Eg og ho eg kunne ha vore

Page 1


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 1


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 3

Marie Lundquist

EG OG HO EG KUNNE HA VORE Utval og gjendikting ved Ruth Lillegraven Etterord ved Steinar Opstad

Samlaget Oslo 


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 4


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 5

Dikt frå JAG GÅR RUNT OCH SAMLAR IN MIN TRÄDGÅRD FÖR NATTEN ()


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 6


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 7

To kvinner vaker over grava di. Eg og ho eg kunne ha vore.

7


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 8

Ein amazon kan brukast til mykje. Oskebegeret i form av ei lita øskje kan på svært kort tid bli fylt med stumpar og brende fyrstikker. Røykarane sit på plassane sine i førarsetet med profilane vende framover, ikkje heilt ulike figurane på ei gresk frise. Tidspunktet er rett etter kringsetjinga. Røykskya har enno ikkje letta. Straks kjem sluttordet til å stå skrive på himmelen framfor bilruta. The end. .

8


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 9

Ein skapning med venger kan plutseleg falle heilt hovudstups ned gjennom rommet og danne eit djupt hol i jordskorpa. Slik oppstĂĽr den sjukdomen som blir kalla brest.

9


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 10

Venta ein heil vinter pü at nokon som var lengre enn eg skulle bøye seg ned over meg og kviskre noko i fortrulegheit. Ein far kanskje, eller ein hest som leitar etter sukker.

10


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 11

Du søv fem etasjar opp frå gata. Der byen sluttar og snøen startar. På di høgre side søv son din. Han snur hovudet mot aust og veks. Heile natta veks han. Utan avbrot og svært sakte.

11


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 12

Ein mann og ei kvinne sit overfor kvarandre på restaurant. Han legg handa si oppå hennar venstre som kviler på bordduken. Handa hans er noko større enn hennar og kvelvar seg som ryggen på ei skjelpadde. Han lèt handa si liggje som om han har bygd eit hus til hennar. Ser på henne og nikkar. Då ho kjem heim fører ho inn biletet slik som ho minnest det under ordet faderleg i synonymordboka.

12


Eg og ho eg kunne ha vore ferdig.qxp_A 27.09.2017 10.05 Side 13

Brysta mine er tynne som januarlys. Du legg hendene pĂĽ hoftene mine. Dreg opp klokka til ho byrjar tikke.

13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.