Kjartan Hatløy - Vere og døy – døy og vere. Dødslære

Page 1

kjartan hatløy vere og døy døy og vere diktdødslære|forlaget oktober

forlaget oktober 2022

Kjartan Hatløy Vere og døy døy og vere Dødslære

For openbert har de i lang tid vore kjende med kva de eigentleg meiner når de nyttar uttrykket «verande»; vi, derimot, meinte å forstå det ein gong, men no er vi komne i stor tvil.

platon: Sofisten, 244 a

7 |

Det vesle ordet «vere». Nytta nokre tusen år. Kva det tyder, kva ein meiner med det. Det vesle ordet «er».

Det er: å kome ut i ei uro over å vere til.

8 |

Vere, det let seg ikkje leie ut frå høgare omgrep og let seg ikkje framstille or nedre omgrep.

9 |

Kva er eit spørsmål? Kvart spørsmål er ei søking. Kvar søking har i førekant si leiing or det søkte. All spørjing har sitt spurde som ein intenderer å spørje fram.

Nøyaktig veit eg ikkje men trur vere kanskje er noko med blodet gjennom årane. Mogleg det kjem nærare dersom eg finn den mest ekstreme av soler og spør den.

10 |

Vere-omgrepet lyser opp hand og munn lyser opp kjærleik.

Or omgrepets lys kjem verda fram. Gjestar ho ordet.

11 |

12 |

Dei verande kjem frå brådjup som språket balar med å utvikle nær ei gruppe utvalde soler.

Dei er berre slike som let tinga få skine fram. Slikt er før hus og fiskar, føre kjærleiken.

Ikkje tjelden eller lerka. Ikkje fjorden.

13 |

Oss sjølve kan vi nemne: der-vere. Først av alle er det der-vere vi spør om vere om kva det er.

I eigenskap av der-vere er eg mitt bortgangne òg.

14 |

Eg er noko som, litt grovt sagt, hender ut ifrå mi framtid.

tenkjer dette, kjem ein gud farande og vil slå meg ut av eksistens.

Vere Straksalt!eg

15 |

16 |

Alltid allereie, vere hjå verda.

Snart er eg ein som har vore. Men enno er eg. I mine indre strøk og land, der lever eg tinga på min måte. Eg lærte meg elske dei. Såpass at eg finn meg i smerta noko vondt fremjar. Eg har det best når eg vandrar.

Når eg går attmed himmelkroppane spaserer, enten det er dag eller natt.

Enno ei tid får eg til dette; enno kjem lagnaden farande og byd på lunsj. kjartan hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar, sist Menneskedagar i 2018. Kjøkkendikt (2012) blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2015 blei Kjartan Hatløy heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap, og i 2021 fekk han

Omslag:Doblougprisen.EgilHaraldsen & Ellen Lindeberg | exil design 9 7 8 8 2 4 9 5 2 5 6 4 5

Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.