Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 15

Oppstart og strategiar

Hovudsatsingane i strategiplanen var: • Skape ein arena der næringslivsinteressene kan møtast • Reiseliv • Handel og tenestetilbod – Satsing på sentrumsutvikling Slik heldt planen seg til ynsket om tre prioriterte satsingsområde, men kvart av desse hovudpunkta hadde fleire underpunkt, og synte nok at det ikkje var så lett å halda ei streng prioritering. Det første strekpunktet inkluderte mellom anna både nettverksbygging mellom verksemder, faktainnspel og faglege innspel mot politiske prosessar, og vart sett på som eit «generelt og løpande satsingsområde». Under punktet Reiseliv, var det to viktige satsingar i 2007 og 2008: Cruisetrafikk på nordsida av Sognefjorden og vinterturisme knytt til Hodlekve. Arbeidet med cruisehamn i Sogndal, «må (…) prioriterast som kan hende den konkrete oppgåva det hastar mest

15

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Det første styremøtet i Sogn Næring vart halde 16. mai 2007. For å drifta selskapet i den første tida vart det gjort avtale med Kunnskapsparken om å stå for dette arbeidet. Det vart straks sett i gang arbeid for å rekruttera dagleg leiar, både gjennom annonsering og gjennom det dei kalla «direkte sonderingar». Det vart også vedteke å starta forhandlingar med Sogndal Fotball AS om leigeareal i det nye tribunebygget på Fosshaugane Campus. Det låg nok i korta at det var her selskapet skulle halda til, mellom anna fordi Kunnskapsparken alt var etablert her. I saksutgreiinga heitte det at «Andre alternativ bør sjølvsagt vurderast ut frå kostnytte prinsipp, men lokalisering med KPSF (dvs. Kunnskapsparken) på Campus vert i utgangspunktet vurdert som mest interessant fordi dette gir selskapet tilhøyrigheit til eit større næringsutviklingsmiljø.» Det vart vidare bestemt å invitera representantar for aksjonærane og eit utval næringsdrivande i Sogndal til eit møte for utvikla «konkretisering av strategisk målsetjing i form av konkrete prioriteringar som kan legge føringar vedrørande det vidare arbeidet i selskapet». Referatet frå dette møtet tyder på at det neppe var til så stor hjelp i arbeidet med konkrete prioriteringar. Her vart mange gode føremål løfta fram: Kompetansebygging og nettverksbygging, både mellom næringsdrivande i kommunen og til aktørar i nabokommunar som Årdal og Aurland, vart trekt fram; det same vart fokus på samferdsle og infrastruktur. Dei mest konkrete signala som kom fram på møtet var vel ynskje om å satsa på reiseliv og handel, og ikkje «byggje nye fyrtårn, men byggje fyrtårn basert på det som er her,» vidare at selskapet burde konsentrera seg om få område, med ei «Tre på topp-liste». Arbeidet med å tilsetja dagleg leiargjekk relativt raskt. Ein hadde fått tre søkarar etter at ein hadde annonsert stillinga, og alt på styremøte 23. juli vart det vedteke å tilby stillinga til Paal Fosdal, som då var tilsett som rådgivar i staben til regionvegsjefen for Vestlandet. Han tok til i stillinga 1. oktober 2007, og var den som heldt fram strategiarbeidet som hadde starta opp med møtet i juni. Han utarbeidde framlegg til strateginotat, som etter drøftingar og justeringar i styret på møtet i oktober vart vedteke som strategiplan for 2007/2008 på styremøte 22. desember.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.