FROM SCRATCH:
STARTA BAND UTAN Å KUNNE SPELE I LØPET AV FEM ÅR HAR MEDLEMMANE I OSLOBANDET FROM SCRATCH GÅTT FRÅ IKKJE Å KUNNE SPELE EIT INSTRUMENT TIL Å HALDE KONSERT PÅ ØYAFESTIVALEN. ALT STARTA MED EIN BROSJYRE.
TEKST: OLE I.B. STORØ FOTO: HELEN RØSTUM
Ideen om å lage eit band kom nokså tilfeldig for fem år sidan då Susanna, Alma og Hedda gjekk på vidaregåande skule saman. – Susanna og Alma såg ein brosjyre for noko musikkgreier på ein kafé og fekk ein idé om å starte band. Etter kvart blei Hedda med, og i 2017 fann vi Ada via Instagram. Ingen av oss kunne spele eit instrument. Vi starta rett og slett «from scratch», og slik blei også bandnamnet til, seier musikarane til Faktafyk. VERDIEN AV AKKS Det gjekk ikkje lang tid frå ideen om eit band var sådd, til kvartetten var i gong med å lage songar.
22
– Vi skreiv eigne låtar før vi kunne spele ordentleg. Vi la på instrument, fann på ting undervegs og jobba oss oppover derifrå.
– I starten øvde vi mykje saman og hjelpte kvarandre. Men vi har jo skjønt at det er lurt å øve ein del kvar for oss også, fortel dei. For band i startgropa er det viktig at ein har tilgang til utstyr og ein stad å øve. From Scratch er tydeleg på kva for betyding AKKS – ein frivillig musikkorganisasjon som jobbar for at det skal vere kjønnsbalanse og likestilling i norsk musikkliv – hadde for dei. – AKKS var viktige for oss. Dei har
faktafyk.no