Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #2-2023

Page 4

KYRKJEBLAD

Skjåk og Nordberg

for S

Om alle og alle b og alle f og alle d det tr ur oss meir

Om vi v og gjekk og om v kvar dag

Det ville enn trist

dber g

hus var like, me mat på bord tala saman i same orddet liten trivnad på vår jord.

e rike mangfald om oss kan sjå dyr og fuglar blom og stråskapt så ulikt, tenkje på!

O 2014 gjeld_kyrkjeblad jul 03 31.03.14 13.47 Side 1
KYR
L AD
e
Magnus Br uheim
-
Kyrkjeblad påske 2014 gjeld_kyrkjeblad jul 03 31.03.14 13.47 Side 1
Foto: Siri Hvitsand Ronja Morken Gartland vart døypt på Billingen av sokneprest Kåre Gloslie. Foto: Håvard Morken Gartland
Nr. 2 • Juni 2023
83. årgang

Dåpsutstyr-utstilling

Flott utstilling av dåpsplagg.

Det var stor interesse for utstillinga i Kraftverket pinshelga. Rundt 250 gjenstandar knytt til dåp var stilt ut. Bak kvar dåpskjole ligg det ein eller fleire historier. Den dåpskjolen med sterkast historie som var utstilt, vart funne att etter skredulykka i Nordberg i Skjåk 13. mars 1913. 13 menneskeliv gjekk tapt i den tragiske ulykka. Fleire av dei som omkom, vart døypte i denne dåpskjolen. Den vart sydd i 1882, 28 dåpsbarn har brukt dåpskjolen. Alle namna er brodert inn. I dag er det Live Rustad som eig dåpskjolen.

Dåpskjolane går gjerne i arv, det var fleire slike i utstillinga, med namna på dei som er døypte brodert på kjolen. Fleire av dei utstilte kjolane og dåpsluene er sydde av same person. Mykje fint handarbeid pregar plagga. Den eldste dåpskjolen på utstillinga, er frå 1813, frå Nigard Kvarberg i Vågå. Den nyaste har 15 år gamle Ronja Morken Gartland sydd, til sin eigen dåp i mai. 94 dåpskjolar, 120 dåpsluer og anna utstyr knytt til dåp var utstilt. Til saman samla utstillinga rundt 250 ting, så det er i sum snakk om ei unik samling med store verdiar. Kyrkjeverje Arnborg Teigum er overvelda over responsen, og rettar stor takk til alle som stilte dåpsutstyr til disposisjon for utstillinga.

Utstillinga var det Kyrkjekontoret i Skjåk, Skjåk Husflidslag, Skjåk Historielag og Skjåk Bygdekvinnelag som stod for. Dei mange som var innom for å sjå på utstillinga, sette stor pris på initiativet. Mykje vakkert handarbeid, reine kunstverka, vart det kommentert. Det vil også bli høve til å sjå dåpskjolane og luene seinare, da dei vart fotografert før dei vart levert attende til eigarane. Teigum fortel at planen er å gjera bilda tilgjengelege på nett.

AV ELIAS SPERSTAD

2
Dåp
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg Bak Kari Ørjasæter og Arnborg Teigum heng dåpkjolar på rad og rekke. Utstillinga var svært vellykka. Eit utval av dei 120 dåpsluene som var utstilt. Torill Kvarberg med dåpskjolen knytta til skredulykka i Nordberg i 1913.

Dåp gjev glede

Dåp skapar stoltheit

Dåp gjer at vi høyrer til Dåp gjev oss ein identitet med gode verdiar

Slik kan eg ramsa opp….. dåp inneber mange ulike sider som rører ved livet vårt.

Som prest er eg særs heldig, som kan vera med på desse flotte seremoniane. Eg vert sjølv glad og stolt!

Den norske kyrkja har satsa stort i år på å synleggjera dåpen i kyrkja. Dåpstalla fell, og kyrkja vil gjera mottiltak mot denne tendensen. Alle kyrkjelyder i Norge vert utfordra på å halde drop-in dåp og gjera andre tiltak for å gjera dåpen synleg og aktuell for folk. Her i Skjåk har vi hatt særs mange dåp etter nyttår; vi har døypt 13 små born og ein konfirmant i løpet av 5 månader. Og eg må seia: her har det vore massevis av glede og stoltheit!

Det er mange gode grunnar til å velje dåp, og kva for ein grunn som veg tyngst, er ikkje så lett å peike på. Eg tenkjer at det er summen av mange ting som fører borna fram til dåp. For meg er det den teologiske sida ved dåpen som er i fokus. Det er atter Jesu oppstode til det nye livet som er

ute og går. I dåpen står vi opp til nytt liv i Jesu namn. Den som vert døypt vert født på nytt, seier vi. Og da er det ikkje den biologiske fødselen vi snakkar om, men fødselen til eit nytt åndeleg liv som kristen.

Vi kan gå inn i bibelen sjølve, og lese om korleis Jesus forklarar kva dåp er. Sjå i evangeliet etter Johannes i kapittel 3, der Jesus snakkar med Nikodemus om dåpen.

Dåpen er ei heilag handling; eit sakrament. Og det som gjer dåpen heilag er det velsigna vatnet og Gudsordet som vert lese i seremonien. Og det aller viktigaste: den som vert døypt får ei god velsigning med på ferda vidare gjennom livet.

At dåpen er viktig for oss, sto klart for meg da eg så den store interessa kring utstillinga av dåpskjolar i Kraftverket. Nesten 100 kjolar, mykje folk; mykje energi i rommet, og ikkje minst nysgjerrigheita og gleda kring historia til dei ulike kjolane.

Dåpen er ei stor og mektig gåve syng vi i ei av dåpssalmane:

Ei stor og mektig gåve har Gud meg ein gong sendt. Han gav meg himmelriket i dåpens sakrament.

Ikkje mindre!

Med ynskje om ein god sumar, avsluttar eg med dåpsbefalinga:

Jesus steig fram og tala til læresveinane: ”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

Skjåk Bil AS

3
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg 2690 Skjåk Tlf 61 21 38 00 www.sken.no
firmapost@sken.no
Skjåk Kjøpesenter - alt du treng!
Velkomen til triveleg handel! Skjåk Kjøpesenter
Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70
Soknepresten Kåre Gloslie

Kyrkjekontoretinformerar

Kanskje vert det ein slik sommar som Olav Hauge her skriv om:

Den draumen

Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje –  at tidi skal opna seg at hjarta skal opna seg at dører skal opna seg at berget skal opna seg at kjeldor skal springa –at draumen skal opna seg, at me ein morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.

I det kyrkjelege livet i Skjåk går det føre seg noko heile tida. Sidan førre utgåve av kyrkjeblad har vi både feira og markert mange høgtidsdagar i kyrkja; påske, frigjeringsdag, grunnlovsdag, Kr. Himmelfartsdag og pinse. Dette er noko alle har høve til å vere med å feire. I tillegg er det 9 familiar som har feira dåp, noko som er svært triveleg.

8. mai 2023: Ei høgtideleg og fin markering også i år ved Nordberg kyrkje. Takk til Lars Petter Forberg for gode ord ved bekransning, FN-veteraner, Lom og Skjåk Brass og Kåre Gloslie som leia denne delen av markeringa

Tradisjonen tru vart dagen avslutta med konsert i kyrkja. Tom Roger Aadland og Skjåk songlag sto for musikk og Endre Skjåk styrte programmet.

Den norske kyrkje har ei kampanje retta mot drop-in dåp over heile landet, som starta i pinsa. Her i Skjåk har vi ein dåpsoppslutnad på over 100 %, fordi mange som har folkeregistrert adresse andre stadar kjem ”heim” for å døype.

Og interessa for dåp vart og godt synleggjort i pinsehelga da vi damene på kontoret ba med oss Skjåk husflidslag

v/ Torill Kvarberg, Skjåk Historielag

v/ Stein Grjotheim og Skjåk Bygdekvinnelag v/Torill Vigstad i ei nemnd som planla utstilling av dåpsklede.

Aud Jotun og Robert Kvålshagen (Fellesrådet) vart i tillegg med Kari Ørjasæter og meg med i nemnda.

Og nå er utstillinga over og vi er så glade og takksame for at dette vart så vellykka og ønskjer å takke alle som var med og gjorde dette til så vellykka ei utstilling!

94 dåpskjolar, 120 huvå og mange andre dåpsklede vart innlevert. Vi fekk sett dette i system, eldste frå 1813 og nyaste frå 2023. Laurdag hadde vi open utstilling og sundag hadde vi i tillegg kyrkjekaffe og blautkaku, i høve kyrkja sin gebursdag som pinsa vert rekna som.

Ei samtale kring dåpstradisjonar og dåpsalmar vart det og.

Ein setning som vi har høyrd ofte gjennom dette arbeidet er : Nei, det er ikkje nokon att å spørja

Eit god råd til dykk som har slike verdiar i eige, skriv opp om dykk er kjende med historia. Og om ikkje den er så lang enda, så vert den det etter kvart.

Og dette gjeld ikkje berre dåpsklede, men tenk kor mykje bunadar, syljer og anna verdiar som er rundt om kring og prat om det til neste generasjon.

Og i Nordberg kyrkje var det dokkedåp på Tårnagent samlinga 21. mai, der vi tok ”nya” av dåpskjolen sydd og gjeve av Anne Bjørg Morken Gartland.

Som vanleg så vil eg få minne om søppelhandtering på kyrkjegardane, ver så venlege å ikkje kast jord, plastikk og anna i same søppelsekken. Våre tilsette må bruke arbeidstid på å rydde etter andre, noko som ikkje er naudsynt. Sortér avfallet. Om du ikkje greier å gå til kompostbingen, legg jorda i trillebåra.

Harald Østengen skal vere sommarhjelp hjå oss i år, noko vi er glade for. Biskop Bonden er på rundtur i Hamar bispedømme: 10 prosti (10 prostar), 46 fellesråd og 97 prestar skal få besøk av Ole Kristian Bonden og hans følgje frå Hamar bispedømme.

31. mai var dagen han vitja NordGudbrandsdal prosti. Dagen var delt i tre bolkar og Biskopen si bestilling var:

Del 1: Stabane sin presentasjon skulle innehalde geografi/demografi.

Tilsette, kyrkjer, kontor, kva for særtrekk har staben og kva er det særleg fokus på for det kyrkjelege arbeidet i sokn/kommune/prostiet for 2023.

Del 2: Møte med kommunane sine administrative og folkevalte leiarar, dette møtet gjekk føre seg på Lom folkebibliotek.

Del 3: Presentasjon av lokalsamfunnet/lokal kultur, kva for særtrekk har bygda og folket?

Presentere medlemmane i Fellesrådet og særskilte område som for det kyrkjelege arbeidet i soknet og kommune.

Så dagen vart lang og innhaldsrik, eit møte på nærare 12 timar.

Kyrkjeverje i Lom Anne Kristin Stenersen, prost Birgitte Bentzrød og underteikna var komite for dagen. Så biskop Bonden fekk servert veondeleg god suppe med tilbehør og waleskringle frå Skjåk Mat /Skeid kro

Den kyrkjelege stab i Skjåk hadde dikta song på 10 vers. Vi presenterte oss sjølve og songen vart framførd med stor innleving, og organist Eirik på tangentane. Han hadde og laga bildekarusell med glytt inn i det kyrkjelege livet i Skjåk.

Orientering: Av og til vert det stilt spørsmål i høve kva for dagar flagga skal vere oppe ved kyrkjene våre. I mange år var flaggreglane i Skjåk kyrkjelege fellesråd slik at flagga kom opp når det føregjekk noko i kyrkja, men frå 01.01.2021 vart dette endra slik at det vert flagga ved både Skjåk kyrkje og i Nordberg kyrkje på 8. mai og 17. mai. Skjåk kyrkjelege fellesråd vedtak i sak 27/20 Flaggstenger ved kyrkjer er private og fylgjer ikkje offentlege flaggdagar i Noreg.

Messeplan vert lagt i nesten eit år på førehand og denne vert sett opp etter møte i messeutvalet og vert handsama i stab og fellesråd. Utvalet er sett saman av organist, sokneprest, kyrkjelydssekretær og medlemmar frå fellesrådet. I dette utvalet er det

4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00 SKEIMO Tlf: 61 21 40 65

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

og rom for friviljuge, så viss nokon ønskjer å ta ein plass og vere med å påverke messeplan så velkomne. Ved planlegging av messene gjennom eit heilt år, er det mange omsyn å ta t.d. fridagar og ferie i forhald til skule/ barnehage. Vi prøvar så langt vi kan å legge til rette og ta omsyn slik at våre planar ikkje skal kollidere/konkurrere med andre.

Elles så vil eg minne om at vi har bruk for fleir friviljuge i kyrkja, så har du tid til overs eller kan tenkje deg å vere med på noko, så er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med kyrkjekontoret.

Om du ønskjer oppussing eller noko vedrørande gravminne, så kjem skrifthuggern i august /september. Ta kontakt med kyrkjetenarane eller kyrkjekontoret.

Kyrkjeval 11. september 2023

Nominasjonsnemnda for kyrkjevalet 2023 er ferdige med arbeidet sitt og listene vart overlevert til Skjåk kyrkjelege fellesråd 31.03.kl.12. Det er dei som utgjer valstyret for Kyrkjevalet 2023 i Skjåk. Håpar at flest mogleg nyttar stemmeretten sin. Her i Skjåk vil Kyrkjevalet gå føre seg på kommunehuset i lokala Markurda.

Er du ein av dei 3,5 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.

Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg!

Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved kyrkjevalet 11. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til kommunestyre og fylkesting i eit vallokale like ved, kan du også

stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Nytt av året er at du kan førehandsstemme digitalt. Det gjer du på kyrkjevalet.no frå 10. august til og med 6. september. Du kan førehandsstemme fysisk på kyrkjekontoret 31. august kl.15-20 eller i Nordberg kyrkjestugu laurdag 26. august kl.17-18

To val

Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til Skjåk kyrkjelege fellesråd og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

I Skjåk sokn og Nordberg sokn har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til Skjåk kyrkjelege fellesråd og leie kyrkjelydane i Skjåk og Nordberg dei fire neste åra. I fellesrådet stemmer du på enkeltpersonar. Du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.

I val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet er du med på å bestemme kven som utgjer bispedømmerådet. Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Når du stemmer i bispedømerådsvalet er du dermed også med på å avgjere kven som utgjer Kyrkjemøtet. I dette valet stemmer du på ei liste. Listene legg vekt på ulike saker dei vil arbeide for i kyrkja.

I Hamar bispedøme stiller:

• Nominasjonskomiteens liste

• Bønnelista

• Åpen folkekirke lister.

I begge vala er det høve til å gjere endringar på listene, til dømes å gje personstemme til enkelte kandidatar. Kva for endringar det gjeld, og korleis endringane påverkar valresultatet, kan

du lese meir om på kyrkjevalet.no.

Les meir om kandidatane på www.kyrkjevalet.no

Visste du at…

• Ca. 3 millionar nordmenn har rett til å stemme ved kyrkjevalet 10.-11. september.

• Du må vera døypt for å vera medlem i Den norske kyrkja.

• Ungdom har stemmerett i kyrkjevalet frå året dei fyller 15.

• Eit sokneråd har 4-10 medlemer, i tillegg til soknepresten. Medlemene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er også aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet.

• Til saman skal om lag 7000 rådsmedlemer bli stemde inn i kyrkjevalet 2023.

Kandidatliste Nordberg sokn:

1. Magnhild Teigum

2. Nils Arne Flaten

3. Monica Tuva

4. Sigurd Mølmen

5. Siv Jorunn Welve

6. Jarnfrid Rustad

7. Margot Elin Teigen

8. Lene Dokken

9. Anne Randi Klepp

10. Ann Eli Synstnes

Kandidatliste Skjåk sokn:

1. Aud Jotun

2. Terje Kveen

3. Laila Bårdseng

4. Ronny Eiesar

5. Runa Aurmo

6. Eilev Aurstad

7. Ragnhild Taraldsrud

8. Frida Risheim Hjeltar

9. Kari Gjelbakken

Godt val!

God sommar til dykk alle lesarar av kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg

Arnborg Teigum Kyrkjeverje

5
SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS SkjåkBYGG & VEDLIKEHOLD AS Tlf: 97 03 05 96 Tlf 61 21 21 90 Tlf 61 21 37 00 • post@melbytransport.no www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 • avd. Vågå 61 23 70 72

mygg?

2. Kan du eit dialektord for (stor) mygg?

3. Markurde er eit skred - og grovafar i fjellsida i Tverrfjellet, kjent for dei fleste. Moldule er eit liknande skredfar. Kvar ligg det?

4. Kva dagtemperatur må ein opp i, i Norge, for at det skal registrerast som ein sommardag i meteorologisk forstand?

5. Snøsøte er ein liten blome som lyser blått mot oss i fjellet. Men den kan vera vanskeleg å få auge på når den er lukka. Kva skal til for at denne blomen skal opne seg?

6. Flåklypa sendeplatelag har bane ved Moar i Skjåk. Kva brukar dei bana til?

7. Kven var Olav Engelbrektsson?

8. Skjåk Almenning jubilerer i år, når vart allmenninga stifta?

9. Er det fleire enn 15 felltoppar på over 2000 m.o.h. i Skjåk?

10. Kven har skreve teksta til songen “Summertime”, der livet er lett og fisken sprett?

Konfirmantjubileum 2023

Årets konfirmantjubileum for dei som var konfirmerte i 1973, 1963, 1953 og 1943 blir arrangert laurdag 26. august. Komiteen er godt i gang med arbeidet, og invitasjonar er sendt i posten.

Jubileumet startar med messe i Nordberg kyrkje kl. 16.00 med påfylgjande fotografering før sosialt samkome på Skjåk turistheim seinare på kvelden.

Konfirmantar i Nordberg kyrkje

sundag 3. september kl. 11.00

Jonas Knutsødegård Stenersen

Martine Heggebotten

Amalie Fallingen Stadeløkken

Halvor Biløygard Johansen

Kristian Rustad

Anna Sigrun Randen

Ronja Morken Gartland

Matilde Tuva Haagaa

Konfirmantar i Skjåk kyrkje

sundag 10. september kl. 11.00

Ella Soglo

Lars Vange

Sina Aurmo

Tommy Andersbakken

Gea Aurora Øiberg

Jon Sigurd Forberg

Tor Kjetil Bakken Voldhaug

var siste katolske -erkebis kopen i Norge. Utemd for 500 år sidan i år. Han kjempa for eit katolsk Norge med sjøvstyre, tapte kampen

7.

6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Svar sommarkviss
1. Som egg, unge larvar eller neste ferdigutvikla larvar. 2. Mehainkje. Og i fylje A. Dagsgard er ein mehainjekluvar ein augestingar, så da veit vi det også... 3. Møyldurda ligg i dalsida i “baksida” av Lundadalen. 4. Ein nordisk sommardag er + 20° C. 5. Det må vera sol og over 10° C. 6. Dei spelar diskgolf, ein type golf med frisbee (sendeplate) og korger. Engelbrektsson og måtte flykte frå landet i 1537. 8. 1798. 9. Ja, 18. 10. George Gershwin.

Til sin eigen dåp, stilte Ronja Morken

Gartland i «dåpskjole» som ho sjølv har designa og sydd.

15-åringen vart døypt på Billingen 6. mai. Ho fekk mykje skryt av den flotte festdrakta, eller fantasidrakta, som Ronja gjerne omtalar drakta som.

– Bestemor trudde til å begynne med ikkje heilt på at eg hadde sydd drakta, smiler Ronja og legg til: - Eg fekk gode råd og litt hjelp av mamma.

Ho syr ein del, blant annan bunader. Ronja sydde drakta i april, altså rett før dåpen sin. Kor mange timar ho brukte på drakta, har ho ikkje tal på. Men ho innrømmer at det var mykje arbeid. Attåt skule, lekser og fritidsaktivitetar vart det ein travel april.

Ho er Disney- og Frostinspirert. For råd og tips skaffa ho seg sy-boka som Jenny Skavland står bak. Stoffet valde Ronja ut sjølv.

Nå går det i konfirmasjonsførebuing. Ronja skal konfirmerast 3. september. Men ho skal ikkje bruke drakta ho sydde seg. Da skal ho få låne bunaden som bestemor hennar konfirmerte seg i. Når ho blir beden om å velje sin salme, blir det «Deg være ære».

AV ELIAS SPERSTAD

Deg være ære

Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt. Lyset fyller haven, se en engel kom, åpnet den stengte graven, Jesu grav er tom!

Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.

Se, Herren lever! Salig morgenstund! Mørkets makter bever. Trygg er troens grunn. Jubelropet runger: Frelseren er her! Pris ham, alle tunger, Kristus Herre er!

Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.

Frykt ikke mere! Evig er han med. Troens øye ser det: Han gir liv og fred. Kristi navn er ære, seier er hans vei, evig skal han regjere, aldri frykter jeg.

Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.

7
2690 Skjåk tlf 61 21 38 90 www.skjak-trelast.no POLLFOSS HOTELL I RESTAURANT En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
salme
Mi Ronja Morken Gartland Skal du feire en stor dag?
Annonser_kyrkjebladet.indd 30 19.09.2022 10:53
HØYFJELLSHOTELL På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper. +47 612 17 474 post@grotli.no
8
1 2 3 4
Barmedåp
1. Silvana Antonella Melendez-Andersbakken vart døypt i Nordberg kyrkje 30. april. Foreldre er Indira Isabel Melendez Berrio og Tor Andersbakken. 2. Iren Langleite Brenna vart døypt i Skjåk kyrkje 23. april. Foreldre er Karina Langleite og Jens Brenna, storesyster Siri. 3. Thale Plassen vart døypt i Nordberg kyrkje 9. april 2023. Foreldre er Kathrine Brandsar og Lars Øystein Grov Plassen. Storesyster Martine. 4. Sverre Moen Storlien vart døypt i Skjåk kyrkje 28. mai 2023. Foreldre: Lena Storlien og Fredrik Moen. Prest: Kåre Gloslie. Foto: Elias Sperstad
9
5 6 7 8 9
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5. Dåp av Ola Dagsgard 4.juni Skjåk kyrkje. Foreldre er Malene Dagsgard og Eilev Aurstad. 6. Ronja Morken Gartland vart døypt på Billingen 6. mai 2023, her saman med sokneprest Kåre Gloslie. Foto: Privat 7. Vilde Gjelbakken Sæterdal Dijkstra vart døypt i Skjåk kyrkje 28. mai 2023. Foreldre: Venke Gjelbakken Sæterdal og Sander Dijkstra. Prest: Kåre Gloslie. Foto: Elias Sperstad 8. Lars Tengesdal vart døypt i Skjåk kyrkje 28. mai 2023. Her saman med foreldre Martin Tengesdal og Berit Elvestad, og prest Kåre Gloslie. Foto: Elias Sperstad 9. Eline Aaboen vart døypt i Skjåk kyrkje 2. april. Foreldre er Silje Kongsrud og Andrè Aaboen.

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Messeplan juni - oktober 2023

Sundag 25. juni kl. 10.00 Lomskyrkja. Felles folkemusikkmesse.

Sundag 9. juli kl. 13.00 Nordberg kyrkje. Regnbogemesse med barnedåp

Laurdag 29. juli kl. 18.00 Lom kyrkje felles olsokmesse

Sundag 6. august kl. 12.00 Utemesse ved Aursjobrakka

Sundag 13. august kl. 11.00 Skjåk kyrkje.

Sundag 20. august kl. 12.00 Felles utemesse ved Dalsvatnet

Laurdag 26. august

kl. 14.00 Nordberg kyrkje. Dåpsmesse.

Laurdag 26. august

kl. 16.00 Nordberg kyrkje. Samtalemesse og konfirmantjubileum

Sundag 3. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmasjonsmesse

Sundag 10. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse

Sundag 24. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Hausttakkemesse. Utdeling av 6årsbok

Sundag 1. oktober kl. 11.00 Skjåk kyrkje

Andakter på Skjåkheimen:

Torsdag 29. juni kl. 11.30

Torsdag 31. august kl. 11.30

Torsdag 28. september kl. 11.30

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR

Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Skjåk kyrkjelege liv www.skjaak.kyrkja.no

Blomefonda i Nordberg og Skjåk

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no

Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547

Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling.

Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.

Nordberg og Skjåk Sokn

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset

Moavegen 30, 2690 Skjåk

Kontoradresse: Skjåk Energi

Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00

Mobil: 909 56 437

Sokneprest

Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Kyrkjelydsekretær

Kari Ørjasæter tlf: 909 56 437 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Kyrkjeverje

Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Kyrkjetenar Nordberg

Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no

Kyrkjetenar Skjåk

Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no

Kyrkjetenar har kontortid etter avtale.

Organist Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com

Trusopplærar

Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no

Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no

Kyrkjebladsutval:

Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@gmail.com

Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no

Aud Jotun, tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no

Abonnere på kyrkjebladet

Innanbygds: Friviljug kontingent

Utanbygds: Kr. 200,- pr. år

Kontonr: 2085.07.45170

Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»

Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret.

10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Påskesamling i Presthaugen

I forkant av påska hadde konfirmantane i Lom og Skjåk ei felles samling i Lom. Dette var eit nytt opplegg av året og eit ledd i arbeidet med å samkøyre delar av konfirmanttida for begge bygdene der vi mellom anna har felles leiropplegg. Samlinga starta i Presthaugen der vi hadde påskemåltid ved grillplassen til det nye eldhuset. Her stilte Stine Forberg opp og hjalp til med å servere heilgrilla lammelår i pitabrød. Dette minna oss om det siste måltidet Jesus hadde med disiplane før han vart angjeve av Judas der dei også åt lam og brød.

Dessert vart det og – her tok vi opp ein gamal norsk påskeskikk og serverte varme appelsiner med sukkerbit i, dette er vi meir usikre på om sto på menyen til disiplane. Deretter var det filmvisning av Jesus Christ Superstar i kultursalen i Utgard før vi avslutta dagen med undervisning i kyrkjestugu ved Hans og Kåre. Sjølve filmen var nok ikkje ein fulltreffar blant konfirmantane men ellers var det ei triveleg samling og ei fin opplading til påska. Tusen takk for hjelpa til dei friviljuge, særleg til Stine som kokka.

Bygd og ætt

Frå vogge til grav

NORDBERG SOKN

Døde:

Brit Hagen

f. 16.05.1956 – d.12.04.2023

Vigde:

17.06.2023

Laila-Johanne Vangberg Gangdal og Ronald Lint

Døypte: 09.04.2023

Thale Plassen

30.04.2023

Silvana Antonella MelendezAndersbakken

06.05.2023

Ronja Morken Gartland

Mysterier i Nordberg

Trusopplæringa har hatt tårnagentsamling i Nordbergkyrkja. Dette er eit opplegg vi har køyrt for åtte-åringane i fleire år som brukar vera populært. Dei frammøtte var agentar for ein dag der dei skulle på oppdagingsferd i kyrkja – til og med oppe i tårnet. Undervegs fann dei ulike postar som til slutt førde dei fram til ei komplett kode. Ved å stokke denne koda riktig fekk vi namnet på eit jentebarn som skulle døypast. Dette vart gjort i familiemessa på slutten av samlinga. Dåpsbarnet var ei dokke og agentane var med som dåpsfølge. Nytt av året var at vi har fått ny dåpskjole til dokka vår. Denne fine gåva er gjeve frå Anne Bjørg Morken Gartland som har sydd den sjølv. Eit riktig høgtidsplagg gjorde dåpsopplegget vårt enno meir stemningsfullt og er noko vi er svært takksame for.

SKRIFTHUGGEREN AS

v/ Jørn Westby Inskripsjonar og oppussing av gravminne Tlf. 413 21 75 • post@skrifthuggern.no

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk

Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider anne@gravferdlomogskjaak.no

Skjåk Gartneri AS

Tlf. 901 69 255

Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri

SKJÅK SOKN

Døde:

Anne Lise Berger

f. 24.06.1966 – d. 03.05.2023

Døypte: 02.04.2023

Eline Aaboen

23.04.2023

Iren Langleite Brenna

28.05.2023

Lars Tengesdal

Sverre Moen Storlien

Vilde Gjelbakken Sæterdal Dijkstra

04.06.2023

Ola Dagsgard

Nergård Steinindustri A/S

Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane

Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

11
23 671 AKANTUS B L O M S T E R S k j å k K j ø p e s e n t e r • T l f 6 1 2 1 4 0 5 5
• tlf 957

Konfirmantgjestebod

Konfirmantgjestebodet

2023 gjekk føre seg i Skjåk kyrkje 14. juni

Kyrkja i Skjåk har gjennom konfirmanttida samlingar med ymse tema. Det har vorte ein tradisjon at siste samling før sommarferie har tema gjestebod.

Vi pyntar oss og har seremoni der konfirmantane har fått tildelt ymse roller som brurpar, forlovarar, foreldre til brurparet o.s.v.

Endre Skjåk starta med å lese Bodsmannsbøna frå kyrkjetrappa for heile festlyden, så vart det seremoni i kyrkja, der brurparet lovar kvarandre venskap og dei får venskapsband.

Etter seremonien i kyrkja gjekk konfirmantane over til kyrkjestugu, i år så spelte konfirmant Tommy Anderbakken torader framfor brurfylgjet som tradisjonen er med spelemann fyrst.

I kyrkjestugu vart det servert rumgraut i ambar og avletter, spekematspyd og hardbrød. Avslutta med kaffe og marsipankake. Det vert og orientert om eldre skikkar i høve gjestebod

Det som foregår i kyrkja er ope for alle, men kalaset er for konfirmantane og dei som bidreg på samlinga.

Bismo Bilverksted AS

Garcia Holding AS

Industrivegen

Tlf: 906 88 113

Skjåk

12
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
Tlf 61 28 45 45
bism elektr
YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
TuristheimSkeid Kro epost: sissel@skeidkro.no
82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no
2690 Skjåk
61 21 44 00 / 922 13 597 Bygger´n Skjåk, 2690 Skjåk • Tlf 61 21 38 80 2690
www.interfil.no
Tlf:
Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.