SUNNIVA RELLING BERG
Utfor. Ungdomsroman. Samlaget 2011, 2012
Beina i gitaren. Ungdomsroman. Samlaget 2013
Polarnatt. Ungdomsroman. Ill. av Bjørn Rune Lie. Samlaget 2019
Lyden av to hender. Roman. Samlaget 2021
Alfabetjakten. Bildebok. Gyldendal 2023
Sunniva Relling Berg
SOLDAGEN
Roman
Illustrert av Bjørn Rune Lie
Samlaget
Oslo 2024
© Det Norske Samlaget 2024
www.samlaget.no
Omslag: Bjørn Rune Lie
Førtrykk: Type-it AS, Trondheim
Skrift: Garamond Pro 9/10,8
Papir: 100 g Munken Premium Cream
Trykkeri: ScandBook AB, Falun
Printed in Sweden
ISBN 978-82-340-1182-5
Denne boka er utgitt i samarbeid med Leser søker bok.
Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.
Materialet i denne utgivinga er verna etter åndsverklova. Det er difor ikkje tillate å kopiere, avfotografere eller på andre måtar gi att eller overføre heile eller delar av innhaldet i utgivinga utan at det er heimla i lov eller følgjer av avtale med Kopinor.
All bruk av heile eller delar av utgivinga som inndata eller treningskorpus i generative modellar som kan skape tekst, bilde, film, lyd eller andre typar innhald og uttrykk, er ikkje tillate utan særskild avtale med rettshavarane.
Bruk av materiale frå utgivinga i strid med lov eller avtale kan føre til inndraging, erstatningsansvar og straff i form av bøter eller fengsel.
Maja, 15 år
Eit busstopp langt nord i Noreg
Maja går av bussen. Haldeplassen er berre eit skilt som stikk opp frå snøen.
Brøytekantane er nesten like høge som ho.
Dørene på bussen klappar mot kvarandre.
Ho snur seg og ser bussen blinke ut.
Det er ingen andre på vegen. Det er ikkje andre lydar enn bussen som brummar. Snart er bussen slukt av det grå mørket.
Det er ingen som ventar på henne.
Maja tar opp mobilen. Tante Bodil har ikkje svart på meldinga ho sende. Maja prøver å ringe.
Ho står lenge og lar det ringe i øyret.
Ho kan stole på tante. Det er ikkje mange ho kan stole på, men ho har alltid kunna stole på tante.
Ho har ei elv med smeltevatn i brystet, ei elv som blir større og større. Ho trekker pusten, og den kalde lufta brenn i nasen.
No må du skjerpe deg, Maja. Det er stemma til mamma ho høyrer.
Mamma som seier:
Du må ta deg saman!
Mamma som ropar:
Eg orkar ikkje dette!
Mamma som meiner:
Eg orkar ikkje deg, Maja.
I går smelte Maja døra etter seg då ho gjekk ut.
Ho gjekk langs gatene heilt til ho fann Knut og Olav utanfor Narvesen. Dei hang saman til klokka bikka midnatt. Då sa Maja ha det til Knut og Olav, men ho gjekk ikkje heim.
I staden gjekk ho til rutebilstasjonen og venta.
Så hoppa ho på nattbussen då han kom forbi.
Ho sende meldinga til tante og sovna med hovudet mot vindauget.
For tante orkar henne.
Ho har i alle fall gjort det før.
Mobilen er like stille som vegen, som snøen og himmelen.
Dei dustete stjernene trur at det framleis er natt,
sjølv om klokka er ni på morgonen.
Men dette er dagen då sola skal komme tilbake.
Kulda er ein mørk frakk, med ein krage som strammar rundt halsen. Kva om ingen kjem langs
denne vegen før bussen i morgon?
Då kan det vere til pass for mamma.
«Jente (15) fraus i hel», vil ho få lese i avisa. Langs ein idiotisk aude veg.
Maja ropar så høgt ho klarer: Eg hatar deg, hatar
deg, hatar deg!
Ropet varmar henne frå innsida. Og sola er på veg.
Det må vel vere bra? tenkjer Maja.
Kalde hender
Mobilen til Maja er snart tom for straum.
Ho trykker seg inn på kartet, skriv inn adressa til tante. Fingrane verker av kulde.
35 minutt å gå, står det. Ho trudde det var lenger.
Når ho kikkar opp, ser ho konturane av fjellet som liknar på ein haifinne. Snødekt og skimrande i stjernelyset.
Tante har sagt at Maja alltid kan sjå etter det fjellet, då vil ho vite kvar huset er.
Maja kjem på eit anna triks tante har lært henne. Ho opnar jakka i halsen. Så tar ho handa med mobilen innanfor genseren og dyttar mobilen ned i bh-en. Mobilen er så kald at ho rykker til. Galne tante.
Ho har berre gått nokre få steg når ho høyrer motordur. Gule lys bak henne. Bilen kjem raskt nærare.
Ho rettar handa ut og går baklengs.
Bilen kan ikkje unngå å sjå henne. Jakka hennar er godt synleg mot den kvite snøen. Men det høyrest ikkje ut som om han vil stoppe.
Maja vinkar kraftig med handa, men bilen fyk forbi.
Ho spring etter, veivar og ropar: Vent!
Og så sakkar bilen, som om sjåføren først då skjønar at det er noko som heiter bremser.
Bilen byrjar å rygge mot Maja. Sjåføren kikkar på henne med rynka bryn, før han opnar vindauget.
Han er så høg at hovudet nesten når opp i taket på bilen. Lyst hår stikk ut under ei blå lue.
– Hei! seier Maja.
Lyse frekner er strødd over kinna hans. Har ho sett han før?
Hadde han ikkje køyrt bil, kunne ho trudd han var yngre enn atten år.
– Er ikkje du niesa til Bodil Henriksen? spør han.
Dette er ein liten stad. Alle veit kven alle er, tenkjer
Maja. Ho har kanskje treft han når ho har vore her på ferie?
– Det stemmer. Kan du køyre meg til tante?
Han måler henne med blikket, før han nikkar.
– Hopp inn, seier han.
Maja går rundt og set seg i bilen, tar sekken på fanget.
Hendene på rattet er breie. På eine handa er knokane raude, med lause flak av hud.
Maja fiklar med reima på sekken. Sjåføren ser stivt på vegen. Han snurpar munnen saman, som om han har smakt noko rart.
Det er rart at tante ikkje svarar. Mamma har sikkert vakna no, kanskje har ho prøvd å ringe Maja.
Men Maja har blokkert nummeret hennar.
Då Maja sa at ho hadde lyst til å besøke tante, sa mamma at tante har nok med hundane sine. Ho sa at Maja berre kom til å lage kaos.
Dessutan har vi ikkje råd, sa mamma.
Maja minte henne på at det er marknad denne helga.
I fjor tente Maja nok til bussturen heim. Heile bygda feirar at sola kjem tilbake, med masse leikar for barna og god mat.
Tante plar ha med hundane så barna kan få køyre slede, og Maja kan hjelpe til.
Mamma trudde ikkje på at Maja ville vere til hjelp.
Viss du hamnar i trøbbel ein gong til, sa mamma, må eg kontakte nokon. For eg veit ikkje kva eg skal gjere med deg.
Mamma liker dårleg at Maja har byrja å henge med Knut og Olav.
Dei er to år eldre enn ho. Når dei røyker utanfor senteret, går folk i store bogar rundt dei. Rykta seier at dei slår ned folk på gøy.
Mamma forstår ikkje kvifor Maja treng dei to gutane.
– Kven skal du kontakte? spurde Maja, men mamma sette inn i oppvaskmaskina med harde rørsler. Det klirra i fat og glas.
– Kven skal du kontakte? gjentok Maja. Då mamma snudde seg, var ho våt i auga.
– Maja mi, sa ho. – Eg er så sliten.
Mamma har sikkert ikkje prøvd å ringe henne, tippar Maja. Kanskje søv ho berre enno.
Maja set seg på dei kalde fingrane sine.
Ho merkar at sjåføren ser kjapt på henne.
Han blinkar og svingar inn på ein mindre veg.
Han trommar på rattet.
Hendene hans er store og sikkert varme.
Han kunne lagt dei rundt hendene hennar, og ho
ville fått varmen i seg med det same.
– Mmmm-Maja? seier han prøvande.
– Du hugsar betre enn eg, seier ho.
Det verkar ikkje som om han høyrer henne.
Ho ser på speedometeret.
Han køyrer berre i 30 kilometer i timen.
I rommet mellom seta byrjar ein mobil å dirre. Han stoppar bilen med det same.
– Eg må ta denne, seier han og går ut av bilen.
Han går bortover vegen og fektar med armane medan han snakkar.
Ho lirkar fram sin eigen mobil. Det er berre nokre få prosent att på batteriet. Kulda siv inn i bilen.