Eg bygger ikkje byar

Page 1

Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

1

13:57

Side 1


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

2

13:57

Side 2


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 3

Terje Tørrisplass

Eg bygger ikkje byar

Dikt

Samlaget Oslo 2010

3


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

Š 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Johanne Hjorthol førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11/14 papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7634-6

4

13:57

Side 4


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 5

yerka-inspirasjonar


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 6


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 7

møtet med ein kunstnar Han reiv opp døra til verdsfjøset. Jaga meg inn i den brennande skogen. Eg fekk sjå historia med det inste auga, drikke meg utørst på nostalgiar og reptilske draumar. Alt samla han i ein raud hjulfelg og rulla ut jarnvegen. Det er ei hard reise å sitje aktmodell. I førti dagar og førti netter drog eg over låvetaket. For å kome heim til haustonna og dei mjølkesprengde planetane.

7


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 8

huset i ørkenen Hovudet mitt er eit hus i ørkenen. Eg har plassert eigedelane mine i ein nøye utrekna sirkel rundt huset. Nødvendige ting ein treng for å leve på spranget. Inne er det berre plass til meg og radiosendaren. Etter ørkenstormane må eg grave fram kvar minste ting. Setje dei på plass i høve til solvinkelen. Tunge skuggar mot sør-aust. Lette mot vest. Ingen skuggar – senit. Kaffikverna skal stå nærast huset. Grunnane er strategiske: morgon, kveld. Slike ting. Posthornet heng på veggen. Som ung postomberar på strekninga Sans–Samling fann eg denne tomta. Kvar dag ved nons blæs eg i hornet. Som ei gudsforlatt påminning. Varmedisen sleper seg mot horisonten. Ørkenrottene smett opp av hòla sine. Det hender eg tek del i deira samkomer.

8


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 9

I natt er eg ikkje heime. Eg har sett att skoa mine. Skotuppane peikar ut retninga eg har sprunge.

9


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 10

eg sym heimover frå hugs Eg har vore lenge borte. Eg har venta på lognare straumar i huset på den grøne øya Hugs. Eg heiter ikkje Bror Nautilus som eg lenge trudde. Eg heiter Terje og kjem frå indre Austland. Havet omsluttar det eg minnest om mor. Eg sym nedover i det mørke vatnet. I det aukande trykket. Då eg drog gjekk eg gjennom hageledet. Så eg kan sjå deg så lenge som råd er, sa mor. Ho vinka ikkje då. Eg kjem i hug dette i det ramsalte eksilet mitt. Eg kjem i hug vatnet som vart ståande stillt som ei steil, tindrande høgd over jordene over gardsplassen og huset lysa frå vindaugo sjølv då demninga brast.

10


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 11

kontinent på glid Som rug skal ryggen din svaie. Som stein skal huset mitt rugge i lys av deg. Dette var grunngivinga. Og slik skal me halde fram: Kvar morgon rundt sju møtest me på øya mellom to fastland. Vekslar daglege urgåteblikk medan vinden heng rundt hushjørna i sitkatrea, i busskura retning vest. Inntil me snur oss som samtidige solkverv overvunne avstandar havstrekningar månader og år opnar munnane mot kvarandre og ror oss inn.

11


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

all grunn til flukt Eg veit ikkje om eg drøymer no. Eg veit ikkje om eg er hos frisøren. Eg veit berre at håret er ein by i Kroatia. Trengselen av menneske til og frå marknadsplassen trør over hovudskallen. Gjennom gater som trongnar mellom hårstråa og strekkjer magre armar mot katedralen og ho som står for nåden der: – Maria, Maria! Eg er eit katteskrik unna det store skjelvet. Hårsekkane er fylt med sprengstoff. Før daggryet spring over skallegrunnen er eg på rømmen over slettene. Kviler nakken mot pinjestammer. Kryssar elvane aust mot fjella eg klyv i mine beste stunder.

12

Side 12


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 13

Invasjonen kulminerer her. I ei insistering utan opphav. Som eit svepeslag frå Indre Mongolia. Eit bønerop sendt ut frå Ararat.

13


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

13:57

Side 14

jordas lys Eg mennesket, vagabonden skil ikkje i fimbultider mitt åndsliv frå skogsmørkret. Tre gneg ikkje mot tre i utrengsmål. Rotarmar tråkla inn i kvarandre. Desse knokkelpipene gjennom fellesskapet. Årringane tikkar. Kvart knepp av bork er eit drypp i hjernen. Noko forstummar i meg no. Noko endar opp holt og vindslite. Ubesvarte brev sendt gjennom alle tider vender attende med jordrotasjonens stempel og vil i morgontimane stå å lese i storfuglens auga.

14


Eg bygger ikkje ferdig.qxd:A

08-06-10

i klangen av fadervår Gud er ei sky i rommet. Ei seng. Eit barns andlet gøymt i hendene. Ei nattpotte av metall. Tøflane etter mor. Kvar kveld går barnet ut i rommet i mors tøflar. Lèt vatnet i bøn. Mor er synsranda Gud veltar inn frå. Rommet er min bibel.

13:57

Side 15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.