Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 1
1
Jenny blir
ferdig.qxd:A
2
16-06-10
16:40
Side 2
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 3
Marita Liabø
JENNY BLIR KNALLHARD Illustrert av Eivind Gulliksen
Samlaget Oslo 2010
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 4
© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no FØRTRYKK :
Samlaget Meta Plus og Sabon PAPIR : xxx TRYKKERI : AIT Otta AS Printed in Norway SKRIFT:
ISBN 978-82-521-7427-4
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 5
JENNY ER BEIGE OG RASTLAUS Jenny står på skuleplassen og skimtar fjorden som glitrar. Det er sommar, og ho er brun, som det heiter, sjølv om ho heller er beige. Ho fyk rundt i berre føtene, pluss at ho har sommarkjole på seg. Skulen er stengd og tom, og ingen vindauge står på gløtt. Jenny, Nora og EllaLill har sjekka, for dei ville inn og leike kjempestreng lærar og herje i fred og ro, men dei gav opp då Nora fall ned frå ein karm og slo ut ei tann. (Heldigvis var det ei mjølketann som det var på tide å slå ut, sa tannlegen.) No er dei meir forsiktige. Dei hoppar paradis. Det er aldeles ikkje skummelt. Jenny er lei av paradis. Jenny lengtar ned mot fjorden: Ho skulle gjerne ha vore på stranda. Men ingen har foreslått å ta henne med på lasset i ein bil eller buss – ikkje eingong på taket. Folk er på ferie. Samtidig er byen full av framandfolk. Nokre reiser ut og ser seg om, andre kjem inn med cruiseskip eller campingvogn. Og no kjem det eit tog susande forbi borte ved skogen, bak høge gjerde, og inni toget sit det sikkert fleire turistar som straks 5
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 6
skal ta inn på hotell, sjå byen, gå på museum og ete på restaurant. Jenny skulle gjerne ha sykla ned til byen i minst tretti kilometer i timen, men ho har ikkje sykkel. (Ho har sykkel, men han er for liten. Ho skal begynne i femte, og det for første gong. Gjett om det blir moro. Berre at då kan ho ikkje sykle rundt på ein barnesykkel, seier ho, og foreldra nikkar og seier at ho skal få ny sykkel, men dei får aldri tatt seg tid til å gå i butikkar – anna enn på søndagar, og då er alle sykkelbutikkar stengde.) Dessutan skal ein ikkje sykle ned til fjorden eller byen aleine, for byen er full av vaksne som syklar eller går ekstremt fort fordi dei har det travelt – dei har nok med seg sjølve og kan vere klin kokos eller gå bananas viss ein er så uheldig at ein kjem i vegen for dei. Jenny bur i utkanten av byen – i eit kvitt lite hus i eit tun der gode naboar deler plen, leikeplass, grill, bord og benkar, nokre kjøtbein, eit par vottar som aldri blei 6
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 7
tatt inn, ei rusta gravemaskin og ein tv som alle trur er i ustand, men som faktisk verkar heilt fint. Jenny bur ikkje aleine, sjølvsagt, men i lag med ein 7
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 8
katt. Pluss foreldra, men dei er sjeldan heime, for dei jobbar overtid i høge glashus nede i byen. Ei framand dame kjem og vaskar huset og stryk skjorter ein gong i veka, og ein nabo som heiter Gunnar, passar Jenny når skulen er stengd. Gunnar, som er aleinefar til tre ungar på 1, 2 og 2, er snill og søt og seig som sirup, seier dei vaksne. Sjølv om han har mange bleieskift, har han alltid tid. Jenny
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 9
får mat, prat og plaster, men ikkje dyre gåver, og aldri kjeft, og aldri ris på rumpa. (Gunnar seier at ris hører heime i gamle eventyr.) I tunet har ho òg gode venner som går inn og ut hos kvarandre. Viss foreldra er på seminar i utlandet eller julebord på danskebåten, har ho alltid nokon å sove hos, og ho har alltid nokon å leite etter firkløver med, viss dei ikkje leitar etter edderkoppar dei kan fange og mate med kake, og av og til finn dei tomflasker som dei kan pante, slik at dei kan kjøpe noko godt. Nudlar, for eksempel. Jenny handlar gjerne for Gunnar eller foreldra, helst i lag med ein venn eller to-tre-fire, mens fem blir i meste laget, og då liker ho å kjøpe ein pakke nudlar som ho knaskar i seg. Nudlane kostar berre fire kroner. Gjett om ho får lyst på nudlar når ho tenkjer på det. Og butikken er spennande i forhold til paradis. – Skal vi gå i butikken? spør ho Nora og Ella-Lill. – Snart, ropar Nora, mens ho ser på Ella-Lill, som hinkar konsentrert. – Eg spurtar bort til kyrkja og ser om eg finn nokre flasker, seier Jenny. – Nei, ropar Nora. – Det får du ikkje lov til. Jenny må då kunne spurte til kyrkja no når ho skal begynne i femte klasse, tenkjer ho. Og så spurtar ho 9
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 10
bort til kyrkja, og så spurtar ho litt lenger: til kyrkjeparken på andre sida av kyrkja, der folk pleier å sole seg, grille og lufte hundar og ungar. No, midt i fellesferien, ser ho berre ein mann som kastar ein pinneis til hunden sin, og ho liker hundar, men hunden er visst ikkje interessert i henne. To damer som ligg og skravlar om bikiniane sine, som er veldig små i forhold til damene, er heller ikkje interesserte, for dei ser ikkje på henne. Jenny kan kikke uforstyrra rundt alle benkar og i alle bossbøtter, men ho finn ingen flasker – berre ei ketsjupflaske, og dei er det jo ikkje pant på, og er ikkje det rart? Ja, ja. Det er ikkje anna å gjere enn å gå tilbake til paradiset som ho er lei av, og kanskje ho er litt lei av venninnene òg? I alle fall tar ho seg god tid til å telje vognene på eit godstog som kjem forbi: 27 vogner lasta med tømmer som kanskje skal bli til eit nytt hus i byen. Byen veks og veks, veit ho, for det seier far hennar, som er eigedomsmeklar, og når ho ser på skogen som strekkjer seg oppover åsen, slår det henne at på andre sida av åsen ligg det òg små og store hus, skule og kyrkje. Kanskje det ligg ti skular og kyrkjer der, for alt ho veit, i tillegg til himmelhøge bustadblokker og pastellfarga kjøpesenter fulle av folk som har bilar og katt og hund. Motorvegen, som går i tunnel under tunet, går dit, før han går vidare til andre bydelar og byar. 10
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 11
«Tenk,» tenkjer ho. «På andre sida av åsen bur det ungar som kanskje leikar på ein skuleplass ved ei kyrkje, akkurat som eg. Og ei og anna jente skal begynne i femte, akkurat som eg.» Med eitt får ho veldig lyst til å gå inn i skogen og oppover åsen og sjå ned på andre sida. Men ein kan ikkje berre spasere over jernbaneskinnene. Og på andre sida av skinnene ligg det ein trong, svart dal og ei forureina, farleg elv. (Det er den livsfarlegaste elva i verda, seier somme, og dei heiter Benjamin og Bo og skal begynne i sjette.) Jenny prøver å sjå for seg elva, som renn ned til fjorden og blandar seg med tang og tare, og kanskje det er fisk i elva? Og kanskje det er farleg fisk i elva? Og kanskje det bur dyr nede i den svarte dalen? For eksempel ulv eller bjørn? Og orm i svære, fæle ormebol? Og kvikksand? Og monster? – Det finst ikkje monster, kviskrar ho til seg sjølv. Gunnar seier at ein ikkje treng frykte anna enn folk. «Det finst mange slag folk,» seier han. «Folk er folk,» seier han òg. «Folk tenkjer altfor mykje,» seier han òg, og akkurat no tenkjer ho kanskje altfor mykje på elva. Kanskje ho skal slutte å tenkje og heller gå og sjå elva. Det er jo ikkje langt. Og ho er inga pyse. «Det er viktig 11
Jenny blir
ferdig.qxd:A
16-06-10
16:40
Side 12
å sjå verda,» seier foreldra. Jenny har vore i dyrepark og sett firfisle, elefant, tiger og hai, og då er ho vel ikkje redd for å gå inn i ein liten skog og kikke på ei lita elv. Ja, ho blæs for seg sjølv. For alt ho veit, ligg det ei fin, kvit sandstrand der nede, og ho kan bade, og for alt ho veit, kan ho fange fisk med hendene og overraske mora med det beste ho veit: sushi. Jenny kan i det minste ta eitt steg om gongen: Det går an å kome seg over jernbaneskinnene – det har ho hørt. Gunnar seier alltid at det er lov å prøve seg. Og det vil ho. Og ho vil gjere det aleine. «Så rart eg tenkjer,» tenkjer ho. Og ho liker å tenkje slik.