Sogn Næring 2007-2022 Aage Engesæter

Page 51

Ny strategiplan Fram gjennom 2019 førebudde Sogn Næring seg på den rollen det ville få i nye Sogndal kommune. I lag med kommunen vart det arbeidd med ein strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling. Denne planen ville vera avgjerande for kva oppgåver Sogn Næring skulle få. Parallelt vart det arbeidd med gjennomgang og vurderingar rundt retningsliner, rutinar og praksis i selskapet, med bakgrunn i dei oppgåvene ein forventa at til selskapet kom til å få i den nye kommunen. På nyåret 2020 avslutta også selskapet arbeidet med sin eigen strategiplan fram mot 2025. Den nye strategiplanen starta, i tidstypisk ånd, med formuleringar om visjon og verdiar. Visjonen skulle vera at «Sogn Næring skal vere best på næringsutvikling i Vestland», og dei grunnleggjande verdiane skulle vera «initiativ, handlekraft og samspel». Planen slo fast at kommunen var selskapet sin viktigaste oppdragsgivar og samarbeidspartnar. Dei grunnleggjande arbeidsoppgåvene såg ikkje ut til å skilja seg mykje frå det ein tidlegare hadde arbeidd med, men ein var nok endå meir eksplisitt

51

SOGN NÆRING 2007 - 2022

Leikangerordføraren følgde opp, han såg «på Sogn Næring som eit viktig tannhjul for å sikra veksten i innbyggjartal og næringsliv i dei tre kommunane, som ved nyttår blir til ein. – Me ser resultata. Leikanger er no den kommunen med mest gaselleverksemder, eg trur me skal få det til i den nye kommunen også.» I eit avisoppslag 25. juni vedgjekk styreleiaren i Sogn Næring, Agnar Holen, og tenesteleiaren for nærings- og samfunnsutvikling i den nye Sogndal kommune, Joakim Systaddal, at dei hadde vore for dårlege til å informera om korleis nye Sogndal skulle arbeida med næringsutvikling, og om Sogn Næring si rolle i dette. Agnar Holen la vekt på at «Sogn Næring er eit ideelt aksjeselskap og skal ikkje vera til berikelse for eigarane. Overskotet kan ikkje takast ut, men skal brukast i selskapet. (…) Det er ikkje sant at eigarane er opptekne av å eiga aksjar og eigen vinning, dei er opptekne av å utvikla næringslivet i heile nye Sogndal kommune.» For å betra på informasjonen og få innspel skulle kommunen og næringsselskapet no arrangera temamøte om nærings- og samfunnsutvikling både i Balestrand, Leikanger, Sogndal og Kaupanger. Spørsmålet om korleis det private eigarskapet i Sogn Næring skulle organiserast hadde lenge vore på dagsordenen. Alt i 2012 såg ein utfordringane med den opphavlege modellen, der dei private eigarane skulle yta årlege driftstilskot og i 2016 var det definitivt klart at denne modellen ikkje var liv laga. Då tenkte ein seg i staden at dei skulle forplikta seg til å kjøpa tenester. Slike avtalar kom likevel berre i stand med Sogndal og Leikanger kommunar. Heilt frå starten av var det klart at investeringane i aksjar i Sogn Næring ikkje var gjorde for å få avkastning. Vedtektene slo klart fast at det ikkje var høve til å dela ut utbytte frå selskapet, og alt frå 2016 tok ein til å arbeida for at dei private aksjane skulle kunna overtakast av ei næringsforeining. Dette skjedde 28. februar 2020. Då overførde alle dei private aksjonærane i selskapet sine aksjar til Sogndal Næringsforeining. Denne var då organisert som ein paraplyorganisasjon for lokale næringaforeiningar, både i Sogndal sentrum Kaupanger, Fjærland, Leikanger og Balestrand.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Vedlegg 1. styremedlemer og varamedlemer

1min
pages 64-65

Vedlegg 3. selskap Sogn Næring a/s er eller har vore medeigar i

0
pages 67-68

«Ein samanhengande utviklingsstruktur» - også utover kommunegrensene

4min
pages 55-56

Oppsummering – Sogn Næring og utviklinga i Sogndal

7min
pages 60-63

Sogn Næring sin plass i den nye kommmunen

1min
pages 53-54

Kommunikasjon

1min
page 52

2017 -2020, mot ein ny kommune

10min
pages 43-47

Ny strategiplan

2min
page 51

Svak økonomi og ny driftsmodell

13min
pages 37-40

Ideelt aksjeselskap eller reiskap for «krambu-Fjøra»?

6min
pages 49-50

Strategiprosessar - og nesten eit namnebyte

2min
page 48

Forholdet til næringslivet

1min
page 41

Byregionprogrammet

5min
pages 35-36

Nasjonalt næringshageprogram og Sognefjorden Næringshage

2min
page 34

«Campus-verksemdene treng ein Hydro-kur»

17min
pages 32-33

Sogndal lufthamn

9min
page 29

Kjøpesenter i Nedrehagen

1min
pages 27-28

Fjellsport og vinterturisme

3min
pages 25-26

Cruiseturisme

0
page 23

Reiselivsorganisering

1min
page 24

Det kommunale næringsfondet

3min
pages 21-22

Bemanning

2min
page 13

Rollefordeling mellom kommunen og Sogn Næring

2min
page 16

Forord

0
page 3

Styret

2min
pages 11-12

Forhistoria

6min
pages 5-7

Oppstart og strategiar

2min
page 15

Grunnleggjande arbeidsoppgåver

7min
pages 17-20

Skipinga

3min
pages 8-9
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.