Dei fleste på sørvestlandet kjenner Han Innante, hobbyfilosofen frå Ryfylke og hans absurde univers. I fjor kom den første boka der Han Innante og broren Gunvald samla saman artige historier frå heimtraktene. Boka blei ein stor suksess, og no har Han Innante og naboen, Oggvald Nils – alias Torolf Nordbø og Leif Arild Steen – igjen samla over 100 artige historier frå heimtraktene. Med moped og notisblokk har dei arbeidd seg frå Fitjar til Eigersund. Denne gongen går dei ikkje mindre vitskapleg til verks, og har mellom anna alliert seg med den kjende lokalhistorikaren Gunnar Skadberg i eit nytt forsøk på å analysere den sørvestlandske humoren.
Torolf Nordbø (f.1956) kjem frå Finnøy. Han er humorist, visesongar, seminarhaldar, musikar, lærar og revyartist.
Leif Arild Steen (f. 1972) kjem frå Finnøy. Han er humorist, revyartist og mannen bak ideen Ryfylke Livsgnist.
I S B N 9 7 8 - 8 2 - 5 2 1 -7 7 6 1 - 9
9 788252 177619 samlaget.no
Sydvest-humor frå Han Innante
Boka er illustrert med teikningar av Jens Flesjå.
Torolf Nordbø og Leif Arild Steen
Sydvest-humor frå Han Innante
Torolf Nordbø og Leif Arild Steen
frå Han Innante