Kunsten 책 kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 3
Ragnar Hovland
Kunsten 책 komme heim og andre essay
Samlaget Oslo 2011
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 4
© 2011 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Stian Hole foto på omslag: Tom Henning Bratlie Foto s. 183 er henta frå Fotoarkivet v/Johan Ottesen førtrykk: Samlaget skrift: Minion 11/13,5 papir: 90 g Munken Premium Cream trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7766-4
Kunsten 책 kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 5
Innhald
Forord 9 Dr. Hovlands testamente Farvel til fiksjonen og velkommen tilbake 11
Fiksjon eller ikkje-fiksjon Eit anna land 20
Portrett av kunstnaren som full mann Om prosaen til Dylan Thomas 28
Aldri meir, sa ramnen Edgar Allan Poe, fritt etter minnet 34
Charles Dickens 40 Men han, som sagt, var ikkje opplagt til lovsang nett n책 Om Olav Duuns Menneske og maktene 46
Ferjer 57 Dei sm책 ting 60
5
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 6
Fridommen finst ikkje Om Mark Twain og Tom Sawyer 61
Bussane er mjuke å ta på Om Raymond Queneaus Stiløvingar 67
Det vakre, det triste og det grusomme Om Boris Vian og Dagenes skum 74
Kom tilbake, Jeeves! Straks! Om P.G. Wodehouses forfattarskap 81
Når røysta frå det ukjende kallar Om Jakob Sandes dikting 87
Reiser 98 Held dei seg ikkje for øyrene no, så gjer dei det aldri Om det vulgære i Ragnar Hovlands romanar 110
Orgelet og eg 119 Den dagen Stuart fann opp melankolien Om E.B. Whites Stuart Mus 124
Kvifor kjem elefantane? 130 La oss skremme ungane noko skikkeleg! 133 Då nettene var varme og lyse og det skjedde ting heile tida Om Tove Janssons Sent i november 146
6
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 7
«Han ventet seg mye av begravelsen sin.» Om Peter Bichsels Egentlig ville fru Blum bli kjent med melkemannen 152
God natt, du halvråtne pære! Om Arild Nyquists Dexter og dodater og Frakken tegner og forteller 158
Papirbrettingas velsigning Om István Örkénys Familien Tót 163
Først trodde han det var en vei Om Tor Åge Bringsværds Bazar 169
Belmondo i går Ei historisk oversikt. Om Åtte fra Bergen, det som kom etter, og det som aldri blei 175
Noko manglar 183 Prestegardsliv i 60-åra 187 Fritt etter minnet Om å vere utan bøker, og mangt anna 193
Egentlig skulle vi hatt et sted på landet Om Johan Borgens Far, mor og oss 199
Eit komisk meisterverk Om Rolf Sagens Springfart ved fjorden 204
7
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 8
Viktig melding om poesiens framtid Om Paal-Helge Haugens Sangbok 210
Richard Brautigan Eit liv. Ein død. Eit verk 215
Thomas Pynchon og eg 222 Livet med Donald Eit forord «til glede for gamle og nye lesere» 226
Rostrilongitudekvotientens manglar Om Jon Gisles Donaldismen 233
Dette Jølster 239 Kunsten å komme heim 245 Wonderland, så lenge etterpå 249
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 9
Forord
nødvendig med desse fororda, vil den forordskeptiske lesaren tenkje. Men eg har tidlegare stått fram som ein mann som liker forord og meiner dei er på sin plass, ei lita og roleg stund før det heile brakar laus. Eg trur elles at dei tekstane som følgjer, forklarer seg sjølve. Det er eit utval ikkje-skjønnlitterære tekstar, skrivne i løpet av det siste tiåret. I dei to tidlegare essaybøkene mine, Konspirasjonar (1991) og Om å stå i si tid og fryse på ryggen (gøymd i boka Åleine i Alpane frå 1999), fanst det skriftstykke om svært ulike emne. Denne gongen har eg avgrensa det til å handle om bøker og om reiser, i vid forstand. Dei heilt vesentlege tinga. Det meste av dette er omarbeidde versjonar av tekstar som har stått på trykk i ymse publikasjonar, ikkje minst i God Bok-spalta i Klassekampen, eller vore nytta i andre samanhengar. Her har eg, så langt eg har makta, kutta banda til dei tidlegare samanhengane. Og det kjennest rett å få samla dette stoffet i éi bok, så veit eg kor eg har det. Ein av tankane er sjølvsagt at boka skal vise nokre av mine eigne lesegleder (med håp om å kunne føre enkelte lesarar fram til forfattarskapar og bøker dei ikkje kjende så godt frå før), og mange av tekstane fungerer nok også som kommentarar til min eigen skjønnlitterære forfat-
U
9
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 10
tarskap. Og iallfall viser dei meg både kor eg kjem frå, og kor eg har gått som skrivande menneske. Det kjennest også både godt og rett å tenkje seg om litt og å få framheve andre. Så vil eg takke forlaget som både har lokka meg til å gi ut denne boka og har gitt meg god hjelp i å sortere materialet og til å utøve heilt nødvendig sjølvkritikk. Eg håper då at lesaren vil bere over med alle gjentakingar og med dei manglar som er lette å finne. Då kan det heile begynne. Oslo 08.01.2011 Ragnar Hovland
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 11
Dr. Hovlands testamente Farvel til fiksjonen og velkommen tilbake
g registrerer at eg no har godt og vel tretti år bak meg i litteraturbransjen. I løpet av desse tretti åra har eg gong på gong uttalt meg om litteratur og om forfattarar, døde og nolevande, norske og utanlandske, innan alle sjangrar. Her følgjer ei ikkje heilt fullstendig liste over forfattarar eg har skrive om, kort eller langt, eller meir uttalt meg om i forbifarten i rosande ordelag: François Rabelais, Charles Dickens, Arthur Rimbaud, Edgar Allan Poe, søstrene Brontë, Mark Twain, Lewis Carroll, Greven av Lautréamont, E.B. White, A.A. Milne, Alfred Jarry, Guillaume Apollinaire, Franz Kafka, Flann O’Brien, Gertrude Stein, Bruno Schulz, Raymond Queneau, Boris Vian, P.G. Wodehouse, James Joyce, Samuel Beckett, Dylan Thomas, Tove Jansson, Kurt Vonnegut, Ray Bradbury, Georges Perec, Ernst Jandl, Sarah Kirsch, Ulla Hahn, Thomas Tranströmer, Henrik Nordbrandt, Mati Unt, Richard Brautigan, Donald Barthelme, Thomas Pynchon, Ivor Cutler, Peter Bichsel, Istvan Örkény, John Lennon, Patrick Modiano, René Belletto. Og norske: Henrik Wergeland, Knut Hamsun, Olav Duun, Jakob Sande, Rolf Stenersen, Zinken Hopp, Olav H. Hauge, Arild Nyquist, Olav Angell, Tor Åge Bringsværd, Jan Erik Vold, Sissel Bjugn, Dag Sol-
E
11
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 12
stad, Einar Økland, Paal-Helge Haugen, Kjartan Fløgstad, Rolf Sagen, Cecilie Løveid, Jon Fosse, Fam Ekman, Rolf Larsen, Steffen Kverneland. Få kvinner? Ja, ikkje så mange kvinner. Mange av desse har eg uttalt meg om på oppmoding frå oppdragsgivarar av diverse kaliber, andre har eg snakka om heilt frivillig. Her er britiske, irske, franske, tyskspråklege (Sveits, Austerrike, Tyskland), amerikanske, nordiske, og enkeltinnslag frå Polen, Ungarn og Estland. Ein må kunne gå ut frå at denne lista speglar mi lesing, ikkje berre i vaksen alder, men også i ungdommen og til ein viss grad barndommen. Som vår mann Graham Greene har sagt: «Det er kanskje bare i vår barndom at bøker har noen dypere innflytelse på vårt liv.» Og det er det lett å underskrive på, iallfall om ein strekker barndommen til ca. 20 år. Og lista må såleis kunne seiast å vere ein viktig del av min private litterære kanon. (Mens berre ein liten del av desse forfattarane kan seiast å tilhøyre verdas eller Norges litterære kanon.) Her er mest prosaistar, men også lyrikarar og dramatikarar, og folk som først og fremst blir rekna som barnebokforfattarar. Mykje avantgardistar av forskjellig støyping, men også forholdsvis mainstream og eit par verkelege tradisjonalistar. Men for all del, dette er svært langt frå å vere ei slags fullstendig liste over forfattarar av bøker eg har lese og likt! Men likevel, lista røper fleire ting, ikkje minst at eg har store og gapande hol i mi lesing, særleg når det gjeld eldre og nyare klassikarar. Og hadde eg ikkje i si tid kosta på meg eit grunnfag i litteratur ved universitetet i Bergen, ville hola sett endå mykje svartare ut. Og av og til undrast eg over kva eg har gått glipp av, og om det eg har gått 12
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 13
glipp av, ville gjort noko med meg, og i tilfelle kva. Kva ville til dømes den ulesne Thomas Mann kunne ha gjort med meg? Og kunne Dostojevskij muligens ha komme til å forandre livet mitt? Lista inneheld nokre absolutte og udiskutable klassikarar, eldre og moderne, men elles kan den ved første augnekast sjå litt tilfeldig samanraska ut og avslører truleg framfor alt at lesaren har studert fransk. Og skal eg vere heilt ærleg, så finst det vel forfattarar på denne lista som eg kanskje ikkje har vore så interessert i, men som eg fann ut at det gjekk no an å skrive noko om likevel, for pengar. Og lista ser ut til å røpe meir enn som så. Først og fremst kanskje at dei store, realistiske forteljarane er i eit ørlite mindretal. Dei store forteljingane glimrar nesten med sitt fråvær. Visseleg er Charles Dickens, Jane Austen og søstrene Brontë store og gode forteljarar, men nokon inkarnasjon av den realistiske romanforfattaren er ingen av dei. Det same gjeld Olav Duun. Lista avslører i tillegg ein manglande fascinasjon ved visse innflytelsesrike retningar innan modernismen, kanskje først og fremst den franske nyromanen. Lista er dominert av pre- og postsurrealistar (mens eg fort har gjort meg ferdig med sjølve surrealismen), av modernistar av ymse legningar, absurdistar, profilgenerasjonistar og elles offbeatfigurar av forskjellig slag. Det er rett og slett ei umogen liste! Rett nok manglar sentrale pubertetsnamn som Kerouac, Tolkien, Mykle og Bjørneboe, men likevel. Det er ei liste som fyller meg med eit visst ubehag, om enn også med stor, retrospektiv glede. Og med ein mistanke om at eg på eitt eller anna tids13
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 14
punkt blei lokka bort frå den Store Litteraturen utan heilt å vende tilbake. (Eit spin-off-produkt av dette mulege fenomenet er ein langt framskriden aversjon mot svært tjukke bøker.) Og med ein annan mistanke om at eg rett og slett kan ha stagnert litt i mi lesing. Iallfall om ein ser på dei store linjene. At eg kan skryte av at eg har lese heile Ulysses på ein sommar og opptil fleire bind av På sporet av den tapte tid, utan at det kjendest som rein pliktlesing, er ikkje nok til å svekke det generelle inntrykket. Og stundom når eg sit saman med kollegaer over eit glas og praten går, hender det at eg blir fylt av eit djupt mismot. Så mykje dei har lese! Er det i det heile noko dei ikkje har lese? Til lykke for meg sjølv har eg gjerne eit slags generelt inntrykk av, og ein viss kunnskap om, mange av dei forfattarane eg ikkje har lese – det er trass alt klassikarar det er snakk om – slik at eg i mitt mismot ikkje treng å falle heilt ut av samtalen. Men klassikarar, altså, korleis skal ein forhalde seg til dei, om dei no er moderne eller umoderne? Eit klassisk verk kan ein kanskje definere som eit verk som er kjent i vår tid, og ofte også var det i si samtid, som på ein eller annan måte har levd vidare, som framleis blir snakka og skrive om, som til og med framleis blir lese, iallfall av ei mindre gruppe menneske, som i enkelte tilfelle har hatt innflytelse på seinare bøker, i tillegg til at det finst ein slags allmenn konsensus om at det er eit verk av uvanleg høg litterær kvalitet. Men om det er naturleg for mennesket å lese klassikarar, så er det ikkje like naturgitt at det gir mennesket store gleder. Då eg for eit par år sidan sat i eit elevert utval som 14
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 15
skulle plukke ut den offisielle norske litterære kanon, kom det frå ein av dei høgverdige medlemmene: Men er ikkje denne boka eigentleg ganske kjedeleg? (Skal ikkje seie kva for bok det galdt.) Og ein litteraturprofessor i same utval svarte litt ettertenksamt: Men er ikkje stor litteratur ofte litt kjedeleg? Eit stort og sentralt spørsmål, dette. Kor kjedeleg skal den store litteraturen tillate seg å vere? Og må den vere det? Mi lesing ber truleg preg av forsøk på nettopp å sleppe unna kjedelege klassikarar og heller søke etter forfattarar som på ymse vis har prøvd å bryte med keisemda. Ein kan seie, iallfall her, og så lenge ingen spør etter bevis, at dei fleste forfattarar liknar på kvarandre på merkverdig vis. Om ein berre ser på setningane og ikkje kva dei inneheld, så er det ikkje lett å skilje forfattarar frå kvarandre. Eg har då i mi lesing mest besøkt forfattarar som nettopp er lette å kjenne att, som har si personlege røyst og si eiga skrift – ein treng ikkje ha lese mange setningar for å kjenne att Dylan Thomas, Richard Brautigan, Flann O’Brien, Arild Nyquist eller Gertrude Stein – som står for ein leik i alvoret, for litterær frekkheit og opposisjon. Som gjerne er lærde og enkle samtidig. Som er morosame utan å gjere noko vesen av det, og som ikkje skil i særleg grad mellom humor og alvor. Som er poetiske utan å øydeleggje for seg sjølve med for krampaktige eller klisjéfylte metaforar. Forfattarar som er vanskelege heilt å rubrisere. Litterære einstøingar. Forfattarar med noko litt eventyrleg hengande ved bøkene sine. Forfattarar som har vore inspirerande for andre forfattarar, og som skin med eit underleg lys i natta. Eg har, for å seie det litt enkelt, vore meir på jakt etter 15
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 16
forfattarar som skriv flotte og uvanlege setningar, enn dei som er til dømes psykologisk djuptloddande, dei som vil skildre heile samfunn med alle sine mekanismar og samanhengar, dei som vil prakke på meg lagnader eller slektshistorier eller problem som dei vil eg skal ta inn over meg, eventuelt kjenne meg att i. Eg har søkt forfattarar som skildrar univers som ligg litt på sida av det vi kjenner, univers som er draumeaktige, poetiske, eventyrlege og barnlege, som har sine eigne lover og sin eigen logikk. I tillegg har eg søkt til forfattarar som ikkje dyrkar det perfekte, som er ujamne, som viser sine svakheiter, at dei ikkje kan vere på høgd med seg sjølve absolutt heile tida. Vi kan kanskje seie at lesinga er prega av jakta på mangelen på skakande litterære opplevingar. Skaka kan eg bli i mitt eige liv. Og dette er, vel å merke, ikkje noko forsvar for underhaldningslitteraturen, som eg heller ikkje er imot, men som er noko heilt anna. Eg vil helst bestemme sjølv kva og kor mykje eg vil føle, og kva eg vil ta inn over meg. På same måten som det nesten er ei umuleg oppgåve å lokke meg til å gå og sjå ein kvardagsrealistisk film om folk som har det vondt og vanskeleg og ikkje får orden på liva sine, som drikk og skil seg og aborterer og bankar kvarandre, er kvardagsrealistiske romanar, utan større litterære ambisjonar, noko eg stort sett berre les i eigenskap av litterær konsulent. Og dersom eg søker større kunnskap om og innsikt i bestemte emne, vil eg heller gå til sakprosaen og essayistikken. Denne min smule skepsis overfor den store litteraturen (eller den sterke litteraturen, som enkelte yndar å kalle den) og kva den kan eller vil gjere med meg, har gitt 16
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 17
seg litt sære utslag. Til dømes at eg har fått eit rykte for å omfamne heile populærkulturen. Og her er vi ved undertittelen på denne artikkelen. Til tider har eg funne det meir givande og meiningsfylt å lese bøker som ikkje er meinte å vere stor litteratur. Forfattaranes dagbøker, notatbøker, artiklar, reisebrev, skisser, ufullførte tekstar, tekstbrokkar. Dei tekstane som ligg bakom eller attmed eller under dei store tekstane. Og som til dels ikkje er blitt skrivne med tanke på publisering. Eg har til og med gått ut og sagt dette offentleg, utan å tenkje på at dette har kunna verke som ei avstandstaking frå alle dei verkelege lesarane der ute, dei som er fulle av kjærleik til den store litteraturen, dei store fiksjonane. Som ein slags implisitt påstand om at dei har gjort noko feil. Det var likevel ikkje meininga. Men det handlar altså om tekstar der ein tilsynelatande kjem nærmare innpå forfattarane, tekstar der dei avslører seg meir, der dei er mindre påkledde, mindre maskerte, der dei viser at det er eit slit, men gjerne også ei glede. Der dei viser seg som menneske, rause og smålege, svikefulle, alkoholiserte, oppglødde, deprimerte. Men kanskje først og fremst at dei lever heilt vanlege liv, der det stort sett ikkje skjer så mykje frå dag til dag. Det er ein type tekstar som har gitt meg store gleder, frå dagbøkene til Henrik Nordbrandt og Richard Brautigan til avisspaltene til Flann O’Brien og notatbøkene til Claes Hylinger. Noko av det paradoksale med dette er at eg jo aldri har vore spesielt interessert i forfattarar og deira liv generelt. Og eg er fullt medviten om at eg nok ikkje hadde lese desse bøkene om eg ikkje hadde lese romanane eller diktsamlingane deira frå før. 17
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 18
Slike vegar har eg altså gått, ofte på ville heia, i mørke og kald vind. Og eg tilstår at eg har vore lei av heile fiksjonslitteraturen. Det er så mange bøker der ute, og begynner ein først å tenkje etter kor mange bøker det eigentleg er, og som ein aldri får sjansen til å lese, så begynner det lett å svimle for ein. Og desse forfattarane finn på så mykje, og det er så lett å gjennomskode at dei finn på alt saman, og kvifor skulle alle desse påfunna angå meg? Eg veit at eg med dette står fram som gammal og matlei, etter ein mannsalder med pliktlesing. Gammal har eg ingenting imot å vere, men matleie folk fortener ingen sympati. Og eg kjenner at eg ikkje berre er trøytt av usannsynlege historier, men også litt av dei bøkene som er så intrikat oppbygde og flinke, som nokre av bøkene til eit par av mine favorittforfattarar, Raymond Queneau, han med Stiløvingar og Zazie i metroen, og Georges Perec, Livet bruksanvisning, forfattarar eg stadig har vendt tilbake til, og som begge har bygt opp enkelte av bøkene sine etter matematiske formlar og andre sinnrike system. Etter tretti år kan eg spørje meg sjølv: Kor interessant var no dette i lengda? Er det ikkje litt tørt og flinkt? Blir det ikkje i lengda like uinteressant som å lese bøker om unge menn som bruker dagane sine på å drikke øl og kjøre bil? Utan at dette spørsmålet vil hindre meg i å lese om att bøker av Queneau og Perec, sjølvsagt. Men samtidig med ein tanke om at mi stadige tilbakevending til bestemte forfattarskapar vitnar om ein viss stagnasjon, om ein hang til meir av det same, meir enn litterær nyfikne og lyst til å oppdage noko nytt. (Her må eg leggje til at i 18
Kunsten å kome heim ferdig.qxd:A
08-03-11
14:32
Side 19
mange av dei tilfella då folk har vist meg bøker av forfattarar eg ikkje hadde lese, og som dei trudde ville vere noko for meg, er eg blitt skuffa.) Men det å ta avstand frå fiksjonen, til liks med andre litt for kategoriske litterære standpunkt, vitnar sjølvsagt også om eit umodent sinn. For sanninga er ikkje éi, den er ikkje realisme eller modernisme, men kan vere alt på ein gong. Alle dei beste realistiske bøkene frå vår tid har modernismen som nødvendig føresetnad. Ein skriv ikkje bøker i nokon uskyldstilstand, ein kan ikkje late som om ingenting har skjedd. Dette kan eg trygt seie no, etter tretti år og endå fleire bøker, at livet og litteraturen går vidare, det er så frykteleg mange bøker der ute, og alle fortener ikkje å bli lesne, men mange av dei gjer det, og om dei ikkje har nokon avgjerande innflytelse på livet, så kan dei likevel gjere noko med deg. Til dømes gi deg gleder du bør unne deg. For min del er eg absolutt tilbake i fiksjonens verd, med trua på at ein kan finne noko der som ein ikkje finn andre stader. Noko som ikkje er nødvendig for alle menneske, men for dei som ein gong oppdaga at lesing kan ha noko føre seg. Noko som er reint påfunn, men som likevel kan vere meir sant enn noko anna. Og eg synest det eigentleg er litt gripande med alle desse menneska som sit der ved sine skrivebord og lagar historier for oss lesarar, utan særleg tru på at dei vil ha mykje igjen for det, økonomisk eller sosialt.