Odar

Page 1

Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

1

10:10

Side 1


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

10:10

Side 2

andre gjendiktingar av johannes gjerdåker Friedrich Schiller: Dei greske gudane og lagnaden. Utval, gjendikting og etterord ved Johannes Gjerdåker. Samlaget 2008 Horats: Odar av Horats. Andre samling. Utval, føreord og gjendikting ved Johannes Gjerdåker. Samlaget 2005 Horats: Odar av Horats. Utval, føreord og gjendikting ved Johannes Gjerdåker. Samlaget 2001 Omar Khayyam: Ruba’iyat. Utval, gjendikting og føreord ved Johannes Gjerdåker. Samlaget 1997 Robert Burns: Dikt og songar. Utval, gjendikting og føreord ved Johannes Gjerdåker. Samlaget 1996 Sjå www.samlaget.no for full oversikt over Samlagets gjendiktingar. Redaktør for Samlagets gjendiktingsserie: Gunstein Bakke og Ingrid Storholmen

2


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

10:10

odar av horats tredje samling Gjendikting ved Johannes Gjerd책ker

Det Norske Samlaget Oslo 2010 3

Side 3


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Valiant/Asbjørn Jensen førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 12⁄14 papir: 90 g Munken Premium Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7414-4

4

10:10

Side 4


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

10:10

Side 5

innhald Føreord 7

frå bok i Til Agrippa (i, 6) 9 Til L. Munatius Plancus (I, 7) 10 Til Lydia (i, 8) 12 Til Lydia (i, 13) 13 Til statsskipet (i, 14) 14 Spådom av Nerevs (i, 15) 15 Til ei vakker kvinne som vart fornærma (i, 16) 17 Til Quintilius Varus (i, 18) 19 For Glycera (i, 19) 20 I eit drikkelag (i, 27) 21 Arkhytas-oden (i, 28) 23 Til Albius (i, 33) 25 Då Numida kom heim (i, 36) 26

frå bok ii Den unge Lalage (ii, 5) 27 Til Mæcenas (ii, 12) 29 Til Bakkus (ii, 19) 31

frå bok iii Til Asterie (iii, 7) 33

5


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

10:10

Side 6

Til Lyde (iii, 11) 35 Til Neobule (iii, 12) 38 Til romarane då Augustus kom attende (iii, 14) 39 Til Mæcenas (iii, 16) 41 I drikkegildet (iii, 19) 43 Til ei vinkrukke (iii, 21) 45 Til romarfolket (iii, 24) 47 Til Galatea (iii, 27) 50 Til Lyde (iii, 28) 54

frå bok iv Til Melpomene (IV, 3) 55 Til Drusus (IV, 4) 57 Til Augustus (IV, 5) 61 Til Apollon og festkoret (IV, 6) 63 Til Censorinus (IV, 8) 65 Til Ligurinus (IV, 10) 67 Til Lyce (IV, 13) 68 Til Augustus (IV, 14) 70 Versemål i odar av Horats 73 Merknader til odane 76

6


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

10:10

Side 7

føreord Dei tre fyrste bøkene av Odar (I–III) gav Horats ut i år 23 f.Kr. Den trettiande oden i Odar III kan etter forma tyda på at han no tok farvel med lyrisk dikting av dette slaget. Versemåla som Horats her hadde teke over etter gresk lyrikk frå fire, fem hundre år i førevegen, var ukjende for mange av dei som levde samtidig med Horats, og han fekk høyra at dikta hans var vanskelege. Men Mæcenas og Augustus vart sterkt gripne alt frå fyrste stunda, og dei var ikkje åleine om det. Fyrstundes gjekk Horats bort frå lyrisk dikting. Etter fire år kom to samlingar brev, Epistola, i heksameterform, eitt av breva er det som har vorte kalla «Brevet om diktekunsten» («Ars poetica»). I år 17 f.Kr. bad keisaren Horats om å dikta ein hymne til hundreårshøgtida som Augustus ville setja i verk dette året. Horats tok til med oppgåva og dikta hymnen i sapfisk versemål, som er kjent frå mange av odane hans. Framføringa i Roma vart ein triumf for skalden, og han var no i røynda poeta laureatus. Eit par år etter dette oppmoda Augustus Horats om å gå nokre steg lenger i same lei, og då dikta odar til minne om sigrane som styksønene hans, Tiberius og Drusus, hadde vunne over folkestammer i Alpane.

7


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

10:10

Side 8

Horats tok imot oppmodinga frå keisaren. Han dikta no odar om Drusus, om Tiberius og om Augustus. Men endå om han her dikta til andre instrument enn til lyra, er finkjensla for odar like sterk som elles. Den fjerde samlinga (Odar IV) kom i år 13 f.Kr. Horats var då 52 år gamal. Odar IV var det siste skriftstykket han gav frå seg. Tidleg i år 8 f.Kr. døydde Mæcenas, som etterlét seg denne bodskapen til keisar Augustus med alt han åtte: «Hugs Horatius Flaccus, som vore han meg sjølv.» 59 dagar etter Mæcenas døydde Horats. Dei to venene vart gravlagde nær einannan på godset til Mæcenas på Esquilinhøgda i Roma. – Ein spådom hadde sagt at dei to skulle gå bort saman, slik som det står i ode II, 17, tredje strofe: Den bortferdsdagen skal føra med seg fall for båe oss i lag, eg sver ikkje falskt: tek du i veg, går me i saman, me skal gå saman den siste ferda. (Odar av Horats, Oslo 2001.) Med dette tredje bandet er attdiktinga av odane til Horats odar fullførd. Voss i januar 2010 Johannes Gjerdåker

8


Odar 3 ferdig.qxd:Odar 2-ferdig.qxd

28-04-10

10:10

Side 9

til agrippa (i, 6) Skald som liknar Homer, Varius i sitt flog, vil no lovprisa deg, fiendars overmann, med soldatar som du førde i slag på slag fram på skip og på hesterygg; knapt, Agrippa, kan eg syngja om slike verk, like lite som om harmen Akilles bar, eller vegen han tok, tvitunga Odyssevs, og om redsla i Pelops’ hus. Altfor veik er mi kraft til slike store ting, blyg mi songdis er skapt, fredfull ho lyra rår, nektar meg å ta opp dine og Cæsars verk, for mi songrøyst held ikkje mål. Kven skriv verdig om Mars, stålbrynjekledd med sverd, og om Meriones, ålsvart av troisk sot? og om Tydevs’ son – han Pallas Athene lét verta til gudars likemann? Drikkelag er for meg emne til song, som òg glupe gjenter som gjer åtak på unge menn. Er eg oppglødd og heit, eller meir likesæl, lett i hugen det er eg helst.

9


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.