SOLPLOMME
forlaget oktober 2024
Solplomme dikt
prolog dekka slikkar asfalten
mjølen smak, mosen veks
oppover røtene og stammane
småfugl kryp
inn i kaprifolen, biene
syng, no
stig handa på himmelen
kvit og varm
held oss
oppreiste, ansvarlege over pannebrasken
strekker fingrane mot oss som spyd spirer
sjøen svulmar svulmar svulmar
bryt aldri
dagen svulmar svulmar svulmar
utover skjermen, inn i kvelden
plommetrea blomstrar av lagar frukter i kveldssola
trekker du ned rullegardinene då
får du ikkje kvile
går du deg sjølv etter
i saumane i lyset av natta
sundet er i vater men ikkje fjordarmane
ikkje utkantane
svulmar svulmar svulmar i detaljane er djevelens stråleglans
første dikt
om vinteren raskar skred
med seg fonner
med seg stammar
med seg tappar
med seg steinar
med seg tindar
med seg dalar
med seg dronar
alt skal falle alt skal falle alt skal falle
alt skal falle ned i handa
alt skal spire opp av mold er du
regnet renn gjennom lufta gjennom våren høljar i bakken, riv med seg
snø og tele og plast frost og grus og bekkar
reinskar marka for vinter bløyter marka og skrubbar
daude hudceller, gamle ryggar
spirer gjer våren spirer spirer!
stikk opp! sprett!
står i vinden, snøen den spirande våren ventar
stiv og stødig medan vinteren mjuknar og fell vekk
våren står hardnakka spirer, spirer
brettar seg ut og bognar gjer våren
vender om på småstein og daude putrar og knurrar og skyt med glitrande piler
tre og hjort og tue
rører ved oss, rikkar på steinane våre skuldrene panna skyv oss gjennom
jordsmonnet skyv oss vidare kom deg opp kom deg ut av deg sjølv av sol er du handspålegging
epleblom maiblom myggblom jonsokblom ballblom smørblom kirsebærblom fjellstjerneblom bekkstjerneblom nøkleblom
opnar opp hender dører kronblad og stig på himmelen
rørsle rørsle rørsle skrik våren sildrar slafsar syng
solstrålane tostemt i bakken
blømer buldrar glitter glitter glitter
tiande dikt
ei rift i landskapet
alt spring ut, fargar og mørker og den blaute jorda, steinane
vi er redde for endring
men naturen fornyar seg kvar vår den blaute jorda blomane sevja kraft til å vende til å gjere om spørsmål kva er fornying og kva er varig endring kva er varig vern
vi er redde med auga og
med hendene endrar vi grev ut planerer høgg brei veg for maskiner
vårblomane spirer kvar vår vender marka frå snøkvit til klokkeklar nummen til skakande ringlande teppe snøklokker
spørsmål har du kraft til å vende gjere om endre meining
spørsmål
når tippar det frå anten til eller
å gro att å bevare å trakke ned å brenne ned til grunnen spire