Ordriket 2B Lesebok NYN (2. utgave) (9788211035684)

Page 1

Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland

Lesebok 2B

Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 2B I lesebøkene på 2. trinn følger vi Ina og Sam på jakt etter ein tjuv som har vore på ferde på skolen deira. Undervegs i jakta oppstår situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring gjennom eit tverrfagleg og variert tekstutval.

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 2B.

NYNORSK • 2. utgåve

Kvart kapittel presenterer eit tekstutval i forskjellige sjangrar og med ulik vanskegrad. Tekstane blir presentert i to nivå, og kvar tekst er rikt illustrert. Dette gir alle elevar moglegheit til å kunne delta på eigne premissar. Tekstane i leseboka er henta frå både den nyaste barnelitteraturen og frå kjende klassikarar.

Ordriket Lesebok 2B

1–7

Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03568-4

Ordriket 2B Lesebok bm og nn.indd 2

06.11.2020 13:09



Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Lesebok 2B


Til foreldre og føresette

Tips til bruk av boka FØR LESING Snakk med barnet om kva teksten kan handle om: • Sjå på bilde og overskrift saman. • Veit barnet noko frå før om emnet som blir tatt opp? • Les den første setninga. Kva slags tekst er det? Fakta, forteljing, dikt eller eventyr? UNDER LESING Les teksten og snakk saman undervegs: • Peik på orda samtidig som de les. • Stopp opp ved vanskelege ord og snakk om kva dei tyder. • Stopp opp av og til og snakk om det som skjer i teksten. Har barnet opplevd noko liknande? Kva meiner barnet om handlinga? Kva trur de skjer vidare? • Pass på at barnet les nøyaktig og ikkje sløyfar endingar. ETTER LESING Snakk saman om det de har lese: • La barnet fortelje handlinga med eigne ord. Kva har barnet fått vite? • Finn viktige ord i teksten. • Still spørsmål om teksten til barnet. La barnet stille deg eit spørsmål.

Når du les med barNet ditt: • Ver eit forbilde: Vis at du har glede og nytte av å lese! • Bidra til å utvikle språket til barnet: Leik med ord, rim, regler, vitsar og gåter! • Oppmuntre barnet ditt: Gi ros!


DIFFERENSIERING Teksten har to ulike vanskegradar. Desse er merkte med Elevane øver på det nivået som passar best.

Det enklaste nivået. Denne teksten har større skrift og er lettare å lese. Teksten er ofte ei oppsummering eller ei innleiing til firkantteksten.

Frosken og den spesielle dagen Frosken var så spent i dag. Haren hadde sagt at det var ein heilt spesiell dag. Men frosken visste ikkje kvifor. Då han spurde vennene sine, kunne ingen seie noko. Derfor gjekk han bort til haren. Men haren var ikkje heime. Ein lapp hang på døra. Der stod det noko om ein fest. Haren var i selskap! Då begynte frosken å gråte og følte seg aleine.

eller

Den vanskelegaste teksten. Denne teksten bør ein vaksen lese høgt fram til eleven sjølv kan lese han.

«Haren er invitert i selskap», hiksta han. «Det var altså det han meinte. Og han bad meg ikkje med eingong. Noko så dårleg gjort.» Kva slags selskap kunne det vere? Sikkert med masse kake og brus, og med flagg overalt … Frosken såg det heile for seg. Raude, gule og blå flagg … og sjølvsagt var det synging, og dansing med. Å, som han ønskte at han var der! Snufsande gjekk frosken heim att til sitt eige hus. Men hadde det vore nokon i huset hans? Kanskje det var ein innbrotstjuv! Då frosken opna døra si, trudde han ikkje det han såg. Rommet var pynta med flagg og blomstrar. På bordet stod det blautkake og brus. Og der var vennene hans – anda og grisen og rotta og haren. Og alle song dei: «Hurra for deg som fyller ditt år! Ja, deg vil vi gratulere …» Max Velthuijs

Undervegs blir elevane minte på den aktuelle lesestrategien som dei øver på i kapittelet.

Lag et tankekart.

Les meir!

Hikste: gråte

heim

heime

78

Nokre tekstar er merkte med . Dei bør alle elevane lese. Foreldre kan lese resten av forteljinga høgt for barnet.

.

79

Øveord. Ord vi bruker ofte, og ord som elevane bør lære seg å kjenne igjen.

Les meir. Her blir elevane tipsa om boka som teksten dei les, er henta frå.

Ordforklaringar i margen lettar leseforståinga og utvidar ordforrådet til elevane.


Innhald

7

Årstider 7 Fire årstider 8 Årstidene 10 Årstidene – vinteren 12 Snøstjerner 13 Istappen 14 Eit dikt i ein hage 15 Kaja og Stine 16 Årstider i verda 20 Fredrik 22 Smykketjuven 24 Tre detektivar i regnet 24

Monsteret på loftet 37 Folk og røvarar i Kardemomme by 40 God natt, natt 42 Mari drøymer 44 Smykketjuven 46 Tre små spionar i Snippen 46

9 Meiningar 51 Rett eller gale 52 Mobbing 54 Mias bod 56 Eg er sterkast 58 Jakob og Neikob 60 8 God natt 29 Det store møtet i skogen 62 Kva gjer du før du legg deg? 30 Greta og kjempene 66 God natt på forskjellige språk 31 Smykketjuven 68 Kveldsstell 32 Ein blå sprayboks 68 Lyset om kvelden 33 Ida og ulven 34


Handbok for superheltar 104 10 Store dagar 73 Midnattsbiblioteket 106 Kvardag og fest 74 Potet-Isaksen 108 Heilagdagar 76 Emil frå Lønneberget 111 Frosken og den spesielle dagen 78 Astrid Lindgren 114 Monsterkarneval 80 Smykketjuven 116 Hurra for deg 83 Samisk nasjonaldag 85 Ingen er for stor til å seie unnskyld 116 Rockesokk 86 Dei mistenkte 120 Karsten og Petra feirar 12 Løysing i sikte 123 17. mai 88 Å løyse mysterium 124 Halloween 90 Barnedetektivar 125 Smykketjuven 92 Miljøagentar 126 Den vakraste skulen Tips frå Miljøagentane 127 i landet 92 Smykketjuven 128 11 På biblioteket 97 Spora 128 På biblioteket 98 Tjuven blir avslørt 134 Vi er i ei bok 100 Tjuven gir opp 140 Drømmetreet 103 Den vakraste skulen i landet? 144


Ser du? 6

solhatt

støvlar

fotballsko


Ă…rstider

paraply

badering

ski

7

stavar 7


LESESTRATEGI Er eit ord vanskeleg? Sjå på delane av ordet.

Fire årstider Vinter ski snø skøyter kulde lue vottar mørketid

8

Sjå på delane av orda: MØRKETID, FUGLEKVITTER.

Vår snøsmelting joggesko blomstrar sykling fuglekvitter


Sommar varmt sol insekt iskrem sommarklede

Sjå på delane av orda: SOMMARKLEDE, HAUSTFARGAR.

Haust vind regn frukt og bær haustfargar kjølig

9


Årstidene Sjå på delane av ordet: PIGGSVIN.

Vinteren Om vinteren blir det tidleg mørkt. Ute er det kaldt. Det snør, og bakken blir kvit. Vi kan finne på mykje morosamt. Vi kan ake, gå på skøyter og lage snømann. Blada har falle av trea. Nokre dyr kryp inn i hia sine og kviler der. Det gjer både bjørn, piggsvin og maur.

kaldt 10

rundt


Våren Om våren blir det varmare og lysare. Snøen smeltar, og bakken blir bar. På trea sprett lauvet, og gras og planter veks fram. Det blir grønt og fargerikt ute. Dyra vaknar, og trekkfuglane kjem tilbake. Barna kan begynne å sykle, spele fotball og hoppe tau igjen.

Sommaren Om sommaren er det lyst til langt på kveld. Langt nord er det midnattssol. Då er det lyst om natta òg. No er det varmt, og plantene veks. Sommarfuglar, bier og humler summar rundt blomstrane i naturen. Jordbær og bringebær blir modne. Ute kan vi bade og leike på stranda.

Sjå på delane av ordet: FOTBALL.

Hausten Om hausten blir det kaldare og mørkare. Frukt og grønsaker blir modne. Bonden haustar korn og poteter. Vi kan plukke eple og plommer i hagen og finne bær og sopp i skogen. Blada på trea blir gule og raude. Dei visnar og fell ned på bakken. Trekkfuglane flyr sørover.

Trekkfuglar: fuglar som flyr til varme strøk om vinteren

11


Årstidene – vinteren Så kjem ei lita kvit dame, og det er vinteren, det, og ho har spade og ryggsekk med seg og legg snø utover markene, og snøklattar oppe i trea, og så gir ho mennesket tjukke skjerf og luer og røyk ut av munnane – og røyk ut av pipene på husa òg – og himmelen målar ho kald og kvit og gir lufta kuldegrader. Arild Nyquist

12

Sjå på delane av ordet: SNØKLATTANE.


Snøstjerner Snøstjerner, kvitstjerner, kvar kjem dei ifrå? Sei, bur dei der oppe i skyene grå? Snøstjerner, kvitstjerner, å skunda dykk hit! Og legg dykk i haugar, så marka blir kvit! Snøstjerner, kvitstjerner, på ski vil eg stå i snøkvite bakkar så fort det kan gå! Johannes Farestveit

13


Istappen Min lange nase har forkjølt seg, ja, drype-dryp og takk for meg no dryp eg min veg! Harald Sverdrup

14


Eit dikt i ein hage

Sjå på delane av ordet: HAGESLANGAR.

Eg fann eit dikt i ein hage iblant blomar mold og stein tørre grastustar badeshortsar trampoliner og hageslangar solkrem syklar sandalar og strandmadrassar og under den brennande steikande sol Diktet var slik: I dag er det 152 dagar att til jol Odd Nordstoga

Tørre grastustar: tørt gras

under 15


Kaja og Stine Kaja og Stine er på stranda. Sola skin. Havet glitrar. Sanden er mjuk og varm. «Skal vi svømme?» spør Kaja. Stine nikkar. Begge jentene har lært å svømme på skolen.

strand 16


Stine vassar ut i vatnet. Det er litt kaldt. Ho ser etter brennmaneter. Kaja klatrar opp på brygga. Ho ser ned. Så tar ho sats og hoppar. Vatnet sprutar rundt henne. Kaja ler. «Prøv du òg», seier ho til Stine.

Sjå på delane av ordet BRENNMANETER.

Stine ser opp på brygga. Det er litt høgt. «Eg har lyst på is», seier Stine. Jentene får pengar av mor til Stine. Dei spring til kiosken. Dei står i kø. Det er mange barn som badar i dag. Og mange har lyst på is i varmen.

17


Ei dame i raud badedrakt spring langs vatnet. «Har de sett ein liten gut?» spør ho. «Han er berre fire år. Han har lyst hår og grøn badebukse.» «Nei», seier Kaja.

18


«Skal vi leite, vi òg?» spør Stine. «Ja», seier Kaja. «Vi er jo detektivar.» Kaja og Stine har ein detektivklubb. Dei kallar seg «To små blå». Dei har løyst mange mysterium. «Kanskje Magnus har gått seg vill», seier Kaja. «Kvar då?» spør Stine. Kaja peikar på skogen bak stranda. Ingen leitar der. Kaja og Stine går inn i skogen. Dei ropar på Magnus. Dei stansar og lyttar. Det er heilt stille. Stine ser seg rundt. Det er ikkje så lett å gøyme seg på stranda. Og skogen er altfor stor. Viss ho var fire år, ville ho finne ein trygg stad å gøyme seg. Line Baugstø

Les meir!

19


Årstider i verda I Noreg har vi fire årstider: vår, sommar, haust og vinter. Slik er det i mange andre land òg, for eksempel i Kina. Det er ikkje alle land som har fire årstider.

20


Nokre stader nær ekvator er det berre to årstider. Desse blir kalla regntid og tørketid. I Thailand deler dei året i tre årstider. Dei heiter regntid, kjølig tid og varm tid.

Sjå på delane av ordet: REGNTID.

I Egypt deler dei året i to årstider. Dei heiter sommaren og den kjølige vinteren. Samane har åtte årstider: vinter, vårvinter, vår, vårsommar, sommar, haustsommar, haust og haustvinter. Ekvator: midt på jordkloden

land 21


Fredrik Ein musefamilie budde inni eit gammalt steingjerde. Om hausten måtte musene samle nøtter. Då ville dei få noko å ete om vinteren. Alle hjelpte til, bortsett frå Fredrik. «Fredrik, kvifor arbeider du ikkje?» spurde dei andre. «Eg arbeider jo», sa Fredrik. «Eg samlar solstrålar til kalde, mørke vinterdagar.»

22

Sjå på delane av ordet: VINTERDAGAR.


Vinteren kom, og då den første snøen fall, skunda dei fem små markmusene seg inn mellom steinane. Først var det nok å ete, og musene fortalde historier om redde revar og dumme kattar. Alt var berre familiehygge. Men smått om senn tok maten slutt. Det var kaldt i steingjerdet, og ingen hadde lyst til å prate meir. Då kom dei på det Fredrik hadde sagt om solstrålane. «Kvar har du lageret ditt, Fredrik?» spurde dei. «Lat att auga», sa Fredrik og klatra opp på ein stor stein. «No skal eg sende dykk solstrålar. Kjenn som dei varmar og lyser som gull.» Og Fredrik fortalde om solstrålane, så dei fire små musene fekk varme i kroppen att. Leo Lionni

Smått om senn: etter kvart

Les meir!

23


Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland

Lesebok 2B

Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Lesebok 2B I lesebøkene på 2. trinn følger vi Ina og Sam på jakt etter ein tjuv som har vore på ferde på skolen deira. Undervegs i jakta oppstår situasjonar som dannar utgangspunkt for samtale og undring gjennom eit tverrfagleg og variert tekstutval.

Leseboka finst også i digital utgåve. Oppgåver til tekstane finst i Arbeidsbok 2B.

NYNORSK • 2. utgåve

Kvart kapittel presenterer eit tekstutval i forskjellige sjangrar og med ulik vanskegrad. Tekstane blir presentert i to nivå, og kvar tekst er rikt illustrert. Dette gir alle elevar moglegheit til å kunne delta på eigne premissar. Tekstane i leseboka er henta frå både den nyaste barnelitteraturen og frå kjende klassikarar.

Ordriket Lesebok 2B

1–7

Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03568-4

Ordriket 2B Lesebok bm og nn.indd 2

06.11.2020 13:09


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.