Våren 2021

Page 1

VÃ…REN 2021

1


2


VÃ…REN 2021

3


våren 2021 ©2021 Samlaget www. samlaget.no stiftinga det norske samlaget styreleiar: Gunnar Ove Hæreid forlagsdirektør: Edmund Austigard forlagskontor: Mariboes gate 13, 0183 Oslo postadresse: Postboks 4672 Sofienberg, 0506 Oslo føretaksnummer: 935 305 314 Vi tek atterhald om prisendringar. konsept, omslag og formgiving: Trine + Kim designstudio

4


INNHALD SKJØNNLITTERATUR FOR VAKSNE

6

Romanar og noveller

8

Lyrikk, drama og essay

18

POCKET 26 FAKTA OG DOKUMENTAR

34

BARN OG UNGE

48

3–6 år

48

6–9 år

49

9–12 år

50

Ungdom 54 HØGARE UTDANNING

56

Syn og Segn

66

Fotografregister 68 Kontakt oss

71

5



ROMANAR OG NOVELLER


romanar og noveller

SUNNIVA RELLING BERG

LYDEN AV TO HENDER Om å satse høgt og drøyme stort Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsert­ pianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Jákob var helten til Lotte då ho vaks opp, ein som stilte opp då hennar eigen far var opptatt med alt anna. Men det er noko som ikkje stemmer. Kvifor ville Jákob gi opp karrieren som konsertpianist for å bli pianolærar i Noreg? Kva var det som skjedde i Ungarn, som ROMAN | ISBN: 9788234001710

ISBN 978-82-34002-36-6 PRIS KR 369,- | UTG. JANUAR e-bok | ISBN: 9788234001727 PRIS KR 239,- | UTG. JANUAR

gjorde at han måtte flykte tidleg i tjueåra? Lyden av to hender er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val – og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 7 1 0

9 788234 002366

Skrive om Utfor (2011): «... uvanlig god. Språket er stramt, med mange gode bilder og metaforer, og få klisjeer. Persontegningene er treffende og troverdige ... Utfor er en bok du gjerne kan lese i en jafs, men det tar langt mer tid å legge den fra seg.» marie kleve, dagbladet

sunniva relling berg (f. 1988) kjem frå Ålesund og bur i Bergen, der ho arbeider som bibliotekar ved Årstad videregående skole. Ho debuterte i 2011 med den kritikarroste ungdomsromanen Utfor, som blei nominert til Brageprisen. Seinare har ho gitt ut romanane Beina i gitaren (2013) og Polarnatt (2019) for ungdom.

8

Skrive om Beina i gitaren (2013): «Mørkt og finstemt om ei desperat jente. ... en befriende litterær ungdomsroman, skrevet av en dristig forfatter.» maja troberg djuve, dagbladet


romanar og noveller

DORDI STRØM

FLOG Er det mogleg å reise frå fattigdom? Med mørke og alvor, overskot og humor har Dordi Strøm skapt eit originalt romanunivers om tre generasjonar. Dagne søv oppe i køyesenga, med mor si i underkøya. Annankvar dag et dei havregraut og hjortelever i brun saus til middag. Fred, far hennar, kjem berre til bursdagen, og då ventar han nede på gata i den fine Mercedesen sin. Han veit ingenting om henne, men det er også mange ting berre Fred veit. Tolv år gammal dyttar han ein stor stein som rullar nedover eit flog, mot steinbrotet der far hans jobbar. Og mor hans, Dagne si farmor, elska ein gong å danse, og ho blir kvalm av lukta av klementinar: Ho toler verken å ta i klementinar eller barn. Helst vil ho reise ifrå alt. Og ho tenker at Fred kan klare seg sjølv. Familiemedlemmene i denne romanen søker på kvar sine måtar eit betre liv. Men går det godt med den som er god? Er det eigentleg mogleg å reise frå fattigdom? Og kva skal ein

roman | ISBN: 9788234002366

ISBN 978-82-34002-36-6 PRIS KR 349,- | UTG. FEBRUAR e-bok | ISBN: 9788234002373 PRIS KR 215,- | UTG. FEBRUAR

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 3 6 6

9 788234 002366

gjere med ei sorg ein ikkje veit kor kjem frå?

Debutant

dordi strøm (f. 1971) er oppvaksen i Trøndelag og bur no i Oslo. Ho er scenograf, kostymedesignar og forfattar. Flog er den første boka hennar.

9


romanar og noveller

MAREN UTHAUG

EIN LYKKELEG SLUTT Skjebnen, døden og kjærleiken Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han ned­ stammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta. Det heile startar på 1800-talet då den danske sjømannen Christian 1 tumlar i land på stille­ havsøya Tikopia. Her giftar han seg med Konkylie, og dei får to barn. Men på øya der det er plass til berre 989 menneske, er dottera ROMAN | ISBN: 9788234003806

ISBN 978-82-34003-80-6 PRIS KR 379,- | UTG. FEBRUAR

fødd utan løyve og må døy. Ti år gamal ofrar Christian 2 seg for veslesyster si. Han legg ut på

e-bok | ISBN: 9788234003813

ei reise tilbake til røtene, til København – ein

PRIS KR 239,- | UTG. FEBRUAR

skiten, innestengd og pestramma by. Christian, som er van med døden frå heimøya, viser seg som ein stødig hjelpar i saker som har med

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 8 0 6

9 788234 003806

døden å gjere. Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar – om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju

maren uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk

kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå

forfattar, teikneserieskapar og bloggar som fekk

seg opp på andre si ulykke.

strålande kritikk i Noreg for romanen Der det finst fuglar (2020). Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar. Ein lykkeleg

Omsett av Ingvild Holvik. Om Der det finst fuglar (2019):

slutt er den tredje romanen hennar, og for den fekk ho Læsernes Bogpris i 2020.

10

adresseavisen

bok365


romanar og noveller

MARIT O KALDHOL

ENNO VAR DEI KROPPAR Forteljingar frå ei verd i krise Ei kvinne finn ein baby forlaten i ein park og lar sonen få ansvaret for henne. Ei bestemor vil saman med barnebarna krysse ei landegrense, der dei risikerer å bli skilde frå kvarandre. Ein skog blir invadert, ein stammefamilie splitta, og ei jente søker tilflukt hos ein annan stamme, der ho blir møtt med både omsorg og sjalusi. Bakteppet for desse forteljingane er klimakrise, politiske konfliktar, sosiale og økonomiske ulikskapar. Menneska i denne boka er på vandring, mange under harde kår. Nokre er komne fram, andre kjem ikkje vidare. Gjennom brutalitet og svik, men òg med omsorg og strimer av håp, blir vi vitne til korleis livet fortonar seg for millionar av menneske verda over.

NOVELLER | ISBN: 9788234004544

ISBN 978-82-34004-54-4 PRIS KR 379,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234004551 PRIS KR 239,- | UTG. MARS

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 5 4 4

9 788234 004544

marit o kaldhol (f. 1955) debuterte i 1983 med diktsamlinga Lattermilde laken og har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Ho har mottatt fleire prisar.

11


romanar og noveller

FLEIRE

OG ALLE TING VERT NYE NYE NYNORSKE NOVELLER Ein tidlegare laushund tar på seg ansvaret for ein heil nasjon og tenker at dette er billetten til eit betre liv. Ei jente kjenner at venninna er på veg bort og prøver desperat å halde henne tilbake. Ein mann møter blikket til eit lite barn og ser det livet han sjølv kunne hatt, medan ein annan mann blir hjelpelaus tilskodar når familiegarden og fem generasjonars strev går opp i flammar. Novellene i Og alle ting vert nye handlar om å høyre til, om røter og slekters gang, dei noveller | ISBN: 9788234001963

ISBN 978-82-34001-96-3 PRIS KR 379,- | UTG. APRIL

spenner frå tidlegare tider via vår eiga tid og ut i verdsrommet.

e-bok | ISBN: 9788234001970 PRIS KR 239,- | UTG. APRIL

Dei nyskrivne novellene i denne samlinga presenterer styrken og breidda i den nynorske litteraturen. Her får forfattarane briljere

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 9 6 3

9 788234 001963

i kortformat, lett tilgjengeleg for lesaren. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Og alle ting vert nye er andre utgåva i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller.

Les også første utgåva av Nye nynorske noveller, Ingenmannsland, frå 2020.

12


romanar og noveller

INGRID SENJE

STUPETEKNIKK På kanten av kvardagens stup Eit ungt par er på reise gjennom Europa, med eit ubearbeidd traume i bagasjen. Ei mor tar med ungane sine på fjelltur og finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ei jente gjer alt for å få stupetrenaren til å sjå på henne, men utan at stefaren skal vite om det. Personane i Ingrid Senjes noveller står på kanten av høge stup, midt i den vanlege kvardagen. I situasjonar der avstanden mellom den dei er og den dei vil vere, er på sitt aller største, utfører dei handlingar like irrasjonelle som dei kjennest nødvendige. NOVELLER | ISBN: 9788234002946

ISBN 978-82-34002-94-6 PRIS KR 349,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234002953 PRIS KR 215,- | UTG. MAI

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 9 4 6

9 788234 002946

Debutant

ingrid senje (f. 1987) er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og i novelleantologien Ingenmannsland.

13


romanar og noveller

KRISTIN TVEITEN

MENNESKE OG MØLL Om å sleppe fri frå fortida Ein dag ringer far til Marianne og spør om ho har lyst på den gamle, rosemåla kista etter besteforeldra hennar. Dei har ikkje snakka saman på fleire tiår. Han har ikkje eingong helst på mannen hennar, og han har ikkje vist interesse for barnebarnet Astrid, som no er vaksen. Likevel reiser Marianne for å hente kista. Møtet med den aldrande faren blir ikkje det siste. Han er skrøpeleg og klarer ikkje ta hand om seg sjølv. Den nye kona hans verkar ROMAN | ISBN: 9788234004643

ISBN 978-82-34004-64-3 PRIS KR 349,- | UTG. MAI

uinteressert. Maktbalansen er rokka ved. No er det han som er liten og redd og får kjenne

e-bok | ISBN: 9788234004650

på redsla når nattemørket pakkar seg rundt

PRIS KR 215,- | UTG. MAI

han. Faren treng Marianne. Motvillig, men pliktoppfyllande, stiller ho opp, og ei mørk familiehistorie kjem til overflata.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 6 4 3

9 788234 004643 Debutant

kristin tveiten (f. 1966) kjem frå Seljord. Menneske og møll er den første boka hennar.

14

Menneske og møll er ein roman om røter og familieband, om å bli fri frå si eiga fortid.


romanar og noveller

MARIE TVEITEN

BONUS Om å forsake seg sjølv i møte med kjærleiken Astrid drøymer om sitt eige galleri. Det treng ikkje vere så stort, berre det er kvite veggar og høgt under taket. Eit rom ho kan fylle med den kunsten ho liker aller best, kanskje også med eigne verk ein vakker dag. Samtidig blir ho hovudstups forelska i Anders. Ho er overtydd om at ho har funne mannen i sitt liv, og forholdet blir etablert på rekordtid. Han har ein son på eitt år, og Astrid tar rolla som bonusmamma på strak arm. Men ho er ikkje førebudd på kor utfordrande det er å alltid vere nummer to. Heller ikkje på at det er fleire som har sterke meiningar om korleis ho skal fylle den nye rolla si, og at det gamle livet til Anders skal ta så stor plass. Er det

roman | ISBN: 9788234003363

ISBN 978-82-34003-36-3 PRIS KR 349,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234003370 PRIS KR 215,- | UTG. MAI

eigentleg plass til Astrid og draumane hennar i dette forholdet? Bonus er ein roman som handlar om å sette eigne draumar i andre rekke, om å miste av

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 3 6 3

9 788234 003363

syne seg sjølv og den ein elskar, når kvardagen rullar av garde.

Debutant

marie tveiten (f. 1992) kjem frå Seljord og bur i Oslo. Ho er musikar, artist og låtskrivar, og spelar blant anna i bandet The Northern Belle. Bonus er den første boka hennar.

15


romanar og noveller

ARNFINN KOLERUD

GAMLE MENN I SYNINGOM Vassbygda slår tilbake Berre ein siste, liten, trassig landsby i nordvest klamrar seg til nynorsken. Ungdomen i Vassbygda let seg likevel smitte av austlendingar som tar hair extension, som gamar på mobilen og dreg på roadtrip med brownies i goodybagen. Men brått vaiar eit dansk flagg over slottet i hovudstaden – og ein fornærma konge sjokkerer med å gi eit intervju på nynorsk. Bendik Uføre og Enella Frø må reise til hovudstaden for å sjå kva som roman | ISBN: 9788234004872

ISBN 978-82-34004-87-2 PRIS KR 349,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234004889 PRIS KR 215,- | UTG. MAI

skjer. Er dette den store sjansen deira til å gjere nynorsken in igjen? Samtidig får steinkunstnaren Ragnar Åheim eit nynorsk berg til å opne seg, og da skal vel også dører opne seg og hjarta opne seg og

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 8 7 2

9 788234 004872

draumen opne seg, slik at nynorskingane kan glida inn på ein våg dei ikkje har visst um? Gamle menn i syningom er ein roman som går all in i den norske språkstriden.

arnfinn kolerud (f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas, og for boka fekk Kolerud mellom anna Kritikarprisen og Nynorsk barnelitteraturpris. Gamle menn i syningom er tredje og siste bok i trilogien om Vassbygda og fortel vidare om språkstriden frå Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012).

16


romanar og noveller

LEIF HØGHAUG

GRAN TARZANA Hemmelegheitene ved lesinga Guten i denne forteljinga er mest ein usynleg del av den vesle arbeidarfamilien han er ein del av. Siste skuledag i femte klasse får han boka Tarzan, apenes konge av norsklæraren sin, og han går straks i gang med å lese. For første gong i sitt liv les han ei bok frå perm til perm, og for første gong opplever han å bli synleg. Verda rundt han blir forvandla til «Gran Tarzana». Ein av dei som ser guten, er hans eige framtidige eg: ein vaksen mann som klatrar i trea og «er» helten i den eventyrlege boka guten les. Gran Tarzana – Leif Høghaugs andre bok skriven på hadelandsdialekt – er ein roman som insisterer på at litteraturen alltid opnar for noko anna: ein språkleg stad der det kollektive og tilblivande livet er heroisk og

roman | ISBN: 9788234003585

ISBN 978-82-34003-58-5 PRIS KR 379,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234003592 PRIS KR 239,- | UTG. MAI

heilagt. Kva vil det seie å lese? Og kva vil det seie å vere sansande til stades i verda ein les om?

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 5 8 5

9 788234 003585

leif høghaug (f. 1974) debuterte med diktboka Fama i 2012. I 2017 kom den andre samlinga hans, Kommunion 2017. Romanen Kælven blei utgitt i 2019. Høghaug har mellom anna omsett Marx og Engels’ Det kommunistiske partis manifest og fleire titlar av Julian T. Brolaski. Han arbeider med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake og med ein biografi om Rudolf Nilsen.

17


lyrikk, drama og essay

ALICE OSWALD

INGEN Det urgamle og det samtidige Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien som vi kallar vatn. Forteljingane kring Odyssevs og Agamemnon dannar eit ekko-rom for desse dikta, og røysta som talar, er vind-gjennomblåsen og vasstrekt. Ho tilhøyrer havet sjølv. Eit hav som er like urgamalt som det er samtidig. Kven er det som seier slikt det er berre tidevatnet rennande som eit rykte over havbotnen eller kven er det som teier still lyrikk | ISBN: 9788234004506

ISBN 978-82-34004-50-6 PRIS KR 269,- | UTG. JANUAR e-bok | ISBN: 9788234004513 PRIS KR 159,- | UTG. JANUAR

når ringen til nokon på handa til ingen søkk som eit auga inn i mørkret og vinden fell og vatnet skrik seg stumt kven er det som talar seier ho

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 5 0 6

9 788234 004506

min ven kven er det som vaktar meg attom dine augnelokk Gjendikta av Paal-Helge Haugen. «Alice Oswald is at the height of her powers in…this electrifying new work… It is out of this world – and in it. It is mythical and

alice oswald (f. 1966) vart nyleg utnemnd til Oxford Professor of Poetry. Ingen (Nobody, 2019) er den åttande diktsamlinga hennar, og ho blir rekna for å vere blant dei aller viktigaste nolevande poetane i Storbritannia. Dette er første gong Alice Oswald blir utgitt på norsk.

18

realistic, ancient and modern.» observer, *poetry book of the month* «… as with any memorable trip, the effects of reading Nobody linger in and around the mind long after the experience has passed.» financial times


lyrikk, drama og essay

KRISTA LIEN INDREHUS

FLØR Tid som reiser frå tid Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Her har regnet slutta å falle, snøen på fjellet minka og bølgjene pussar tolmodig på berget. I dei gamle husa kjenner ho at banda til tidlegare generasjonar framleis er sterke, og i naturen erfarer ho tida sjølv, det som skal leve vidare, og det som skal ta slutt. Gjennom sanselege bilde og presis observasjonsevne skapar Krista Lien Indrehus eit sterkt nærvær i minna og erfaringane ho skildrar. bestemor lappa utslitne bukser til det ikkje var meir

lyrikk | ISBN: 9788234000843

ISBN 978-82-34000-84-3 PRIS KR 279,- | UTG. JANUAR e-bok | ISBN: 9788234000850 PRIS KR 159,- | UTG. JANUAR

igjen skrapa alt smøret ut av boksen brukte den gamle mjølka

9 7 8 8 2 3 4 0 0 0 8 4 3

9 788234 000843

i nye vaflar sa

Debutant

døden er naturleg men det er ei skam å døy ung

krista lien indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Flør er den første boka hennar.

19


lyrikk, drama og essay

TOR JONSSON

NÆRAST ER DU NÅR DU ER BORTE DIKT I SAMLING Ny utgåve, utvida med 50 dikt Tor Jonsson er rekna som ein av våre mest markante essayistar og diktarar. Både artiklane og dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. I dikta står livslyst mot dødslengt, draum mot røynd og eld mot kulde. Forfattaren som sjølv «ikkje åtte kjærleik» skreiv seg inn i norsk litteraturhistorie med to av våre mest kjende

ISBN 978-82-34004-93-3

kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte». Han vart ein «klassikar» i levande

LYRIKK | ISBN: 9788234004933

live, og seinare har diktinga hans stadig vorte

PRIS KR 399,- | UTG. JAN

meir populær. Nærast er du når du er borte. Dikt i samling

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 9 3 3

9 788234 004933

inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok for mitt hjarte. I tillegg finn du nokre av dikta han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet. Nærast er du når du er borte. Noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik –

tor jonsson (1916–1951) vaks opp i tronge kår i

Eg veit ikkje kva det er.

Lom i Gudbrandsdalen. Jonsson skreiv i alle sjangrar, men det er lyrikk og essays han er mest kjent for. I

Før var kveldane fylte

sitt korte liv rakk han å bli ein etablert forfattar med

av susing frå vind og foss.

fire kritikarroste diktsamlingar, i tillegg til skodespel

No ligg ein bortgøymd tone,

og artiklar.

og dirrar imellom oss.

20


lyrikk, drama og essay

KRISTIN STORRUSTEN OG INGUNN HAMRAN

DET STØRSTE I LIVET

DIKT OM GRAVIDITET, FØDSEL OG DEN FØRSTE TIDA Vakker gåvebok med dikt til foreldre Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere den største gleda ein kan oppleve. Det kan også vere einsamt, rart, sjokkarta, utmattande og forunderleg. Eller alt på éin gong.

ISBN 978-82-34003-84-4

Denne boka er til deg som treng meir enn mat

dikt | ISBN: 9788234003844

og blomar i barselgåve. Her finn du vakre, såre

PRIS KR 299,- | UTG. FEBRUAR

og lattervekkande dikt og korte tekstar som handlar om det å vere gravid og den første tida med det nye barnet – frå Halldis Moren Vesaas, Cathrine Grøndahl, Hans Børli, Gro Dahle, Helge Torvund, Marie Takvam, Arild

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 8 4 4

9 788234 003844

Nyquist og mange andre.

kristin storrusten (f. 1986) er forfattar og journalist. Ho debuterte med diktsamlinga Barsel i 2017. Til dagleg jobbar ho i Aftenposten. Ho har to barn og er dotter av Ingunn Hamran. ingunn hamran (f. 1957) er lærar i barneskolen og tidlegare forlagsredaktør. Ho har tre døtrer, to bonusbarn og ti barnebarn førebels.

21


lyrikk, drama og essay

CHRISTINE KJELLSTRØM MELBY

HO Urkraft Ho skildrar einsemda etter eit brot, ein vinterdepresjon som veks ut av proporsjonar – for ikkje å snakke om klørne som veks ut av føtene og sprenger seg ut av joggeskoa. Ei kvinne blir forvandla frå menneske til dyr, frå dyr til jord – og frå jord til kvinne igjen. Grensene blir uklare mellom natur og sivilisasjon, fortid og framtid og mellom det metafysiske og det konkrete, og syner at av og til må ein kanskje setje seg sjølv i ein større samanheng for å kome seg vidare og bli fri. lyrikk | ISBN: 9788234004858

Melby har skrive ei dynamisk og feministisk

PRIS KR 299,- | UTG. MARS

diktsamling som med originale bilde og

ISBN 978-82-34004-85-8 e-bok | ISBN: 9788234004865 PRIS KR 199,- | UTG. MARS

absurde scener viser korleis den minste maur, blodet i trusa og eit framandt spegelbilde er større enn det vi kan fatte – og samstundes heilt vanleg.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 8 5 8

9 788234 004858

pusten hans lukta av dei rotne epla han stakk fingrane inn i

Debutant

av gjæringsprosessen han gjennomgjekk kvar natt er det lukta du hugsar

christine kjellstrøm melby (f. 1990) er oppvaksen i Mandal. Ho har studert sosiologi og religionsvitskap og har gått på skrivekunstlinja ved Nansenskolen.

22


lyrikk, drama og essay

ÅSMUND BJØRNSTAD

KONFIRMASJON TIL ALDER­ DOMMEN DIKT FOR ELDRE Alderdomssjokket Åsmund Bjørnstads dikt skildrar sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt. Dikta i Konfirmasjon til alderdommen er både humoristiske og kloke, og handlar om å tre inn mellom dei eldre, der det ikkje lenger er mogleg å gå i opptrødde spor. 1. Som å forlate eit hotellrom – eg har budd nokre dagar her, kanskje år, det er så,

LYRIKK | ISBN: 9788234004612

ISBN 978-82-34004-61-2 PRIS KR 279,- | UTG. APRIL e-bok | ISBN: 9788234004629 PRIS KR 159,- | UTG. APRIL

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 6 1 2

9 788234 004612

men no ber det heimover. 2. Når det akselerande hurtigtoget når punktet der skinnene sluttar

åsmund bjørnstad (f. 1951) er professor i

og så lettar, og du,

genetikk og planteforedling. Han er busett på Ås.

etter ei udramatisk natt i sovekupeen, vaknar utkvild på endestasjonen og stig av og ser vente din kjære du aldri kjende.

23


lyrikk, drama og essay

ÅSA MARIA KRAFT

ROBOTSAND Ein poetisk kviskreleik Dokka, både som leike og bilde, som representasjon for menneskeleg liv, er det fascinerande og tankevekkande utgangspunktet for Åsa Maria Krafts diktsamling Robotsand. Her høyrer vi stemmene frå padledokker – gravgåver i det gamle Egypt – og dokkene på øya Isla de las Munecas som er hengde opp i tre til minne om tapte barn. Vi møter også heimesnikra hundar plasserte i rundkøyringar og Hypsiphrone frå dei gnostiske skriftene.

lyrikk | ISBN: 9788234002243

ISBN 978-82-34002-24-3 PRIS KR 279,- | UTG. MAI

Robotsand er engasjerande, open og leikande, og dikta blir som eit kjedebrev eller ein

e-bok | ISBN: 9788234002250

kviskreleik gjennom tida, der lesaren sjølv tar

PRIS KR 159,- | UTG. MAI

del i lyttearbeidet. Boka er gjendikta av Martin Ingebrigtsen.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 2 4 3

9 788234 002243

Den svenske poeten åsa maria kraft (f. 1965) debuterte i 1997 med 4 påhitt. Bøkene hennar beveger seg i grenselandet mellom poesi og prosa, og ho har mottatt fleire prisar for forfattarskapen sin. Med Robotsand frå 2018 blir Kraft for første gong utgitt på norsk.

24


25


26


POCKET

27


pocket

ELENA FERRANTE

DEI VAKSNES LØGNAKTIGE LIV Medrivande roman frå forfattaren av Napoli-kvartetten Ungjenta og einebarnet Giovanna får livet snudd på hovudet den dagen ho overhøyrer far sin, som ho elskar så høgt, seie at han synest ho er stygg. Denne vesle augneblinken er starten på den første av mange oppdagingar Giovanna gjer, oppdagingar som får grunnmuren i den trygge middelklasseheimen til å smuldre. Foreldra er ikkje dei ho trur dei er, og ho lærer på den harde måten kva det vil seie å vere vaksen. pocket | ISBN: 9788234005145 PRIS KR 179,- | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788234002472 ISBN 978-82-34005-14-5 PRIS KR 249,- | I SAL

lydfil | ISBN: 9788234003776 PRIS KR 299,– | I SAL

Dei vaksnes løgnaktige liv er eit intenst familiedrama om oppvekst, identitet og klasse, om seksualitet, utruskap og kunsten å balansere sanning og løgn. Boka er omsett av Kristin Sørsdal.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 5 1 4 5

9 788234 005145

«Nytt mesterverk av Ferrante» ole jacob hoel, adressa

elena ferrante er ein av verdas mest lesne og kritikarroste forfattarar. Med Napoli-kvartetten gjekk ho tett på kvinners liv og vilkår i det 20.

«Ferrante overgår seg selv» jon rognlien, dagbladet

hundreåret og skildra vennskap på ein måte som manglar sidestykke i litteraturhistoria. I den nye romanen hennar er handlinga lagd til Napoli på 1990-talet.

28

«Ferrante leverer igjen» guri hjeltnes, vg


pocket

JON FOSSE

EG ER EIN ANNAN Andre bok i Fosses storverk Septologien Eg er ein annan er andre bok i Septologien. Ho handlar om kunstmålaren Asle som førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin. I byen bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis to versjonar av same livet. I Eg er ein annan får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for fyrste gong,

pocket | ISBN: 9788234002205

begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I

PRIS KR 199,- | UTG. MAI

Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.

e-bok | ISBN: 9788252196207

ISBN 978-82-34002-20-5 PRIS KR 239,- | I SAL

Dei to første bøkene i Septologien har

lydfil | ISBN: 9788234004728

hausta glitrande kritikk både nasjonalt og

PRIS KR 299,- | I SAL

internasjonalt. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem hausten 2021. Septologien er så langt seld til 17 land.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 2 0 5

9 788234 002205 «Det er ganske enkelt enestående bra!» sindre hovdenakk, vg «Et forrykende selvportrett...» knut hoem, nrk

jon fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar og Noregs største håp for ein ny

«Kraftfullt og gripende» ingunn økland, aftenposten

nobelpris i litteratur. Fosse er i dag mest kjend som dramatikar, men han har heile tida skrive litteratur av uvanleg høg kvalitet i andre sjangrar, både lyrikk og prosa. I 2011 flytta han inn i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar.

29


pocket

BJØRN HATTERUD

MJØSA RUNDT MED MOR Ei annleis klassereise Dette er ei forteljing om ei mor og ein son på biltur rundt Mjøsa. Bjørn Hatterud er homofil, funksjonshemma og klassereisande. Som tenåring drøymde han seg vekk frå heimbygda Veldre, nord for Brumunddal. På ein trimma moped tok han dei fyrste turane bort frå bygda, inn i fridommen. Då han var 21 år gammal, flytta han til Oslo, der han har budd sidan. I tankar og samtaler reiser vi mellom fortida og notida, bygda og byen, mellom ulike lag av minne frå livet til ein bygdegut frå arbeidarkår, som har arbeidd seg inn i kunst- og kulturfeltet pocket | ISBN: 9788234005176

ISBN 978-82-34005-17-6

i hovudstaden. Dette er ei forteljing om korleis

PRIS KR 199,- | UTG. MAI

ein aldri heilt kjem seg bort frå plassen der ein

e-bok | ISBN: 9788234002342

voks opp. Boka er ei hyllest til ein oppvekst, ein

PRIS KR 215,- | I SAL

generasjon, eit geografisk område og ikkje minst til ei mor.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 5 1 7 6

9 788234 005176

«Det å føle tilhørighet, kjærlighet og stolthet til en plass, og samtidig ha et behov for å forlate den, er ikke bare lett. Men du verden så god litteratur det blir av det!» jonas bals, klassekampen

«Det er hyllesten til landskaper og skikkelser som gjør dette til ei bok med bjørn hatterud (f. 1977) er kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar. Han kjem frå

både særpreg og egenart. For dette er bare noe helt for seg selv.» geir vestad, hamar arbeiderblad

Brumunddal, men er busett i Oslo.

«Boka til Hatterud er svært god å lesa. Ho viser kor mykje kjærleik og litt trass kan ha å seia for at ein skal verta fri.» lars kolbeinstveit, minervanett.no

30


pocket

OLAUG NILSSEN

YT ETTER EVNE, FÅ ETTER BEHOV Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer? I Yt etter evne, få etter behov får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

pocket | ISBN: 9788234005152 PRIS KR 179,- | UTG. MAI

Med Yt etter evne, få etter behov har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg

e-bok | ISBN: 9788234003400 ISBN 978-82-34005-15-2 PRIS KR 299,- | I SAL

roman, og ei forlenging av tematikken i Tung

lydfil | ISBN: 9788234004742

tids tale frå 2017: Kven tar ansvaret ingen

PRIS KR 299,– | I SAL

eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

9 7 8 8 2 3 4 0 0 5 1 5 2

9 788234 005152

«Sylskarpt familieportrett [...] Ein knallsterk roman om kva som skjer når behovet sprengjer alle rammer [...] svært underhaldande» marta norheim, nrk

«så nådeløst og forståelsesfullt skrevet at leseren gisper etter luft» bjørn gabrielsen, dn

olaug nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennom­ brot med Få meg på, for faen i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. Med romanen Tung tids tale vann ho Brageprisen i 2017. I 2019 fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin.

31


pocket

MAREN UTHAUG

DER DET FINST FUGLAR Ein litterær sidevendar Der det finst fuglar er eit opprørande slekts­ drama frå Trøndelags-kysten. Det dansknorske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg – og endå vanskelegare å gløyme – om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere. For å redde mor si må Johan gifte seg med pocket | ISBN: 9788234005169 PRIS KR 179,- | UTG. MAI

e-bok | ISBN: 9788234000836 ISBN 978-82-34005-16-9

Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at

PRIS KR 239,- | I SAL

dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse

lydfil | ISBN: 9788234003684

ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv.

PRIS KR 299,- | I SAL

Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg

9 7 8 8 2 3 4 0 0 5 1 6 9

9 788234 005169

som har lurt kven? Der det finst fuglar er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor.

maren uthaug (f. 1972) er ein dansk-norsk forfattar, teikneserieskapar og bloggar som fekk strålande kritikk i Noreg for romanen Der det finst fuglar (2020). Ho er fødd i Noreg og flytta til Danmark som åtteåring. I 2018 fekk ho DR Romanprisen for Der det finst fuglar. Ein lykkeleg slutt er den tredje romanen hennar.

32

«Ein saftig og mørk materie» ole jacob hoel, adresseavisen «Uthaug har skrive ein drastisk og medrivande roman» marta norheim


33



FAKTA OG DOKUMENTAR


fakta og dokumentar

ANDERS TOTLAND

DÅ VINDEN SNUDDE

OM KAMPEN MOT VINDMØLLER Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, sakprosa | ISBN: 9788234004377

ISBN 978-82-34004-37-7 PRIS KR 349,- | UTG. FEBRUAR e-bok | ISBN: 9788234004384

og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945.

PRIS KR 215,- | UTG. MARS

Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 3 7 7

9 788234 004377

Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar

anders totland (f. 1986) er busett på Valen i

seg dag for dag, med stadig fleire kritiske

Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og

blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest

har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste

opptatt er han av menneska. Kva er det som

åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland

får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som

har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis,

triggar og driv og får elden til å spreia seg frå

Kvinnheringen og Sunnhordland.

sjel til sjel, og folk til å halda ut – år etter år?

36


fakta og dokumentar

KATRINE SELE

EINARS BOK

katrine sele

Å ELSKE OG Å MISTE Fire og eit halvt år og éin dag Einar Prestøy Sandsund døydde då han var fire og eit halvt år og éin dag gammal. Då hadde han vore alvorleg sjuk store delar av livet. Før han blei sjuk, hadde foreldra store draumar for han: Kanskje ville han bli flink med verktøy og i hagen, sidan han hadde så store nevar. Kanskje ville han bli filosof, sidan han granska folk og syntest å vite alt om dei.

EINARS BOK Å elske og å miste

Eller kanskje ville han og kameraten Sasha bli bankrøvarar i lag, sidan dei var så utspekulerte og rampete. Ingenting av dette blei noko av. Likevel fekk Einar oppleve svært mykje i løpet av det korte livet sitt. Dette er ei forteljing om Einars liv, men også om alle rundt han. Stemmene til dei som kjente Einar, blandar seg med

sakprosa | ISBN: 9788234002847

ISBN 978-82-34002-84-7 PRIS KR 349,- | UTG. FEBRUAR e-bok | ISBN: 9788234002854 PRIS KR 215,- | UTG. FEBRUAR

stemmene til blant andre Seneca, Joan Didion, Roland Barthes og mange fleire, i ei rekkje refleksjonar om kva det vil seie å elske og miste.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 8 4 7

9 788234 002847

Dette er ei bok om kva døden kan lære oss om livet, og om alle dei små augneblinkane som slett ikkje er så små. Kva betyr ein sommar når vi veit at han tek slutt? Korleis kan vi akseptere at vi skal miste alle vi er glade i?

katrine sele (f. 1972) er busett i Jølster i Sunnfjord. Sele har lang fartstid frå avisa Firda og er ein prislønt journalist. I dag arbeider ho med kommunikasjon på Høgskulen på Vestlandet. Sele har gitt ut bøker om blant andre kunstnaren Oddvar Torsheim og musikaren Kenneth Sivertsen. Den siste boka hennar er Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak frå 2017.

37


fakta og dokumentar

CHRISTINE FURE SCHWARZ

REDESIGN

SY FANTASTISKE KLEDE AV LOPPISFUNN OG GAMLE PLAGG Skap din heilt unike garderobe med eller utan symaskin

ISBN 978-82-34003-65-3

Sy om kleda dine eller sy nytt av gamle tekstilar og skap ein miljøvennleg og unik

sakprosa | ISBN: 9788234003653

sommargarderobe. Christine Fure Schwarz og

PRIS KR 349,- | UTG. FEBRUAR

dei andre bidragsytarane viser deg korleis du kan trylle fram nye plagg frå gløymde skattar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 6 5 3

9 788234 003653

I denne boka finn du oppskrifter på mellom anna omslagsskjørt, knytebluse, bikini, sommarkåpe, vesker og små gåver. Du får oppskrifter som passar for både nybegynnarar og til deg som har sydd ei stund. Tips og oppskrifter frå kjende designprofilar: Tanja Andreeva (@Somr0m) Warunne Bolstad (@Plystreknitwear) Ingvild Grane (@Skaperrom) Christine Fure Schwarz (@Silkeogdynamitt) Kristin Vaag (@Vaag.Oslo)

christine fure schwarz (f. 1990) er oppvaksen i Basel og Florø og bur i Oslo. Ho er utdanna innanfor kultur og leiing og har tidlegare studert tekstilkunst og saum. Schwarz jobbar som administrasjonsleiar i forlag på dagen og syr om gamle klede på kvelden.

38


fakta og dokumentar

LISBETH DREYER

SMÅ HAGAR Hagevandring full av inspirasjon og tips! Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass. Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og insekt, råd om kompost, korleis lage jord og så frø sjølv. Du treng ikkje store plassen for å dyrke urter, bær

ISBN 978-82-34004-83-4 sakprosa | ISBN: 9788234004834 PRIS KR 369,- | UTG. MARS

og grønsaker. Små hagar er full av flotte bilde av overraskande, fantasifulle og vakre hagar du kan nyte – og som kan inspirere deg til å gjere det grønt og vakkert der du bur!

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 8 3 4

9 788234 004834

lisbeth dreyer er forfattar, fotograf og filmskapar frå Bergen. Ho har mellom anna laga dokumentarbøker, barnebøker og kortfilmar. Ho har også vore hageskribent og hagefotograf i mange år og meiner at hagar er viktige både for folkehelsa og omgjevnadene våre.

39


fakta og dokumentar

ASTRID DYPVIK

DET MØRKE TYSKLAND

EI REISE BLANT HØGRE­EKSTREMISTAR Djup politisk polarisering i Tyskland I 2020 slo det tyske tryggingspolitiet fast at høgreekstremisme er det største trugsmålet mot tryggleiken i landet. Europas mest folkerike stat opplever djup politisk polarisering i kjølvatnet av den store flyktningkrisa i 2015, då Tyskland tok imot ein million syriske flyktningar. 2015 var også startåret for partiet AfDs framgang. AfD er høgrepopulistisk, islamfiendtleg og delvis høgreekstremt. For første gong sidan sakprosa | ISBN: 9788234004353

ISBN 978-82-34004-35-3 PRIS KR 349,- | UTG. APRIL

krigen har eit ytre-høgre-parti plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 vart den tyske

e-bok | ISBN: 9788234004360

regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke

PRIS KR 215,- | UTG. APRIL

brutalt drepen av høgreekstreme. Kva i alle dagar er det som skjer i Tyskland? I

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 3 5 3

9 788234 004353

Det mørke Tyskland tek Astrid Sverresdotter Dypvik lesaren med på ei reise inn i dei høgreekstreme miljøa i Tyskland. Ho fortel kven dei er, kva dei står for og korleis dei har klart å bli så sterke. Lesaren møter Pegidademonstrantar, blir med på folkemøte i fjellområdet Erzgebirge der AfD er det største partiet, på konservative møte i dei fasjonable delane av Vest-Berlin og på politiske

astrid sverresdotter dypvik (f. 1977) er

vekkingsmøte der den omstridde politikaren

journalist og historikar. Ho er redaktør i Syn og Segn

Björn Höcke møter sin tilhengarskare.

og har tidlegare arbeidd i Nationen, Morgenbladet, Klassekampen og Dag og Tid. Dypvik har gitt ut bøkene Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land (2012) og Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen (2017).

40

Det mørke Tyskland er ei forteljing om politisk polarisering, internettradikalisering, om skrikande sosiale forskjellar, men også om politisk mot.


fakta og dokumentar

FOTO: BISPEMØTET/HEGE FLO ØFSTAAS

SIGRI SANDBERG

KVA SKAL VI TRU? SAMTALAR MED BISKOP KARI VEITEBERG Biskop i krisetid Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid. For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar, det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei mest sekulariserte samfunna i verda, men har trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho? I denne boka snakkar Veiteberg om alt dette. Om eigen oppvekst, om å vere kvinne og prest,

sakprosa | ISBN: 9788234004414

ISBN 978-82-34004-41-4 PRIS KR 299,- | UTG. APRIL e-bok | ISBN: 9788234004421 PRIS KR 215,- | UTG. APRIL

om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement, ho har jobba blant uteliggjarar og rusmisbrukarar, og som biskop opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 4 1 4

9 788234 004414

Biskopen i Oslo fyller 60 år i 2021. Då er det også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Noreg. Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo. Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og

sigri sandberg (f. 1975) er journalist,

mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive

prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk

fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens

presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om

kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg

natur, klima og menneske.

som prest og biskop i både radio og TV, ho har jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og undervist i ulike teologiske emne.

41


fakta og dokumentar

KRISTIN FRIDTUN

Kristin Fridtun

Kunsten å irritera seg over skrivefeil Kristin Fridtun. Kunsten å irritera seg over skrivefeil Kvifor me gjer det og har det noko for seg?

KUNSTEN Å IRRITERA SEG OVER SKRIVEFEIL KVIFOR GJER ME DET OG HAR DET NOKO FOR SEG? Overraskande bok om velkjent irritasjonsmoment Me kommuniserer meir gjennom skrift enn nokon gong, samstundes som evna og viljen til å fylgja rettskrivingsreglane varierer.

KVIFOR GJER ME DET, OG HAR DET NOKO FOR SEG?

Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tek det

sakprosa | ISBN: 9788234002809

ISBN 978-82-34002-80-9 PRIS KR 349,- | UTG. APRIL e-bok | ISBN: 9788234002816 PRIS KR 215,- | UTG. APRIL

heilt med ro. Kvifor reagerer me så ulikt? Kva hender i hjernen når me støyter på skrivefeil? Har personlegdomen vår noko å seia for korleis me reagerer? Og korleis går me fram dersom me vil bli kvitt irritasjonen? Språkvitar Kristin Fridtun har sett seg

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 8 0 9

9 788234 002809

føre å svara på desse spørsmåla. Ho grev i faglitteraturen, dukkar ned i kommentarfelta, fretter ut irritable språkbrukarar og granskar irritasjonen frå ulike sider. Ho finn ut at personlegdom har ein del å seia, men at reaksjonsmønsteret vårt likevel ikkje er hogge i stein. Dei aller fleste av oss kan få bukt med skrivefeilirritasjonen, berre me går inn for det.

kristin fridtun (f. 1987) frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har skrive fleire bøker om språk, som Norsk etymologisk oppkok (2012), Nynorsk for dumskallar (2013) og Språket er ei bukse (2019). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.

42


fakta og dokumentar

KJERSTI MJØR

OLAUG BOLLESTAD MITT LIV

Olaug Bollestad

SNAKK SANT OM LIVET

Ærlege, herlege Bollestad! På kort tid har landbruks- og matminister Olaug Johanna Bollestad blitt eit av Noregs mest folkekjære og elska Instagram-fenomen, nettopp med å vere noko ganske anna enn det strigla, polerte og perfekte som vi vanlegvis ser der. Heilt utan at det var tenkt slik, har bileta av KrF-nestleiaren og ektemannen Jan Frode, som ho kallar herr og fru Larkins, blitt ein nasjonal farsott. Hemmelegheita er enkel: «Når eg ser noko morosamt, så tenkjer eg: Dette må jo folk få

sakprosa | ISBN: 9788234005206

ISBN 978-82-34005-20-6 PRIS KR 349,- | UTG. MAI

sjå!» Men det ligg også noko meir bak Olaugs

e-bok | ISBN: 9788234005732

ærlege haldning til livet. I denne boka fortel

PRIS KR 215- | UTG. MAI

ho om det å vekse opp med ei mor med psykiske vanskar og kjenne skuld. Ho fortel om klassereisa frå sjukepleiar til politikar. Om å ønskje å vere ein annleis politikar. Om å få eigen familie. Om å vere ei dame på nesten 60!

9 7 8 8 2 3 4 0 0 5 2 0 6

9 788234 005206

Om kjærleiken og korleis halde han levande. Og sjølvsagt også om tull og tøys og fjas, om herr og fru Larkins. Boka er ei feiring av det herlege kvardagslivet. Tekstane er skrivne av Kjersti Mjør.

kjersti mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i

Olaug Bollestad (f. 1961) er landbruks- og

Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989.

matminister (KrF). Ho er fødd i Strand,

I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende.

Rogaland. Bollestad står bak den populære

Tidlegare har ho mellom anna gitt ut portrettboka

Instagram-kontoen #Olaugjohanna, som

Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig.

har 83 000 følgjarar. Ho er gift med Jan Frode Bollestad, betre kjend som «hr. Larkins».

43


fakta og dokumentar

NILS HENRIK SMITH

ENTUSIASME OG RASERI ARTIKLAR OM FOTBALL

Gjennom ei årrekkje har forfattaren Nils Henrik Smith vist at artiklar om fotball også kan vere stor litteratur. For Smith kan eit gjørmebad i tysk fjerdedivisjon vere like givande for sjela som ei festframsyning med Barcelona. Entusiasme og raseri er ei samling av Nils Henrik Smiths beste fotballartiklar. Her får du glitrande essay om alt frå den geniale Erik «Myggen» Mykland, Afrikameisterskapens sakprosa | ISBN: 9788234004681

ISBN 978-82-34004-68-1 PRIS KR 349,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234004698 PRIS KR 215,- | UTG. MAI

historie, Nord-Post-oppgjeret mellom Fredrikstad og Moss i 2018 til ei hylling av det levande oppslagsverket Arne Scheie. Boka inneheld òg eit nyskrive essay om EM 2020, som på grunn av koronapandemien blir arrangert i juni 2021.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 6 8 1

9 788234 004681

nils henrik smith (f. 1980) er skribent og romanforfattar. Han har vunne Tarjei Vesaas’ debutantpris og blei utnemnd som ein av Noregs ti mest lovande forfattarar av Morgenbladet i 2015. Han har skrive om fotball for Josimar og NRK.

44

Nils Henrik Smith kombinerer fotballfagleg analyse med historisk medvit, humor og ein unik stil.


45



BARN OG UNGE


3–6 år

MARTINE GRANDE Martine Grande

ØRN Frå lita pingle til farleg ørn Sam trivst best inne på rommet sitt saman med bestevennen Ørn, ein liten og glad undulat. I gata utanfor er det bøllene som bestemmer.

ØRN ISBN 978-82-34002-45-8

– Du må aldri fly frå meg, seier Sam. – Pip, seier Ørn. – Bra, seier Sam.

biletbok | ISBN: 9788234002458 PRIS KR 279,- | UTG. JANUAR

Ein dag ser Sam ei jente på vegen utanfor vindauget sitt. Ho freser rundt på ein sparkesykkel. Kven er ho? Kanskje ho vil vere

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 4 5 8

9 788234 002458

vennen hans? Ørn er ei fargerik bok om vennskap og utanforskap. Men det er også ei bok om å vekse og bli sterkare, om til slutt å bli til ein stor, farleg ørn på jakt etter bøller.

martine grande (f. 1985) kjem frå Lierne i Trøndelag. Ho er busett i Trondheim der ho jobbar med animasjonsfilm og barnebøker. Ørn er den fjerde boka hennar.

48


6–9 år

LAURA DJUPVIK OG ØYVIND TORSETER

BROR MIN Poetisk drøymeleik I denne vakre bildeboka møter vi ei jente og far hennar i ei tid prega av sorg. Dei to lever ut sorga på ulikt vis. Faren trekker seg inn i seg sjølv, medan jenta drøymer om broren ho har mista. Då jenta får faren med på drøymeleiken, skjer det noko stort og uventa. Bror min viser kor ulikt barn og vaksne kan tenke om sorg – og korleis dei ulike

ISBN 978-82-34002-48-9 biletbok | ISBN: 9788234002489 PRIS KR 299,- | UTG. MARS

perspektiva saman kan gi både innsikt og krefter til å leve vidare, saman. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 4 8 9

Boka kan eigne seg for den som har mist nokon, men også som grunnlag for samtale med barn om kva døden er.

9 788234 002489

Bror min er ei forteljing om sorg og håp og om dei heilande kreftene som vi alle ber på. Skal du ut på sjøen i dag? Far ser ut vindauget. Han tygg lenge på skiva. Nei, seier han. Eg hoppar ned frå stolen. Kom igjen, det er ikkje storm! Sjøen ligg stille. Ok, sukkar han, vi får ta ein tur.

laura djupvik (f. 1970) er forlagsredaktør og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier i Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. Ho har skrive fleire bøker for vaksne, ungdom og barn.

Eg vil fortelje han om draumen, men tør ikkje. Far er ikkje så glad i sjøen lenger.

øyvind torseter (f. 1972) er ein prislønt forfattar og illustratør, og har blant anna vunne Deutscher Jugendliteraturpreis, Bokkunstprisen og Bologna Ragazzi Awards. Han er kjent for bøker som Hullet, Mulegutten og Altmuligmannen.

49


9–12 år

ÅSHILD MOLDSKRED

BERRE HOPP! Korleis bli tøff på to veker? Ingeborg er van med å ha Pernille der heile tida. Ei kul og sterk bestevenninne som veit kva ho skal seie viss nokon prøver å erte Ingeborg for høyreapparata. Men no er dei blitt uvenner, og Ingeborg blir stadig mint på at ho er annleis. Ein dag då alt er ekstra kudrit, gir storebror til Ingeborg henne ei utfordring: For at ho skal slutte å bry seg om kva andre seier om henne, skal ho gjere fire ting som ho aldri har tort før. Men korleis skal ho tore å gjere noko som er så barnebok | ISBN: 9788234003783

ISBN 978-82-34003-78-3 PRIS KR 279,- | UTG. JANUAR e-bok | ISBN: 9788234003790 PRIS KR 159,- | UTG. JANUAR

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 7 8 3

9 788234 003783

åshild moldskred (f. 1978) kjem frå Haddal i Ulstein kommune og bur i Trondheim. Her studerer ho ergoterapi ved NTNU. Dette er den tredje boka hennar for barn og ungdom.

50

skummelt at ho knapt vågar tenke på det? Og korleis kan du eigentleg vite om du er blitt eit tøffare menneske?


9–12 år

KARI STAI K A R I S TA I

PASSE HAPPY Illustrert barneroman frå Jakob og Neikob-skapar Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler?

ISBN 978-82-34002-59-5 barnebok | ISBN: 9788234002595

PRIS KR 299,- | UTG. JANUAR

No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro. 9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 5 9 5

Boka er gjennomillustrert av Kari Stai.

9 788234 002595

kari stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.

51


9–12 år

GEIR EGIL EIKSUND

KAMPEN Sklitaklingar og hjartebank Det har nettopp blitt sommarferie, og Andreas gler seg til å spele fotball med Sara og dei andre frå klassa kvar einaste dag. Men denne sommaren flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Viljar heiter han, og Andreas sitt hjarte slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar heile tida, og Andreas veit ikkje kva han skal svare tilbake. Kampen handlar om vennskap, kjærleik og sjalusi. Aller mest er det historia om Andreas, 11 år, som gjennom nokre vanskelege sommardagar er nøydd til å bli kjend med seg barnebok | ISBN: 9788234003875

ISBN 978-82-34003-87-5 PRIS KR 279,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234003882 PRIS KR 159,- | UTG. MAI

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 8 7 5

9 788234 003875 Debutant

geir egil eiksund (f. 1988) kjem frå Ørsta på Sunnmøre. Han er utdanna lærar og journalist. Kampen er den første boka hans.

52

sjølv på nytt.


9–12 år

OSKAR KROON

VENTE PÅ VIND Augustprisvinnande barneroman om havet, døden og kjærleiken Det er sommar hos morfar på øya. Vinga drøymer om å bli sjømann og segle til fjerne hamner og kanskje redde ein eller annan skipbroten. Heime i byen er mamma lei seg. Pappa har flytta ut for godt, og no skal han og den nye sambuaren få ein baby. Det liker ikkje Vinga å tenke på. Men på øya kjennest alt det andre langt borte. Dagane dirrar av varme, og på stranda dukkar det plutseleg opp ei jente med svart hatt. Rut

barnebok | ISBN: 9788234004995

ISBN 978-82-34004-99-5 PRIS KR 279,- | UTG. MAI

heiter ho.

e-bok | ISBN: 9788234005008

Vente på vind er ei gripande forteljing om ein

PRIS KR 159,- | UTG. MAI

uvanleg sommar. Nærverande og med mykje varme fortel Oskar Kroon om korleis Vinga forlèt barndomen og lærer seg å stå stødig i stormen. Boka er omsett av Runa Kvalsund.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 9 9 5

9 788234 004995

«En vacker, existentiell berättelse om att växa och förändras.» dagens nyheter

«Vänta på vind är […] en skimrande poetisk pärla i floden av böcker för slukaråldern.» amanda svensson, sydsvenskan

oskar kroon (f. 1980) er forfattar og bakar. Han debuterte med Mitt fönster mot rymden i 2018. For den andre barneboka si, Vänta på vind frå 2019, fekk han Augustprisen.

53


ungdom

TONE E SOLHEIM

SVARTTRASTA SYNG OM NATTA Edith + Martha = sant Dette er historia til Edith, som hatar alt og alle. Som gøymer seg i hettegenserar, blir kviskra om i klasserommet, og som mest av alt skulle ønske ho kunne forsvinne heilt og fullt. Men dette er òg historia til Martha, som elskar Beatles, saknar far sin og prøver å sjå det beste i alle, uansett kva. Edith og Martha er ulike som natt og dag, men blir likevel dratt mot kvarandre når dei begynner i same klasse på vidaregåande. Eit ungdomsroman | ISBN: 9788234003899

ISBN 978-82-34003-89-9 PRIS KR 299,- | UTG. APRIL

e-bok | ISBN: 9788234003905 PRIS KR 199,- | UTG. APRIL

uventa vennskap oppstår, og det viser seg at dei har mykje meir til felles enn ein gjerne skulle tru. Svarttrasta syng om natta er ei historie om indre stormar og store sakn. Men det er òg ei

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 8 9 9

9 788234 003899 Debutant

tone e solheim (f. 1989) kjem frå Jølster i Sunnfjord kommune. Svarttrasta syng om natta er den første romanen hennar.

54

kjærleikshistorie, ei historie om tillit og håp, og om å tore å vere seg sjølv, endå ein ikkje er som alle andre.


ungdom

RØNNAUG KLEIVA

VINDEN OG KATTANE Kompromisslaust om å vere ung Ikkje tenk på verdsrommet, plar mor mi seie, ikkje tenk på det endelause, då blir du galen. Røynda og livet er vanskeleg og ubegripeleg nok. Eg løfta blikket og såg på alle stjernene som blenkte. Femten år gamle Johanna bur saman med mor og veslesøster, og ho må ta ansvar for dei begge. Mor drikk for mykje og anstrenger seg for ikkje å tenke på det endelause. Veslesøster er berre sju år og ønsker seg mest av alt i verda ein eigen kattunge som ho kan passe på. Samstundes leitar Johanna etter nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng.

ungdomsroman | ISBN: 9788234003912

ISBN 978-82-34003-91-2 PRIS KR 299,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234003929 PRIS KR 199,- | UTG. MAI

Vinden og kattane handlar om ei ung jente som blir vaksen altfor fort, men det er også ei historie om sterke familieband, lojalitet og djup kjærleik.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 9 1 2

9 788234 003912

rønnaug kleiva (f. 1951) er forfattar og dramatikar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho har gitt ut ei lang rekke bøker for barn og vaksne.

55



HØGARE UTDANNING


høgare utdanning

MAGNE EIKÅS OG SVEIN TUASTAD

SOSIALPOLITIKK PÅ NORSK VELFERDSTENESTENE, FORVALTNINGA OG DET POLITISKE SYSTEMET I internasjonale samanlikningar har dei norske velferdsordningane høg ranking. Samstundes indikerer NAV-skandalen i 2020 og dommar mot barnevernet i menneskerettsdomstolen at det finst utfordringar også innanfor «den norske modellen». helse- og sosialfag | ISBN: 9788234001864

ISBN 978-82-34001-86-4 PRIS CA. KR 399,- | UTG. FEBRUAR

I denne boka gir forfattarane ei brei innføring i norsk sosialpolitikk: korleis velferdstenestene

e-bok | ISBN: 9788234001871

er organiserte, og dei sidene ved det politiske

PRIS KR 339,- | UTG. FEBRUAR

systemet som ein treng å kjenne til i sosialt arbeid.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 1 8 6 4

9 788234 001864 magne eikås (f. 1959) er dosent ved institutt for velferd og deltaking, Høgskulen på Vestlandet

Ved å samle sosialpolitikk og stats- og kommunalkunnskap i éi framstilling viser forfattarane korleis sosialpolitikk, politiske vedtak og forvaltning pregar kvardagen i sosialt arbeid.

campus Sogndal. Eikås er utdanna statsvitar og er medforfattar av boka Organisert velferd, som kom

Boka rettar seg særleg mot bachelorstudentar i

ut i 2016.

barnevern, vernepleie og sosialt arbeid og har innarbeidd dei nye føringane for sosialpolitikk

svein tuastad (f. 1962) er førsteamanuensis

som ligg i nye nasjonale retningslinjer frå

ved institutt for sosialfag, Universitetet i Stavanger.

2019 for barnevernpedagog-, sosionom- og

Tuastad er utdanna statsvitar og har mellom anna

vernepleiarutdanninga.

skrive boka Fridom, likskap og gullkort (2009) og vore medredaktør av boka Barneomsorg på norsk (2017).

58


høgare utdanning

HALLGEIR ELSTAD OG PER HALSE

NORSK KRISTENDOMSHISTORIE Var det Olav den heilage eller Hans Nielsen Hauge som kristna Noreg, og i kva grad pregar kristendommen det moderne norske samfunnet i dag? Dette er nokre av spørsmåla denne boka er med og gir svar på. I boka gir forfattarane ei samanhengande framstilling av kristendommen si historie i Noreg frå kristningsperioden og fram til vår eiga tid. I framstillinga viser dei at kyrkje og kristendom aldri har verka i eit vakuum. Kristne forteljingar og førestillingar har

religionvitskap | ISBN: 9788234005039

ISBN 978-82-34005-03-9 PRIS KR 429,- | UTG. FEBRUAR

påverka og vorte påverka av kultur og samfunn

e-bok | ISBN: 9788234005046

lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Forfattarane

PRIS KR 359,- | UTG. FEBRUAR

set den religiøse utviklinga inn i ein brei samfunnskontekst og ser også utviklinga i Noreg på bakgrunn av allmenne utviklingsdrag i Norden og Europa elles. Målgruppa er studentar i religionshistorie, teologi og KRLE, men boka er skriven slik at også allment historieinteresserte lesarar skal ha nytte og glede av henne.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 5 0 3 9

9 788234 005039 hallgeir elstad (f. 1964) er professor i kyrkjehistorie ved det teologiske fakultetet, Universitetet i Oslo. Elstad tok doktorgraden på ei avhandling om vekkingsprestane i Den norske kyrkja og har publisert ei rekkje fagartiklar og bøker innanfor kyrkjehistorie. per halse (f. 1957) er professor i KRLE ved Høgskulen i Volda. Halse disputerte med ei avhandling om framveksten av nynorsk som kyrkjespråk og har publisert fleire fagartiklar og bøker, mellom anna ein biografi om Peter Hognestad.

59


høgare utdanning

NORUNN ASKELAND, BENTE AAMOTSBAKKEN OG ARNFINN ÅSLUND

ESSAYET – EIN VEG TIL KREATIV FAGSKRIVING Å skrive essay er eit av emna i norskfaget etter Norunn Askeland Bente Aamotsbakken Arnfinn Åslund

ESSAYET Ein veg til kreativ fagskriving

Fagfornyinga 2020. Men kva er eit essay, og korleis kan ein arbeide med det i grunnskule, vidaregåande skule og i høgare utdanning? I den historiske delen av boka drøftar forfattarane korleis dei kjente klassiske essayistane, frå den romerske filosofen Seneca,

norsk | ISBN: 9788234004971

ISBN 978-82-34004-97-1 PRIS CA KR 329,- | UTG. MARS

via renessansens Michel de Montaigne og Francis Bacon til våre eigne Ludvig Holberg,

e-bok | ISBN: 9788234004988

Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg,

PRIS CA KR 279,- | UTG. MARS

har prega essayet. Opp mot vår eiga tid drøftar forfattarane korleis den framveksande pressa, både avisene og tidsskrifta, skapar gode vilkår

9 7 8 8 2 3 4 0 0 4 9 7 1

9 788234 004971

for essayet og legg til rette for eit mangfald av essayistiske skrivemåtar.

norunn askeland (f. 1951) er professor i norsk

Boka tek også for seg essaytypar og essayistiske

ved Universitetet i Søraust-Noreg.

skrivemåtar, essayet og det kunstnarlege, essayet og det dialogiske, og ikkje minst,

bente aamotsbakken (f. 1948) er professor

essayet som språkleg forskingsstasjon. I tillegg

emeritus i tekstforsking ved Universitetet i Søraust-

er det eit kapittel om essayet i den digitale

Noreg.

notida, og eit kapittel om kva lærebøkene fortel

arnfinn åslund (f. 1959) er førsteamanuensis i norsk litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg.

60

og ikkje fortel om essayet. Alle kapitla har tips til skriveøvingar og råd for den som vil lære å skrive essayistisk.


høgare utdanning

MARI NYGÅRD

GRAMMATIKK OG GRAMMATIKKDIDAKTIKK I norskfaget er kunnskap om norsk språkstruktur og grammatisk omgrepsapparat grunnleggjande. Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Korleis kan ein leggje opp til undring og utforsking av sitt eige morsmål slik at grammatikkundervisninga blir spennande? Denne boka inneheld både grammatikk og grammatikkdidaktikk. Det mest sentrale er å gi ei grunnleggjande innføring i faget grammatikk. Forfattaran legg vekt på innlæring av grammatisk terminologi og analysemåtar, og drøftar i tillegg korleis ein kan nærme seg dette emnet saman med eleven sjølv.

norsk | ISBN: 9788252194432

ISBN 978-82-52194-43-2 PRIS CA. KR 379,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234003103 PRIS CA KR 319,- | UTG. MARS

9 7 8 8 2 5 2 1 9 4 4 3 2

9 788252 194432 mari nygård (f. 1976) er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved institutt for lærarutdanning ved NTNU. Ho er særleg opptatt av grammatikk, språklæring og den første skriveopplæringa.

61


høgare utdanning

ANN-IREN HØGALMEN, KJARTAN LEER-SALVESEN, ERLEND WALSETH OG EINAR AADLAND

PROFESJONSETIKK I SOSIALFAGLEG PRAKSIS Det finst mange kryssande krav og forventningar til profesjonsutøvarar i sosialfagleg praksis, anten dei jobbar i barnevern, på eit NAV-kontor eller i andre roller. Denne boka handlar nettopp om det, om korleis ein kan finne fram til best mogleg handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg. helse- og sosialfag | ISBN: 9788252194760

ISBN 978-82-52194-76-0 PRIS CA. KR 329,- | UTG. MARS

I første del av boka blir det gjort greie

e-bok | ISBN: 9788234002069

for profesjonsetikk generelt, for etiske

PRIS KR 279,- | UTG. MARS

nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk

9 7 8 8 2 5 2 1 9 4 7 6 0

9 788252 194760

ann-iren høgalmen (f. 1965) er høgskulelektor i sosialt arbeid ved institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. erlend walseth (f. 1980) er stipendiat ved institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. kjartan leer-salvesen (f. 1975) er professor i etikk ved institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. einar aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

62

refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar. Andre del av boka går inn på typiske etiske utfordringar ein kan møte i sosialfagleg praksis. Her blir klassiske dilemma knytte til prioritering, brukarmedverknad og verdikollisjonar behandla, men også nyare utfordringar som aktiveringstankegangen, behandlingspakkar og standardiserte brukarløp. Gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennande eksempel frå praksis der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. Forskingsetikk blir behandla i eit eige kapittel til slutt i boka.


høgare utdanning

DAG JENSSEN

VITSKAPSTEORI I SOSIALT ARBEID Forsking og vitskap handlar om å skaffe seg påliteleg kunnskap om verda. Når det gjeld profesjonar som barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar, byggjer dei i stor grad på vitskap, men rommar også andre kunnskapstypar. I denne boka gir forfattaren ei innføring i dei grunnleggjande føresetnadene for kunnskap i sosialt arbeid. Etter ein gjennomgang av dei ulike kunnskapstypane i sosialt arbeid drøftar han kva som er legitime verdiar i forskinga, og kva for verdiar som må haldast utanom. helse- og sosialfag | ISBN: 9788234002045

Forfattaren tar vidare for seg vitskapsteoretiske tema som er relevante for sosialt arbeid. Det gjeld forskjellar og slektskap mellom

ISBN 978-82-34002-04-5 PRIS CA. KR 369,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234002052 PRIS KR 309,- | UTG. MARS

ulike former for tolkande vitskap og naturalisme, inklusive evidensbasert praksis. Avslutningsvis blir forklaring av handling og ulike teoriar om grunntrekk i den sosiale verda drøfta.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 2 0 4 5

9 788234 002045 dag jenssen er førsteamanuensis ved institutt for sosialfag ved OsloMet – storbyuniversitetet.

63


høgare utdanning

MAJA MICHELSEN

BARNS FRITIDSTEKSTAR Barns fritidstekstar handlar om dei tekstane ungar liker å lese, skape og delta i på fritida, som tekstar i dagbøker, bloggar og på sosiale medium. Fritidstekstar er ein annan sjanger enn dei elevane skriv på skolen, ved at dei er knytt til heimen eller andre plassar der barn lever det private dagleglivet sitt. Fritidstekstar er dessutan tekstar barn engasjerer seg i på eiga hand, og som det derfor kan vere særleg motiverande for dei å skrive. Formålet med boka er å seie noko om den norsk | ISBN: 9788234003325

ISBN 978-82-34003-32-5 PRIS CA KR 299,- | UTG. MARS e-bok | ISBN: 9788234003332 PRIS CA KR 249,- | UTG. MARS

tekstkompetansen barn får i kvardagen når dei nyttar tekstar av ulike slag, til dømes når dei spelar spel, skriv meldingar på mobilen og deltek på sosiale medium, og når dei nyttar skrift og teikning. Grunnomgrep som tekst og multi-modalitet blir forklarte på ein enkel måte og med mange eksempel. Forfattaren kjem inn

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 3 2 5

9 788234 003325

på tekstpraksis og -bruk og barnekulturen i vår tid, og boka inneheld ein eigen del om korleis

maja michelsen (f. 1979) er førsteamanuensis ved

ein skal analysere dei ulike tekstane barn lagar

avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Østfold,

på fritida, og korleis ein kan bruke kunnskapen

der ho underviser i grunnskulelærarutdanninga.

om barns fritidstekstar til å støtte utviklinga av tekstkompetansen på skolen. Boka er skriven for studentar i lærarutdanningane.

64


høgare utdanning

HJALMAR EIKSUND, GUDRUN KLØVE JUUHL OG KRISTIN KIBSGAARD SJØHELLE

NYNORSKDIDAKTIKK Denne boka rettar seg mot lærarstudentar og lærarar som ønskjer å få betre innsikt i korleis dei kan arbeide med nynorskopplæring frå barnetrinn og ut vidaregåande trinn. Kva er god nynorskopplæring? Korleis bør denne innrettast for elevar med nynorsk som hovudmål og sidemål? Formålet med boka er å presentere forskingsbaserte måtar å arbeide med nynorskdidaktikk på. Boka tar omsyn til den særskilde opplæringssituasjonen elevar med nynorsk som hovudmål og som sidemål står i. Ho er praksisnær og tar føre seg eit breitt spekter av

fagbok | ISBN: 9788234003288

ISBN 978-82-34003-28-8 PRIS CA KR 329,- | UTG. MAI e-bok | ISBN: 9788234003295 PRIS CA KR 279,- | UTG. MAI

tema innanfor norskfaget, som til dømes den nynorske språksituasjonen, nynorsk barneog ungdomslitteratur, skrivestrategiar og utfordringar i møte med nynorsk rettskriving, nynorsk i fagtekstar og i medietekstar.

9 7 8 8 2 3 4 0 0 3 2 8 8

9 788234 003288

kristin kibsgaard sjøhelle (f. 1972) er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. gudrun kløve juuhl (f. 1979) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. hjalmar eiksund (f. 1972) er høgskulelektor og stipendiat ved Høgskulen i Volda.

65



SJÅ VERDA FRÅ EIN ANNAN STAD. I ei verd full av kjappe nyhende er det frigjerande å kunne lese tankar som er tenkte heilt ut. Tidsskriftet Syn og Segn gir deg tekstar av våre beste etablerte forfattarar og morgondagens store namn innanfor dei fleste samfunnsområde og forskingsfelt – på herleg nynorsk. Med eit abonnement på Syn og Segn får du litt pause og påfyll i kvardagen – og gjer deg litt klokare for kvart nummer.

synogsegn.no facebook.com/synogsegn Instagram: @tidsskriftet_synogsegn

- SYN OG SEGN RETT I POSTKASSA – FIRE GONGER I ÅRET - 432 SIDER SAKPROSA KVART ÅR - BØKER FRÅ SAMLAGET TIL REDUSERTE PRISAR

67


register FOTOREGISTER Tove K Breistein..................................... s. 8, 40, 55 Marie Sjøvold.........................................................s. 9 Thomas A.....................................................s. 10, 32 Øyvind Eide........................................................ s. 11 Luca Camosi........................................................ s. 13 Oda Berby............................................. s. 14, 15, 22 Per Eide................................................................. s. 16 Rolf M Aagard.............................................s. 17, 49 Kate Mount.......................................................... s. 18 Geir Mogen.......................................................... s. 19 Heidi Furre...................................................s. 21, 54 Gry Traasen......................................................... s. 23 Nille Leander....................................................... s. 24 Tom A Kolstad.................................................... s. 29 Fin Serck-Hansen.............................................. s. 30 Bent R. Synnevåg............................................... s. 31 Sara Berntsen...............................................s. 36, 38 Bernt Are Iversen, Firda.................................. s. 37 Britt Myhrvold................................................... s. 39 Steinar Rorgemoen........................................... s. 41 Lene Sørøy Neverdal........................................ s. 42 Arne Flatin.......................................................... s. 43 Maria Gossé......................................................... s. 44 Ragne Grande..................................................... s. 48 Lars Aurtande..................................................... s. 49 Kristianne Marøy............................................... s. 52 Hilde Wormdahl............................................... s. 50 Benedikte Skarvik............................................. s. 51

68


69


FØLG OSS PÅ: twitter.com/samlaget facebook.com/samlaget instagram.com/detnorskesamlaget og abonner på nyheitsbrev på samlaget.no

Foto: Josefine Kjærstad

70


KONTAKT OSS Anne Liv Tresselt Sals- og marknadssjef M: 90 56 13 22 a.tresselt@samlaget.no Karin Helgøy Kommunikasjonssjef M: 97 01 98 65 k.helgoy@samlaget.no Ragnhild Akselberg Tonheim Marknadskoordinator Kundeservice M: 90 12 43 25 r.tonheim@samlaget.no Katerina FutsÌter Vik Sals- og marknadskonsulent M: 93 05 77 23 k.vik@samlaget.no Mari Reinholt Aas Sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøker M: 92 08 11 56 m.aas@samlaget.no

71


72


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.