt på styremøte 23. juli vart det vedteke å tilby stillinga til Paal Fosdal, som då var tilsett som rådgivar i staben til regionvegsjefen for Vestlandet. Han tok til i stillinga 1. oktober 2007, og var den som heldt fram strategiarbeidet som hadde starta opp med møtet i juni. Han utarbeidde framlegg til strateginotat, som etter drøftingar og justeringar i styret på møtet i oktober vart vedteke som strategiplan for 2007/2008 på styremøte 22. desember.

Hovudsatsingane i strategiplanen var: • Skape ein arena der næringslivsinteressene kan møtast • Reiseliv • Handel og tenestetilbod – Satsing på sentrumsutvikling

Slik heldt planen seg til ynsket om tre prioriterte satsingsområde, men kvart av desse hovudpunkta hadde fleire underpunkt, og synte nok at det ikkje var så lett å halda ei streng prioritering. Det første strekpunktet inkluderte mellom anna både nettverksbygging mellom verksemder, faktainnspel og faglege innspel mot politiske prosessar, og vart sett på som eit «generelt og løpande satsingsområde».

Under punktet Reiseliv, var det to viktige satsingar i 2007 og 2008: Cruisetrafikk på nordsida av Sognefjorden og vinterturisme knytt til Hodlekve. Arbeidet med cruisehamn i Sogndal, «må (…) prioriterast som kan hende den konkrete oppgåva det hastar mest

This article is from: