Kyrkjekontoretinformerar
Kanskje vert det ein slik sommar som Olav Hauge her skriv om:
Den draumen
Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa –at draumen skal opna seg, at me ein morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.
I det kyrkjelege livet i Skjåk går det føre seg noko heile tida. Sidan førre utgåve av kyrkjeblad har vi både feira og markert mange høgtidsdagar i kyrkja; påske, frigjeringsdag, grunnlovsdag, Kr. Himmelfartsdag og pinse. Dette er noko alle har høve til å vere med å feire. I tillegg er det 9 familiar som har feira dåp, noko som er svært triveleg.
8. mai 2023: Ei høgtideleg og fin markering også i år ved Nordberg kyrkje. Takk til Lars Petter Forberg for gode ord ved bekransning, FN-veteraner, Lom og Skjåk Brass og Kåre Gloslie som leia denne delen av markeringa
Tradisjonen tru vart dagen avslutta med konsert i kyrkja. Tom Roger Aadland og Skjåk songlag sto for musikk og Endre Skjåk styrte programmet.
Den norske kyrkje har ei kampanje retta mot drop-in dåp over heile landet, som starta i pinsa. Her i Skjåk har vi ein dåpsoppslutnad på over 100 %, fordi mange som har folkeregistrert adresse andre stadar kjem ”heim” for å døype.
Og interessa for dåp vart og godt synleggjort i pinsehelga da vi damene på kontoret ba med oss Skjåk husflidslag
v/ Torill Kvarberg, Skjåk Historielag
v/ Stein Grjotheim og Skjåk Bygdekvinnelag v/Torill Vigstad i ei nemnd som planla utstilling av dåpsklede.
Aud Jotun og Robert Kvålshagen (Fellesrådet) vart i tillegg med Kari Ørjasæter og meg med i nemnda.
Og nå er utstillinga over og vi er så glade og takksame for at dette vart så vellykka og ønskjer å takke alle som var med og gjorde dette til så vellykka ei utstilling!
94 dåpskjolar, 120 huvå og mange andre dåpsklede vart innlevert. Vi fekk sett dette i system, eldste frå 1813 og nyaste frå 2023. Laurdag hadde vi open utstilling og sundag hadde vi i tillegg kyrkjekaffe og blautkaku, i høve kyrkja sin gebursdag som pinsa vert rekna som.
Ei samtale kring dåpstradisjonar og dåpsalmar vart det og.
Ein setning som vi har høyrd ofte gjennom dette arbeidet er : Nei, det er ikkje nokon att å spørja
Eit god råd til dykk som har slike verdiar i eige, skriv opp om dykk er kjende med historia. Og om ikkje den er så lang enda, så vert den det etter kvart.
Og dette gjeld ikkje berre dåpsklede, men tenk kor mykje bunadar, syljer og anna verdiar som er rundt om kring og prat om det til neste generasjon.
Og i Nordberg kyrkje var det dokkedåp på Tårnagent samlinga 21. mai, der vi tok ”nya” av dåpskjolen sydd og gjeve av Anne Bjørg Morken Gartland.
Som vanleg så vil eg få minne om søppelhandtering på kyrkjegardane, ver så venlege å ikkje kast jord, plastikk og anna i same søppelsekken. Våre tilsette må bruke arbeidstid på å rydde etter andre, noko som ikkje er naudsynt. Sortér avfallet. Om du ikkje greier å gå til kompostbingen, legg jorda i trillebåra.
Harald Østengen skal vere sommarhjelp hjå oss i år, noko vi er glade for. Biskop Bonden er på rundtur i Hamar bispedømme: 10 prosti (10 prostar), 46 fellesråd og 97 prestar skal få besøk av Ole Kristian Bonden og hans følgje frå Hamar bispedømme.
31. mai var dagen han vitja NordGudbrandsdal prosti. Dagen var delt i tre bolkar og Biskopen si bestilling var:
Del 1: Stabane sin presentasjon skulle innehalde geografi/demografi.
Tilsette, kyrkjer, kontor, kva for særtrekk har staben og kva er det særleg fokus på for det kyrkjelege arbeidet i sokn/kommune/prostiet for 2023.
Del 2: Møte med kommunane sine administrative og folkevalte leiarar, dette møtet gjekk føre seg på Lom folkebibliotek.
Del 3: Presentasjon av lokalsamfunnet/lokal kultur, kva for særtrekk har bygda og folket?
Presentere medlemmane i Fellesrådet og særskilte område som for det kyrkjelege arbeidet i soknet og kommune.
Så dagen vart lang og innhaldsrik, eit møte på nærare 12 timar.
Kyrkjeverje i Lom Anne Kristin Stenersen, prost Birgitte Bentzrød og underteikna var komite for dagen. Så biskop Bonden fekk servert veondeleg god suppe med tilbehør og waleskringle frå Skjåk Mat /Skeid kro
Den kyrkjelege stab i Skjåk hadde dikta song på 10 vers. Vi presenterte oss sjølve og songen vart framførd med stor innleving, og organist Eirik på tangentane. Han hadde og laga bildekarusell med glytt inn i det kyrkjelege livet i Skjåk.
Orientering: Av og til vert det stilt spørsmål i høve kva for dagar flagga skal vere oppe ved kyrkjene våre. I mange år var flaggreglane i Skjåk kyrkjelege fellesråd slik at flagga kom opp når det føregjekk noko i kyrkja, men frå 01.01.2021 vart dette endra slik at det vert flagga ved både Skjåk kyrkje og i Nordberg kyrkje på 8. mai og 17. mai. Skjåk kyrkjelege fellesråd vedtak i sak 27/20 Flaggstenger ved kyrkjer er private og fylgjer ikkje offentlege flaggdagar i Noreg.
Messeplan vert lagt i nesten eit år på førehand og denne vert sett opp etter møte i messeutvalet og vert handsama i stab og fellesråd. Utvalet er sett saman av organist, sokneprest, kyrkjelydssekretær og medlemmar frå fellesrådet. I dette utvalet er det
4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00 SKEIMO Tlf: 61 21 40 65
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
og rom for friviljuge, så viss nokon ønskjer å ta ein plass og vere med å påverke messeplan så velkomne. Ved planlegging av messene gjennom eit heilt år, er det mange omsyn å ta t.d. fridagar og ferie i forhald til skule/ barnehage. Vi prøvar så langt vi kan å legge til rette og ta omsyn slik at våre planar ikkje skal kollidere/konkurrere med andre.
Elles så vil eg minne om at vi har bruk for fleir friviljuge i kyrkja, så har du tid til overs eller kan tenkje deg å vere med på noko, så er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med kyrkjekontoret.
Om du ønskjer oppussing eller noko vedrørande gravminne, så kjem skrifthuggern i august /september. Ta kontakt med kyrkjetenarane eller kyrkjekontoret.
Kyrkjeval 11. september 2023
Nominasjonsnemnda for kyrkjevalet 2023 er ferdige med arbeidet sitt og listene vart overlevert til Skjåk kyrkjelege fellesråd 31.03.kl.12. Det er dei som utgjer valstyret for Kyrkjevalet 2023 i Skjåk. Håpar at flest mogleg nyttar stemmeretten sin. Her i Skjåk vil Kyrkjevalet gå føre seg på kommunehuset i lokala Markurda.
Er du ein av dei 3,5 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.
Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg!
Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved kyrkjevalet 11. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til kommunestyre og fylkesting i eit vallokale like ved, kan du også
stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Nytt av året er at du kan førehandsstemme digitalt. Det gjer du på kyrkjevalet.no frå 10. august til og med 6. september. Du kan førehandsstemme fysisk på kyrkjekontoret 31. august kl.15-20 eller i Nordberg kyrkjestugu laurdag 26. august kl.17-18
To val
Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til Skjåk kyrkjelege fellesråd og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.
I Skjåk sokn og Nordberg sokn har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til Skjåk kyrkjelege fellesråd og leie kyrkjelydane i Skjåk og Nordberg dei fire neste åra. I fellesrådet stemmer du på enkeltpersonar. Du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.
I val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet er du med på å bestemme kven som utgjer bispedømmerådet. Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Når du stemmer i bispedømerådsvalet er du dermed også med på å avgjere kven som utgjer Kyrkjemøtet. I dette valet stemmer du på ei liste. Listene legg vekt på ulike saker dei vil arbeide for i kyrkja.
I Hamar bispedøme stiller:
• Nominasjonskomiteens liste
• Bønnelista
• Åpen folkekirke lister.
I begge vala er det høve til å gjere endringar på listene, til dømes å gje personstemme til enkelte kandidatar. Kva for endringar det gjeld, og korleis endringane påverkar valresultatet, kan
du lese meir om på kyrkjevalet.no.
Les meir om kandidatane på www.kyrkjevalet.no
Visste du at…
• Ca. 3 millionar nordmenn har rett til å stemme ved kyrkjevalet 10.-11. september.
• Du må vera døypt for å vera medlem i Den norske kyrkja.
• Ungdom har stemmerett i kyrkjevalet frå året dei fyller 15.
• Eit sokneråd har 4-10 medlemer, i tillegg til soknepresten. Medlemene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er også aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet.
• Til saman skal om lag 7000 rådsmedlemer bli stemde inn i kyrkjevalet 2023.
Kandidatliste Nordberg sokn:
1. Magnhild Teigum
2. Nils Arne Flaten
3. Monica Tuva
4. Sigurd Mølmen
5. Siv Jorunn Welve
6. Jarnfrid Rustad
7. Margot Elin Teigen
8. Lene Dokken
9. Anne Randi Klepp
10. Ann Eli Synstnes
Kandidatliste Skjåk sokn:
1. Aud Jotun
2. Terje Kveen
3. Laila Bårdseng
4. Ronny Eiesar
5. Runa Aurmo
6. Eilev Aurstad
7. Ragnhild Taraldsrud
8. Frida Risheim Hjeltar
9. Kari Gjelbakken
Godt val!
God sommar til dykk alle lesarar av kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg
Arnborg Teigum Kyrkjeverje
5
SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS Tlf: 97 03 05 96 Tlf 61 21 21 90 Tlf 61 21 37 00 • post@melbytransport.no www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 • avd. Vågå 61 23 70 72
mygg?
2. Kan du eit dialektord for (stor) mygg?
3. Markurde er eit skred - og grovafar i fjellsida i Tverrfjellet, kjent for dei fleste. Moldule er eit liknande skredfar. Kvar ligg det?
4. Kva dagtemperatur må ein opp i, i Norge, for at det skal registrerast som ein sommardag i meteorologisk forstand?
5. Snøsøte er ein liten blome som lyser blått mot oss i fjellet. Men den kan vera vanskeleg å få auge på når den er lukka. Kva skal til for at denne blomen skal opne seg?
6. Flåklypa sendeplatelag har bane ved Moar i Skjåk. Kva brukar dei bana til?
7. Kven var Olav Engelbrektsson?
8. Skjåk Almenning jubilerer i år, når vart allmenninga stifta?
9. Er det fleire enn 15 felltoppar på over 2000 m.o.h. i Skjåk?
10. Kven har skreve teksta til songen “Summertime”, der livet er lett og fisken sprett?
Konfirmantjubileum 2023
Årets konfirmantjubileum for dei som var konfirmerte i 1973, 1963, 1953 og 1943 blir arrangert laurdag 26. august. Komiteen er godt i gang med arbeidet, og invitasjonar er sendt i posten.
Jubileumet startar med messe i Nordberg kyrkje kl. 16.00 med påfylgjande fotografering før sosialt samkome på Skjåk turistheim seinare på kvelden.
Konfirmantar i Nordberg kyrkje
sundag 3. september kl. 11.00
Jonas Knutsødegård Stenersen
Martine Heggebotten
Amalie Fallingen Stadeløkken
Halvor Biløygard Johansen
Kristian Rustad
Anna Sigrun Randen
Ronja Morken Gartland
Matilde Tuva Haagaa
Konfirmantar i Skjåk kyrkje
sundag 10. september kl. 11.00
Ella Soglo
Lars Vange
Sina Aurmo
Tommy Andersbakken
Gea Aurora Øiberg
Jon Sigurd Forberg
Tor Kjetil Bakken Voldhaug
var siste katolske -erkebis kopen i Norge. Utemd for 500 år sidan i år. Han kjempa for eit katolsk Norge med sjøvstyre, tapte kampen
7.
6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Svar sommarkviss
1. Som egg, unge larvar eller neste ferdigutvikla larvar.
2. Mehainkje. Og i fylje A. Dagsgard er ein mehainjekluvar ein augestingar, så da veit vi det også...
3. Møyldurda ligg i dalsida i “baksida” av Lundadalen.
4. Ein nordisk sommardag er + 20° C.
5. Det må vera sol og over 10° C.
6. Dei spelar diskgolf, ein type golf med frisbee (sendeplate) og korger.
Engelbrektsson
og måtte flykte frå landet i 1537.
8. 1798.
9. Ja, 18.
10. George Gershwin.
Til sin eigen dåp, stilte Ronja Morken
Gartland i «dåpskjole» som ho sjølv har designa og sydd.
15-åringen vart døypt på Billingen 6. mai. Ho fekk mykje skryt av den flotte festdrakta, eller fantasidrakta, som Ronja gjerne omtalar drakta som.
– Bestemor trudde til å begynne med ikkje heilt på at eg hadde sydd drakta, smiler Ronja og legg til: - Eg fekk gode råd og litt hjelp av mamma.
Ho syr ein del, blant annan bunader. Ronja sydde drakta i april, altså rett før dåpen sin. Kor mange timar ho brukte på drakta, har ho ikkje tal på. Men ho innrømmer at det var mykje arbeid. Attåt skule, lekser og fritidsaktivitetar vart det ein travel april.
Ho er Disney- og Frostinspirert. For råd og tips skaffa ho seg sy-boka som Jenny Skavland står bak. Stoffet valde Ronja ut sjølv.
Nå går det i konfirmasjonsførebuing. Ronja skal konfirmerast 3. september. Men ho skal ikkje bruke drakta ho sydde seg. Da skal ho få låne bunaden som bestemor hennar konfirmerte seg i. Når ho blir beden om å velje sin salme, blir det «Deg være ære».
AV ELIAS SPERSTAD
Deg være ære
Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt. Lyset fyller haven, se en engel kom, åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom!
Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.
Se, Herren lever! Salig morgenstund! Mørkets makter bever. Trygg er troens grunn. Jubelropet runger: Frelseren er her! Pris ham, alle tunger, Kristus Herre er!
Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.
Frykt ikke mere! Evig er han med. Troens øye ser det: Han gir liv og fred. Kristi navn er ære, seier er hans vei, evig skal han regjere, aldri frykter jeg.
Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.
7
2690 Skjåk tlf 61 21 38 90 www.skjak-trelast.no POLLFOSS HOTELL I RESTAURANT En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
salme
Mi
Ronja Morken Gartland
Skal du feire en stor dag?
Annonser_kyrkjebladet.indd 30 19.09.2022 10:53
HØYFJELLSHOTELL På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper. +47 612 17 474 post@grotli.no
8
1 2 3 4
Barmedåp
1. Silvana Antonella Melendez-Andersbakken vart døypt i Nordberg kyrkje 30. april. Foreldre er Indira Isabel Melendez Berrio og Tor Andersbakken.
2. Iren Langleite Brenna vart døypt i Skjåk kyrkje 23. april. Foreldre er Karina Langleite og Jens Brenna, storesyster Siri.
3. Thale Plassen vart døypt i Nordberg kyrkje 9. april 2023. Foreldre er Kathrine Brandsar og Lars Øystein Grov Plassen. Storesyster Martine.
4. Sverre Moen Storlien vart døypt i Skjåk kyrkje 28. mai 2023. Foreldre: Lena Storlien og Fredrik Moen. Prest: Kåre Gloslie. Foto: Elias Sperstad
9
5 6 7 8 9
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5. Dåp av Ola Dagsgard 4.juni Skjåk kyrkje. Foreldre er Malene Dagsgard og Eilev Aurstad.
6. Ronja Morken Gartland vart døypt på Billingen 6. mai 2023, her saman med sokneprest Kåre Gloslie. Foto: Privat
7. Vilde Gjelbakken Sæterdal Dijkstra vart døypt i Skjåk kyrkje 28. mai 2023. Foreldre: Venke Gjelbakken Sæterdal og Sander Dijkstra. Prest: Kåre Gloslie. Foto: Elias Sperstad
8. Lars Tengesdal vart døypt i Skjåk kyrkje 28. mai 2023. Her saman med foreldre Martin Tengesdal og Berit Elvestad, og prest Kåre Gloslie.
Foto: Elias Sperstad
9. Eline Aaboen vart døypt i Skjåk kyrkje 2. april. Foreldre er Silje Kongsrud og Andrè Aaboen.
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Messeplan juni - oktober 2023
Sundag 25. juni kl. 10.00 Lomskyrkja. Felles folkemusikkmesse.
Sundag 9. juli kl. 13.00 Nordberg kyrkje. Regnbogemesse med barnedåp
Laurdag 29. juli kl. 18.00 Lom kyrkje felles olsokmesse
Sundag 6. august kl. 12.00 Utemesse ved Aursjobrakka
Sundag 13. august kl. 11.00 Skjåk kyrkje.
Sundag 20. august kl. 12.00 Felles utemesse ved Dalsvatnet
Laurdag 26. august
kl. 14.00 Nordberg kyrkje. Dåpsmesse.
Laurdag 26. august
kl. 16.00 Nordberg kyrkje. Samtalemesse og konfirmantjubileum
Sundag 3. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmasjonsmesse
Sundag 10. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse
Sundag 24. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Hausttakkemesse. Utdeling av 6årsbok
Sundag 1. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje
Andakter på Skjåkheimen:
Torsdag 29. juni kl. 11.30
Torsdag 31. august kl. 11.30
Torsdag 28. september kl. 11.30
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR
Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.
Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no
Blomefonda i Nordberg og Skjåk
Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.
Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no
Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543
Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547
Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling.
Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.
Nordberg og Skjåk Sokn
Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Kontoradresse: Skjåk Energi
Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no
Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00
Mobil: 909 56 437
Sokneprest
Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no
Kyrkjelydsekretær
Kari Ørjasæter tlf: 909 56 437 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no
Kyrkjeverje
Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Kyrkjetenar Nordberg
Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no
Kyrkjetenar Skjåk
Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no
Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.
Organist Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com
Trusopplærar
Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no
Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no
Kyrkjebladsutval:
Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@gmail.com
Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no
Aud Jotun, tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no
Abonnere på kyrkjebladet
Innanbygds: Friviljug kontingent
Utanbygds: Kr. 200,- pr. år
Kontonr: 2085.07.45170
Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»
Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret.
10
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg