deltakinga i byregionprogrammet. Eit anna konkret resultat var eit prosjekt knytt til som arbeidde med problemstillingar knytt til det å vera vertskap for offentlege arbeidsplassar. Sogn Næring engasjerte Oddvar Flæte og Jostein Fondenes til å arbeida med dette. Dei leverte rapport ved årsskiftet 2017/18, der dei på bakgrunn av kunnskapsinnhenting og analysar mellom anna kom med framlegg til mål og strategi for god vertskommunepolitikk. Sogn Næring ynskte straks å starta eit prosjekt for å arbeida vidare med dei framlegga rapporten kom med. Slik vart det likevel ikkje. Den nye kommunen trengde meir tid. Analysane i rapporten ligg likevel framleis til grunn for Sogndal kommune sin politikk på dette området.
Sogn Næring starta opp med ein aksjekapital på 1 million kroner, og ein eit årleg driftstilskot på den same summen, garantert i fire år. Dette gav ein stabil og føreseieleg driftssituasjon, sjølv om det ikkje gav mykje armslag til kjøp av tenester, eller konkrete støttetiltak. I 2007, i praksis med drift berre halve året, hadde ein ei inntektsside på kr 600 000 – 500 000 frå aksjonærane og kr 100 000 i tilskot frå Innovasjon Norge. Forbruket var mindre, sik at selskapet gjekk med eit driftsoverskot på om lag kr 73 500. I 2008, det første heile driftsåret, hadde ein inntekter på om lag kr 1 000 000. I tillegg til driftstilskot frå aksjonærane selde ein dette året også tenester for kr 47 000. Likevel kom selskapet ut med eit negativt resultat på om lag kr 57 500. I 2009 hadde inntektene auka til nesten kr 1 700 000, av desse var knapt kr 860 000 inntekter frå sal av tenester. Dette året kom ein ut med eit positivt resultat på kr 35 000. Året etter vart det eit negativt resultat på om lag kr 23 500. I 2011 gjekk selskapet med eit driftsunderskot på kr 9 000. Trass i at stordelen av aksjekapitalen var intakt, var styret no nøydde til å ta økonomiproblemstillingar på stort alvor, då dei opphavlege selskapsavtalane gjekk ut i 2012. Det var desse som skapte basisfinansieringa av selskapet. Difor vart det bestemt at det skulle lagast ein presentasjon om verksemda som skulle leggjast fram for eigarane og syna kva næringsaktivitet selskapet hadde vore med å skapa. Ikkje alle aksjonæravtalane vart vidareførte som dei var, og nye eigarar vart inviterte inn. Då rapporten var klar, fekk
37
SOGN NÆRING 2007 - 2022
Svak økonomi og ny driftsmodell